Gå til innhold
Arkivverket
Håvard Moe

(Offiser?) Daniel Engelhart

Recommended Posts

Håvard Moe

I denne debatten på det gamle forumet er det referert til at Hytteskrivar Andreas Engelhart på Løkkenverket hadde ein bror og ein son med namn Daniel. Spørsmålet er - kvar vart det av Daniel d.y.?

 

Frå debatten over: Daniel Andreasson Engelhart var son av Andreas Engelhart og Lisbet Steensdotter Henning, og må såleis vere født før 1683 når Lisbet vert gift på nytt med hytteskrivar Bastian With. Han er nemnt til stades ved skiftet etter halvbroren Andreas Bastiansson With 14. okt. 1720, og arver der m.a. Andreas sine våpen. Kan ha vore offiser?

 

I Ovenstad finn vi Daniel Engelhart nemnt kort: "Regt.adj. [regimentsadjutant] ved Halches dragoner N.fjelds i 1711" (Ovenstad: b.1, s.273). Namn og alder passer, så det kan vere same mann. I så fall er antakinga i diskusjonen over om at han kan ha vore offiser rett.

 

Er det nokon som kjenner til, eller som veit om kjelder der det kan vere nemnt denne Daniel Engelhart?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×