Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Harald Jørgensen - sokneprest Årstad

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Harald August Jørgensen, fødd i Bergen 17.8.1849, var først gift med Marianne Fredriksdotter Falck, fødd i Hafslo 6.1.1853. Dei fekk ti born, men vart skilde ein gong mellom 1900 og 1910.

 

I 1900 var Harald framleis sokneprest til Namsos, men før 1910 hadde han vorte sokneprest til Årstad. Han gifte seg sidan att og døydde på Kronstad i Årstad 1.1.1923. Dødsmeldingi hans (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27863/203/) nemner ei enkje, og det er tale om både særeige og testament, men NAMNET hennar er ikkje nemnd nokon stad!

 

Er det mogeleg å få greie på:

 

* Kva tid vart Harald Jørgensen utnemnd til sokneprest til Årstad?

 

* Er det mogeleg å finna ut kva år han vart skild frå Marianne?

 

* Dato og stad for vigsli til Harald og andre kona hans (etter 1910)?

 

* Fullt namn til andre kona hans?

 

* Dato og stad for fødsli og dødsfallet hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

* Kva tid vart Harald Jørgensen utnemnd til sokneprest til Årstad? 1901. Se: http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=teolog3&sideid=139&storleik=

 

* Er det mogeleg å finna ut kva år han vart skild frå Marianne? Hun døde 6. februar 1917. Da han giftet seg igjen oppgav han å være enkemann, teknisk sett, og det er vist til skifteattest etter første kones død.

 

* Dato og stad for vigsli til Harald og andre kona hans (etter 1910)? Domkirken, Bergen 30. juli 1918. jfr.: Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. D 5 (1906-1921), Ekteviede 1918, side 147.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=272&idx_id=272&uid=ny&idx_side=-149

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050425020149.jpg

 

* Fullt namn til andre kona hans? Sylvia Danielle Michelsen

 

* Dato og stad for fødsli og dødsfallet hennar? Hun var født i Bergen 25. juni 1860, og døde på Seiersbjerget, Bergen 13. januar 1947.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for kjapt og nyttig svar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×