Gå til innhold
Arkivverket

Jans Olson og Else Sophie Hansdotter Brox - vigde i Gamvik 1859 - fødselsdatoen hennar og dødsfalli deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har ei tid vore på leiting etter fleire opplysningar om denne karen frå Hafslo i Sogn som i 1859 gifte seg i Gamvik med ei jente derifrå og som hadde fleire born der oppe. Kanskje finst det einkvan med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med ein eller fleire av dei detaljane som framleis manglar?

 

Særleg er det merkeleg eg ikkje kan finna fødsli til kona Else Sophie!?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Olsen {Kroken}, f. i Hafslo 19.7.1830, flytte i ung alder til Finnmark og gifte seg i Gamvik, Tana 13.8.1859 med Else Sophie Hansdotter Brox frå Gamvik. Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Hans Petter Broxson i Gamvik, kjend som Hans Petter Brox, opphavleg frå Gammelheim i Tranøy, og kona Gurine Evensdotter frå Gamvik og f. i Gamvik, Lebesby

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hennar? – 1838/1839? – FT1910 oppgjev 6.5.1837!)

 

Jens var sjølveigar og fiskar, og han og Else budde i Gamvik, Tana, men flytte i 1890-åri inn hjå dotteri Josefine på Olpersanæs i Gamvik, Tana der

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910 – e. 1919?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910 – e. 1919?)

 

Dei fekk åtte born i lag:

 

a. Anne Elisabeth Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 15.8.1861, d. i Gamvik 25.10.1862.

 

b. Hans Petter Brox Jensson Olsen, f. i Gamvik 1.10.1863, d. i Gamvik 16.6.1866.

 

c. Josefine Juliane Lovise Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 5.1.1866, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd i Gamvik!)

 

1.11.1933. Josefine gifte seg i Gamvik 14.8.1887 med Johan Ødegaard Hansson Svendsen frå Rørvik i Bodø, f. i Bodø 5.3.1855. Han d. som fiskar i Gamvik 28.11.1918. Johan var fiskar og seglmakar, og han og Josefine busette seg på Olpersanæs i Gamvik. Dei fekk fem born i lag.

 

d. Jens Martin Olai Jensson Olsen, f. i Gamvik 10.4.1869, d. i Gamvik 24.1.1870.

 

e. Jensine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 24.1.1871, d. i Gamvik 29.1.1871.

 

f. Gerhard Martin Hilbert Jensson Olsen, f. i Gamvik 12.10.1872, d. i Gamvik 27.7.1875.

 

g. Anne Sophie Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 30.3.1875, d. i Gamvik 24.7.1875.

 

h. Oline Kristine Jensdotter Olsen, f. i Gamvik 2.9.1876, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd i Gamvik!)

 

6.2.1953. Oline gifte seg i Gamvik 7.9.1899 med Hartvig Olai Hansson Nilsen frå Gamvik, f. i Gamvik 1.8.1871. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd i Gamvik!)

 

20.3.1944. Hartvig var fiskar, og han og Oline budde i Gamvik. Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjempeflotte innlegg. Eg bladde etter Else, men so langt som til 1841 gjekk eg ikkje...

 

Då er den delen av problemet løyst. Men dødsfalli er det vel ikkje so lett å finna utan kontakt med Statsarkivet i Tromsø...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.