Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Karen Susanna Pedersdotter, fødd Hafslo 1862 - til Amerika frå Årstad før 1885?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Karen Susanna Pedersdotter Strømsnes eller Elvethun, fødd i Hafslo 18.5.1862, dotter av Peder Ellingson Strømsnes på Elvethun og kona Karen Susanna Ludvigsdotter (Nitter), flytte med foreldri sine i 1877 til Kronviken i Årstad sokn ved Bergen, og derifrå må so Karen Susanna, eller Susanna, som ho kalla seg til dagleg, ha utvandra til Amerika før 1885, for 30.12.1885 gifte ho seg i Logan, UT med Torgrim Olson frå Gran på Hadeland.

 

Eg har søkt etter denne utvandringi fleire gonger, men fånyttes. Horleis kom Susanna seg til Amerika og kva tid?

 

Om nokon greier løysa denne floken, ville det vore kjekt!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Karen ble i alle fall konfirmert i St. Jørgens hospital i 1877 - se nr. 22

 

Bergen fylke, St. Jørgens hospital, Ministerialbok nr. A 8 (1864-1886), Konfirmerte 1877, side 111.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8369&idx_id=8369&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-109

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301700494.jpg

 

Jeg kan ikke se at utflytterlistene i kirkebøkene for St. Jørgens hospital dekker det tidsrommet da Karen skal ha emigrert til Amerika. Og jeg finner ingen Karen Susanne/Karen/Susanne i emigrantlistene for Bergen. :huh:

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Kanskje "din" Karen som har vært hjemme på besøk?

 

Finner ei Karen Susanna Pedersdatter som drar til Amerika i 1891.Fødselsår oppgitt å være 1868(feil år oppgitt?)Fødestad Aarstad.

Det står at mannen er i Amerika.

 

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=29022&merk=29022#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Antagelig feil!Ser at alder er 23 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for interessante innlegg.

 

Eg trur nok det likevel er "vår" Karen Susanna Pedersdotter som var på vitjing frå Amerika i 1891. Mann hennar var bygningsarbeidar i Utah!

 

Men den første utvandringi hennar er altso framleis eit mysterium...

 

Kan ho vera reist via ein annan stad, t.d. Christiania?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for nytt innlegg!

 

Her er Karen Pettersdotter Æri i FT1865, husmannsdotter under Æri i Lærdal: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=005&bnr=0072&lnr=000

 

Og her er Karen Pedersdotter Hauge i FT1865, gardbrukardotter på Hauge i Hafslo: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=003&bnr=0042&lnr=000

 

Den siste er nok dobbeltført i passasjerlista...(?)

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne J. Engmo

Innlegg slettet og lagt inn der det skulle være :)

Endret av Anne J. Engmo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Hjarteleg takk til Anne-Lise for nytt innlegg!

 

Her er Karen Pettersdotter Æri i FT1865, husmannsdotter under Æri i Lærdal: http://www.rhd.uit.n...nr=0072&lnr=000

 

Og her er Karen Pedersdotter Hauge i FT1865, gardbrukardotter på Hauge i Hafslo: http://www.rhd.uit.n...nr=0042&lnr=000

 

Den siste er nok dobbeltført i passasjerlista...(?)

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Men korleis kan du vera sikker på at dette er ei dobbeltføring då, Lars? Dei to ulike "Karen Pedersdatter" er då oppført i registeret/ oversynet med heile fem -5- dagars mellom - og difor ein god del siders mellomrom i protokollen. Er det ikkje då like truleg at den eine av desse to er dén Karen Susanna Pedersdotter som du leitar etter, men som i dette høvet har fått FEIL gardsnamn/ etternamn?

 

Ein annan sak er at begge dei to Pedersdøtrene reiser saman med _andre folk_ frå Hafslo, og eg vil tru at du kjenner dei fleste. Då bør du vél òg kunne analysera deg fram til kva folk DI Karen Pedersdotter kjende (til dømes kven foreldra hennar kjende, skyldfolk m.m.), og såleis kva dato som mest sannsynleg er den rette her. Eller tek eg i miss her?

 

Ei anna sak er jo at gardsnamnnet Hauge er eit svært vanleg gards og bruksnamn på vestlandet, ikkje minst i Hordaland. Karen Susanna Pedersdotter og familien hennar budde i Årstad prestegjeld og kommune frå 1877 og utetter. Ikkje uventa finn vi ein 'haug' her òg: Haugen er eit bruk under garden Harbakka i Årstad (gnr. 29, bnr. 1 i matrikkelen av 1886). Dersom Karen Susanna hadde vore i teneste på ein Hauge-gard, så kan dét forklara det oppgjevne etternamnet Hauge ved utvandringa.

Endret av Terje Hatvik - Os i Hordaland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for spennande innlegg!

 

Ein kan sjølvsagt ikkje vera 100% sikker på at dette er ei dobbelføring, men kan ein tenkja seg at Karen først hadde tenkt å reisa 18.6., men at ho av ei eller anna årsak ikkje vart med båten den dagen (sjukdom?), og at ho difor fekk seg ein ny plass på beste båt? I båe tilfelle er det krinsen kring Karen Hauge som reiser i lag med ho til Amerika, ingen frå nabolaget til den Karen Susanna eg leiter etter...

 

Einaste viset å prova dette på, vil vel vera å finna dei originale passasjerlistene, men kvar er no dei...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.