Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Sophie Olson (1859-1940) - frå Flekkefjord til Amerika - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei vidareføring av tema #42074 frå det gamle brukarforum, eit problem som aldri vart løyst:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

[#42074] Sophie Bertha Olsdotter, f. 1859, frå Flekkefjord-området til Minnesota -opphav?

#1 Guest_Lars E. Øyane (Luster kommune)_*

 

Skrevet 12 September 2006 - 19:51 PM

Frå Amerika vert etterlyst ei Sophie Bertha (Bertha Sophie?) Olsdotter, oppgjevi fødd 24.3.1859. Ho døydde i Minneapolis, MN 20.6.1940. Ho var då enkje etter Henry Nitter Peterson frå Hafslo i Sogn (1859-1901). Sophie gifte seg i Austin, MN 12.11.1884 under namnet Sophie Olson, og dødsattesten syner namnet til faren som Ole Olson! Mori er ukjend.Det vert hevda av barnebarn at Sophie kom frå Flekkefjord, medan andre kjelder antyder Ly og Høyland. FT1900 oppgjev ikkje noko utvandringsår.Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera opphavet til denne jenta frå Sørvestlandet?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

 

#2 Guest_Rune Thorstensen_*

 

Skrevet 13 September 2006 - 01:42 AM

Trolig et skudd i blinde, noen dager feil på fødselsdagen, og et stykke unna Flekkefjord. Men et sted skal man kanskje begynne.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

 

#3 Guest_Lars E. Øyane (Luster kommune)_*

 

Skrevet 13 September 2006 - 02:25 AM

Hjarteleg takk til Rune for spennande innlegg. Det ser fristande ut med denne Berthe Abigael Sophie, men eg ser at mori Wibeche Hasselmann Olsen døydde som enkje i Bergen i 1878, og det harmonerer dårleg med at ho skulle vera frå Flekkefjord... Men eg finn ho heller ikkje gift i Bergen...Kan ho vera i utvandringslista for Bergen? Eg ser ei ''skipperborgers datter'' Sophie Olsen, 21 år, utvandra frå Bergen i 1878. Yrkestitelen passar jo svært so bra, men alderen var litt ''skeiv''...Eg vonar på fleire innlegg og forslag...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

 

#4 Guest_Reidun Søbstad_*

 

Skrevet 14 September 2006 - 00:09 AM

Her er en Berta S. Olsdatter på Lye i 1865-tellingen: Lenke. Hun er 6 år gammel og har i alle fall rett alder.Reidun S.

 

#5 Guest_Reidun Søbstad_*

 

Skrevet 14 September 2006 - 00:13 AM

Her er en Berta Olsdatter fra Høiland (nå Sandnes) Lenke. Og faren heter Ole Olsen.Reidun S.

 

#6 Guest_Lars E. Øyane (Luster kommune)_*

 

Skrevet 14 September 2006 - 00:23 AM

Hjarteleg takk til Reidun for nye bidrag til denne debatten.Når det gjeld den siste, Berta Olsdotter frå Høiland, so ser eg hjå FamilySearch at ho er fødd 2.8.1861 og at ho heiter berre Berta, so eg trur ikkje det er ho.DERIMOT er kandidaten frå Lye svært so spennande. Alderen er rett, og ho har mellomnamn på S.! Eg ser at kyrkjebøkene frå Lye frå den tidi enno ikkje er skanna, men kanskje einkvan har tilgjenge til originalen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

 

#7 Guest_Lars E. Øyane_*

 

Skrevet 08 February 2010 - 04:44 AM

Eg har i dag sjekka ut Bertha S. Olsdotter i Lye, og eg trur eg har funne den jenta som Reidun nemner i innlegg #4: Lenke.Diverre syner det seg at ho heiter Bertha Serine, so då er heller ikkje ho aktuell.Eg har ogso leitt gjennom kyrkjebøkene for Hidra og Nes i Vest-Agder (kring Flekkefjord) for perioden 1858-1860, men finn ingen Bertha Sophie. Eit skikkeleg ''mysterium''!!Eg tek gjerne imot nye tips om opphavet til denne jenta!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg veit i dag ikkje noko meir om opphavet til denne jenta enn kva som har vore fortalt før, men eg har i dag studert dei ulike folketeljingane for å sjå kva dei fortel om Sophie:

 

FT1885: Sophie Peterson, married, 25 years old

 

FT1895: Sophie Peterson, married, 36 years old

 

FT1900: Sophie Peterson, married 1st time, born March 1859, no emigration year

 

FT1910: Sophie Peterson, widow, 51 years old, emigrated 1880

 

FT1920: Sophie Peterson, widow, 58 years old, emigrated 1871

 

FT1930_ Sofie Peterson, widow, 71 years old, emigrated 1867

 

Om ein ser litt nærare på den første av desse, frå 1885 Lyle, Mower Co., MN, oppdagar ein noko spennande. Næraste nabo til Sophie og Henry Peterson er:

 

J eller S(?) OLSON, female, 59 Norway

Andrew Olson, male, 19 Norway

Ida Olson, female, 17 Norway

Hans Kittleson, male, 6 Norway

 

Ser ein so på 1880 Minneapolis, MN, finn ein denne huslyden:

 

John KITTLESON 24 Nor Nor Nor compositor

Christina KITTLESON 25 Nor Nor Nor wife

Helga KITTLESON 5 Nor Nor Nor dau

Hans KITTLESON 2 Nor Nor Nor son

Gustav KITTLESON 3mo MN Nor Nor son

Sophie OLSON 21 Nor Nor Nor COUSIN

 

Dette ser mistenkeleg likt ut, og eg TRUR me kanskje nærmer oss opphavet til Sophie Olson!? Er det mogeleg å identifisera denne "komponisten" John Kittleson, so kanskje...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fann eit ættetre på ancestry.com som syner at Johannes Andreas Kittleson og kona Christiane utvandra til Amerika frå Kragerø (http://trees.ancestry.com/tree/7621084/person/704156831), og FT1865 syner at Johannes Andreas hadde mor si frå FLEKKEFJORD: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0801&kenr=0520&bnr=0521&lnr=000

 

Og her er vigsli til foreldri i Kragerø, 7.5.1854: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1379&idx_id=1379&uid=ny&idx_side=-200. Mori Guriane Olsdotter er fødd i Flekkefjord 28.8.1828 som dotter av bøkker Ole Johannes Larsen. Og eg overrasker vel ikkje nokon om eg trur denne Ole Johannes Larsen òg må vera bestefar til Sophie Olson!?

 

Kanskje er då dette den nemnde bøkkeren i 1865 Flekkefjord; http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1004&kenr=000&bnr=0043&lnr=00

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fann eit ættetre på ancestry.com som syner at Johannes Andreas Kittleson og kona Christiane utvandra til Amerika frå Kragerø (http://trees.ancestry.com/tree/7621084/person/704156831), og FT1865 syner at Johannes Andreas hadde mor si frå FLEKKEFJORD: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0801&kenr=0520&bnr=0521&lnr=000

 

Og her er vigsli til foreldri i Kragerø, 7.5.1854: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1379&idx_id=1379&uid=ny&idx_side=-200. Mori Guriane Olsdotter er fødd i Flekkefjord 28.8.1828 som dotter av bøkker Ole Johannes Larsen. Og eg overrasker vel ikkje nokon om eg trur denne Ole Johannes Larsen òg må vera bestefar til Sophie Olson!?

 

Kanskje er då dette den nemnde bøkkeren i 1865 Flekkefjord; http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1004&kenr=000&bnr=0043&lnr=00

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

For ordens skyld, her er dåpen til Guriane i 1828:

 

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1828, side 21.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-25

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050656.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut som Ole Johannes og Sara hadde en ganske stor barneflokk, og det ser ut til at Guriane var eldst i flokken:

 

Lars, 1830

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1830, side 34.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-38

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050669.jpg

 

Ole Andreas, 1831

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1831, side 44.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-48

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050679.jpg

 

Johanne, 1834

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1834, side 69.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-77

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050708.jpg

 

Bergithe, 1835

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1836, side 84.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-93

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050724.jpg

 

Johan Severin, 1837 (kirkeåret 1838)

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1838, side 103.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-112

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050743.jpg

 

Bernt (Bærnt), 1840

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 3 (1826-1841), Fødte og døpte 1840, side 126.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=929&idx_id=929&uid=ny&idx_side=-136

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103050767.jpg

 

Birgitte, 1842

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 4 (1841-1849), Fødte og døpte 1842, side 8.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=930&idx_id=930&uid=ny&idx_side=-10

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103040010.jpg

 

Johannes, 1844

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 4 (1841-1849), Fødte og døpte 1844, side 21.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=930&idx_id=930&uid=ny&idx_side=-23

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103040023.jpg

 

Johannes Sophie, 1847

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 4 (1841-1849), Fødte og døpte 1847, side 37.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=930&idx_id=930&uid=ny&idx_side=-39

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103040039.jpg

 

Juliane Benedicte, 1851

Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 5 (1849-1875), Fødte og døpte 1852, side 17.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=931&idx_id=931&uid=ny&idx_side=-19

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103040254.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg! Jau, det var litt av ein barneflokk, og kven av dei som er far eller mor til Sophie, er eit godt spørsmål...

 

Eg har elles funne Johannes Andreas Kittelsen og utvandringi deira frå Kragerø frå 1879 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=50051&merk=50051#ovre). Eg tenkte kanskje at Sophie eller andre ættlingar reiste på same tid, men den gong ei...

 

Eg finn ikkje nokon høvande Sophie som utvandra over Kristiansand før 1880. Men frå Flekkefjord kan dei vel òg vera farne via Stavanger, og då...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

BINGO! Eg tok til å sjekka ut søskenflokken til Ole Johannes Larsen frå Flekkefjord og ser at fleire born busette seg i Kragerø. Mellom dei var sonen Lars, snikkar i Kragerø 1865:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0801&kenr=0474&bnr=0475&lnr=000

 

Her er han vigd i Lund i Rogaland 9.8.1854 med Inger Asbjørnsdotter Lindland: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1629&idx_id=1629&uid=ny&idx_side=-183

 

Som ein ser, har han ei dotter Sophie, og her er ho, fødd i Kragerø 24.3.1859: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1379&idx_id=1379&uid=ny&idx_side=-99

 

Namn stemmer, dato stemmer, og ho var søskenbarn til John Kittleson! Og ho er jenta eg har leitt etter i so mange år!!

 

No står det berre att å finna ut kva tid ho utvandra til Amerika...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har vore på leiting etter utvandringi frå Kragerø for Lsars Olson og huslyden hans, men finn dei ikkje nokon stad! Og det ser iut til å mangla utflyttelister frå Kragerø for den tidi me er interesserte i(?).

 

Etter at me no er komne so langt i dette problemet, vil eg leggja inn utvandringsspørsmålet i nytt tema for kanskje å fanga opp interessen av lokalkjende folk frå Kragerø...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.