Gå til innhold
Arkivverket

Mali Mortensdotter, fødd kring 1779 - innflytt til Hafslo i Sogn kring 1790 - kvar kom ho ifrå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til John Tore, Leiv, Inger, Randi og Inger Elise for nye spennande innlegg. Eg følgjer svært so spent med på kva de med lokal kunnskap finn ut om desse folki. Eg har nok god tru på at det er den Mali Mortensdotter som John Tore fann døypt i Meldal i 1778, som er "vår" Mali, sjølv om eg nok gjerne skulle sett at mori heitte Kari...

 

Til Leiv og siste innlegg kan eg berre seia at alt me veit om Mali Mortensdotter er medkome ovanfor. Alderen hennar er godt definert gjennom aldrane ved konfirmasjonen i 1795 (16 år) og i FT1801 (23 år). Mali dukker heilt brått opp i Hafslo i 1790-åri. Ho er ikkje fødd i indre Sogn. Namnet Mali finst ikkje her. Me har rett nok Malena og Magdeli, men IKKJE Mali. Ogso Morten er svært uvanleg på desse kantar, men det finst nokre få av dei... Når me so veit at sokneprest Lind kom hit frå Meldal i 1786, og når me dessutan veit at namni Mali og Morten er mykje nytta på den kanten der presten kom ifrå, ligg det snublande nær å tru det var der ogso Mali hadde opphavet sitt ifrå. Me lyt òg nemna at Mali ser ut til å ha tent presteenkja på garden Kjos i Hafslo, og då ho vart gift, so fekk dei plass under same garden!

 

Me har eit liknande tilfelle frå Luster der kaperllan Jens Christopherson Munthe, då han i 1775 vart sokneprest til Suldal i Ryfylke, og i 1777 flytte vidare som sokneprest til Hjelmeland i Ryfylke, so hadde han og prestefrua med seg ein liten blind (eller i alle fall svaksynt) fattiggut som voks opp i prestegarden og sidan vart husmann i nabolaget!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.