Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

SF Leikanger - Turi / Tora Rosenlund

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Brite Lassedtr Rosenlund i Leikanger fekk ei dotter Turi Pedersdtr i september 1852 - folketalt saman med mora på Rosenlund i 1865, konfirmert med bra karakterar i 1868 Meldt utflytta til Bergen i 1876 men det er vel litt på etterskot sidan ho er tald der allereie i 1875.

 

Seinare finn eg henne ikkje. Eg har etterlyst henne før, og leitar etter henne i stadig nye kjelder, men det kan vere lett å oversjå noko. Har ho t.d. emigrert? Eg tek med takk i mot hjelp i leitinga! Ho er syskenbarnet til bestefar min, og representerer dermed ei forholdsvis nær slektsgrein.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Har prøvd både FT 1885 og FT 1891 + begravde, gifte og som mor til døypte ongar (i Bergen)pluss Spedalske og Fengsel. Dog utan resultat.

 

No er det på tide å koma i seng. Eg vil prøva igjenn i morgon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for innsatsen - fengselet hadde eg ikkje tenkt på, men det er nettopp derfor eg spør; ting kan sjåast på med nye auge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Aase !

 

Pga uvane/vane så salar eg hesten ein dag, men å ri same dagen, tja ...

Denne gangen vart det dagen etter. Altso 1 dag etter at eg lova å koma med svar !

____________

Du er sjølvsagt ops på ho kan væra ein mann, ein feil i registreringa:

I FT 1885 i Bergen finn eg nr 27.622: Nye Sandvigsvei 65 24 Rd. 2den Thora Lampe m 1859 Bergen Hustru

Mann og hustru !!

 

Men det er IKKJE denne jenta du er ute etter. Då ho giftar seg 12.10.1877 i SK (kvar no det er), har ho navnet Thora Haltberg og f. 2.2.1859. Kjelde: Gifte i Bergen 1816-1911, nr 30.985.

 

Eg har vore innom Family Serch m/ søk på fornavn: Turi, født: Norge født, når: 1852 + - 1 år. Fekk då fram 41 stk.

Tvilar på om nokon av desse 41 var den jenta du søkjer etter.

 

Dersom eg finn ho skal du få melding. Men finn du ho, så la oss her i "Brukarforum" få vita det og korleis du fann ho.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.