Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Karen Christine Overboe Shaw - fødd Noreg 1865 - gift Helena, MT 1888 - forsvinn - utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få syna dykk alle ein skikkeleg "nøtt" som eg har plundra med i mange år for å løysa. Problemet vart freista løyst av skifteretten i Vernon Co., WI i 1925, men dei greidde det ikkje!

 

Karen Kirstine, kjend som Kirstina Einersdotter Øvrebø eller "CHRISTINE OVERBOE", fødd i Hafslo 2.6.1865, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1876 og voks dels opp i Vernon Co., WI, men flytte tidleg til Montana for å arbeida.

 

Ho gifte seg i HELENA, MONTANA 6.3.1888 med Charles J. Shaw, som den gongen arbeidde som bartender, fødd i Ottawa, ON (Canada) kring 1855. Vitner ved vigsli var George N. Southworth og Etna Stanley.

 

Foreldri til brudgommen heitte Daniel Shaw og Catherine Toole.

 

Det som kjem fram hjå skifteretten i Vernon Co., WI i 1925, då faren Einer Overboe døydde, var at Karen Christine og Charles Shaw fekk to born, Margaret og Donald, men det hadde ikkje vore kontakt med dei sidan mori døydde, rimelegvis før 1900(?). Skyldfolk har sagt at huslyden skal ha butt i WALLACE, IDAHO, men eg finn ikkje spor etter dei nokon stad korkje i Montana eller i Idaho!

 

Folketeljingi for Yale & Hope, Yale, British Columbia frå 1881 syner ein ugift "railroad fireman" med namn Charles James Shaw, 25 år gamal, fødd i Ontario. Dette KAN vera "vår" mann!?

 

Elles er eg fortald vorten at FT1901 for Manitoba inneheld ein:

 

* Donald SHAW, fødd i North West Territory 9.3.1891, men om dette er sonen, veit eg ikkje....

 

Det ville vera fantastisk om nokon greier løysa dette problemet, både med opphavet til Charles J. Shaw og med lagnaden til Charles, Karen Christine og dei to borni deira.

 

Eg takkar på det hjartelegaste på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få henta dette temaet fram frå førre veke. Dette problemet er ei skikkeleg utfordring, men kanskje er det slik at me rett og slett lyt gje opp å finna svaret på spørsmålet om lagnaden til denne huslyden...!

 

Eg lever framleis i voni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette kan jo være et skikkelig blindspor, men legger det inn:

 

Name: Charles J Shaw

Gender: Male

Age: 19

Calculated Birth Year: 1852

Country or Province of Birth: Ireland

Ethnic Origin: Irish

Religion: C Of England

Census Place: 02, Ottawa Ward e, Ottawa 77, Ontario

Page Number: 40

Line Number: 3

House Number: 135

Family Number: 140

Film Number: 4396354

Library and Archives Canada Film Number: C-10014

Digital Folder Number: 4396354

Image Number: 00652

Collection: Canada Census, 1871

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Rett nok stemmer ikkje fødestaden til denne Charles J. Shaw, men alderen er jo ikkje so langt unna. Kjem det fram kven som var foreldri hans?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×