Jump to content
Nasjonalarkivet

Edvard Jondal frå Norge til Russland


Recommended Posts

For 100 år sidan eller tidlegare utvandra ein mann frå Norge til Russland. Der kalla han seg for Edvard Jondal. I byen Jaroslav fekk han i 1915 ei dotter som i dag har etterkommarar i Latvia. Dette var ei kaotisk tid i Russland med krig, revolusjon og fleire grenseflyttingar. I Jondal i Hardanger er det ein del som nyttar Jondal til etternamn, men eg har ikkje funne kandidater i perioden 1875-1915. Globalt søk i DA har heller ikkje ført fram.

 

Nokon som kan hjelpe?

Kva trur du om han her: E(d)vald Underhaug?

 

FT1900

 

Dåp 1886

 

Underhaug er ein gard like ved sjølve Jondal.

 

I 1910 er han politibetjent -- kanskje ikkje så lovande, likevel?

 

Takk for godt forslag!

 

FT 1900 er han oppgitt som "Edvald" medan i FT 1910 er han "Edvart". Slikt kan jo endre seg endå meir ved overgang til fjernare språk som russisk og latvisk. Eg ser at Underhaug ligg sentralt i Jondal, så det er kanskje ikkje urimeleg at han brukte det enkle namnet Jondal utanlands.

 

Han var i 1900 lettmatros (berre 14 år gammal), det gjer han kanskje til aktuell kandidat for lange reiser som Riga og St.Petersburg.

 

Men frå politibetjent i Fana i 1910 til Jaroslav langt inne i Russland 1915 er kanskje mindre truverdig?

Det er kanskje denne Edvard Underhaug f.7.3.1886 som dør som lensmann i Grimstad 17.6.1960. Kilde DIS Gravminner.

 

Mvh. Johan Arthur Hansen

 

Takk for god info! Det er nok den samme Edvard Underhaug i og med at fødselsdato og yrke stemmer. Då er det heller tvilsomt om han stifta familie i Russland.

Norges lensmenn 1933:

 

Edvard Underhaug, f. på Underhaug i Jondal, Strandebarm, 7-3-1886 av gårdbr. Kristoffer Odsen Underhaug og Agathe Johannesdtr.

 

Eksamen 1907 fra Norges Jegerkorps underofficersskole (Garden). Dels politibetjent 1908-14, lensmann i Landvik og Fjære fra desember 1914.

 

Gift i Oslo 17-9-1913 med Signe Riisland, f. i Åmli 28-1-1883 av gårdbr. Kittel Riisland og Thurid, f. Tviland.

  • 2 weeks later...

Hva med en av sønnen i denne familien http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=f01227&gardpostnr=196&personpostnr=1170&merk=1170#ovre

 

Det er også en annen familie på Uhren.

 

Nå roter jeg. Den andre familien het også Jondal.

Ja dette er ein god ide. Kanskje han skifta frå det norske "Endre" til det meir internasjonale "Edvard", i 1915 var han 20 år og gamal nok til å få barn. Faren var sjømann og i FT 1910 er også Endre jr. oppført som sjømann (berre 15 år gamal).

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.