Gå til innhold
Arkivverket

Vigsel Samnanger 1951


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Norvald Bentson Drageset, fødd ?Bergen? 2.10.1924 og

 

Erna Agate Andersdotter Walaker, fødd ?Bergen? 16.5.1929

 

skal vera vigde i Samnanger kring 1951

 

Er det mogeleg å få greie på:

 

* Dato og stad for vigsli?

 

* Skrivemåten av namni?

 

* Yrki deira?

 

* Bustadene deira? (spesielt kva gard i Samnanger Norvald budde på?)

 

* Sjekka fødestadene deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Dato og stad for vigsli? Fana kirke 9. juni 1951.

 

* Skrivemåten av namni? Norvald Drageset / Erna Agate Walaker.

 

* Yrki deira? gbr. Samn. / husass. Fana

 

* Bustadene deira? (spesielt kva gard i Samnanger Norvald budde på?)Står kun Samn. / Fana

 

* Sjekka fødestadene deira? Samn. / Ølve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for spennande og utfordrande opplysningar!

 

Eg har funne Erna Agate fødd og døypt i Ølve (Kvinnherad), men eg kan IKKJE finna Norvald Drageset fødd eller døypt i Samnanger!

 

Kan det tenkjast eg har feil fødselsdato/år for Norvald?

 

Eller er det eventuelt mogeleg å sjekka konfirmantane i Samnanger, òg for konkret å finna kva bustad i Samnanger huslyden hadde?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Elin for eit kjempeflott innlegg! Jau, dette er klart riktig Norvald, og du har nok òg rett i at Børdal er eit namn frå Samnanger.

 

Det kan sjå ut til at Bent (Bernt) Drageset har skift yrke til gardbrukar, men det heile er noko usikkert. Likeins kan det tenkjast at foreldri budde på Minde i Birkeland, der Norvald vart døypt, men at guten var FØDD i Samnanger. Eg lyt freista få kontakt med borni til Norvald..., for ei bygdebok finst vel ikkje herifrå, eller...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ei bygdebok av Nils Lauvskard, men den er frå 1954, så det er knapt med opplysningar.Skal prøva å skriva det meste som står der.

 

 

Bent Andersson Drageset, f. 1890 i Innvik i Nordfjord. Gift i 1921 med Anna Nilsdtr. Børdal, f. 1900.

 

Han eig bruket, (Børdal. Står ikkje når Bent overtok.)som er eit av dei største gardsbruk i bygda.Born:

 

1. Bergljot, f.1922, g 1946 m. Peder Tommason Totland.

 

2. Norvald, f.1924, g. 1951 m. Erna Agate Andersdtr. Walaker, f. 1929 i Fana. (Men henne fann du vel i Ølve)

 

3. Torbjørg, f. 1926, g. 1948 m. Haakon Hadeland, f. 1919.

 

4. Atle, f.1928

 

5. Anna Bjørg, f. 1933

 

6. Bodil, f. 1937

 

Det står diverre ikkje noko meir om Norvald og kona. Men vidare fann eg ein Einar Andersson Drageset,(bror av Bent?,gift med søster av Anna. Kan ta med det som står.

 

 

Bruk 6, Norlid

 

 

Einar Andersson Drageset, f. 1892 i Innvik i Nordfjord, gift 1924 med Kristi Nilsdtr. Børdal, f. 1902. Kjøpte eit stykke jord av verfaren. Han reiste som agent til han i 1950 flytte med huslyden til Bergen og tok til med eigen forretning der. Born:

 

 

1. Torbjørg, f.1925, g. 1947 m. Harald Endresen, b. i Bergen

 

2. Anders, f. 1929

 

3. Berit, f.1930

 

4. Nils, f. 1930

 

5. Gerd, f. 1934

 

6. Leiv, f. 1938

 

7. Erling, f. 1940

 

8. Odd, f. 1945

 

===========================================================================

 

På DIS Gravminner i Samnanger fann eg Bent, d.1976,og kona Anna,d.1977, og Erna Agathe,d. 2003

 

 

Elin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Elin for nytt spennande innlegg!

 

Eg har tidlegare fått opplyst av ætti at Norvald skal ha butt i Bergen dei først 8-9 leveåri sine, og det kan vel godt stemma med at han var fødd på Minde, som jo ligg "på bygrensen", og eg ser at broren Atle òg er døypt i Birkeland, fødd på Minde i 1928 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2982&idx_id=2982&uid=ny&idx_side=-111). Faren er framleis handelsreisande....

 

Eg vil tru det er slik at Bent og Anna kring 1933 flytte til Børdal i Samnanger for å ta over garden der, og at Norvald fekk garden etter dei.

 

Elles ser eg det er "dissens" når det gjeld skrivemåten av namnet. Eg har fått oppgjeve Drageset ogso for Norvald...

 

Nei, eg lyt nok ta meg ein prat med eitt av borni deira...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 år senere...

Hei, jeg kom tilfeldigvis over denne siden. Sendte AKKURAT nå et bilde til en bekjent i Trondheim. Dette var et klassebilde fra Kirkevoll skole i Fana tatt ca. 1939 (MED FORBEHOLD). Det var av elever født 1929, her er også min far med og ERNA WALAKER. Min e-post er knut@sulen.com og mitt telefon nummer er 416 20 008. Det står også navn til elevene under bildet.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.