Lars E. Øyane Skrevet August 8, 2011 Del Skrevet August 8, 2011 Norvald Bentson Drageset, fødd ?Bergen? 2.10.1924 og Erna Agate Andersdotter Walaker, fødd ?Bergen? 16.5.1929 skal vera vigde i Samnanger kring 1951 Er det mogeleg å få greie på: * Dato og stad for vigsli? * Skrivemåten av namni? * Yrki deira? * Bustadene deira? (spesielt kva gard i Samnanger Norvald budde på?) * Sjekka fødestadene deira? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi! Med venleg helsing, Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Yngve Nedrebø Skrevet August 9, 2011 Del Skrevet August 9, 2011 * Dato og stad for vigsli? Fana kirke 9. juni 1951. * Skrivemåten av namni? Norvald Drageset / Erna Agate Walaker. * Yrki deira? gbr. Samn. / husass. Fana * Bustadene deira? (spesielt kva gard i Samnanger Norvald budde på?)Står kun Samn. / Fana * Sjekka fødestadene deira? Samn. / Ølve. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet August 9, 2011 Forfatter Del Skrevet August 9, 2011 Hjarteleg takk til Yngve for spennande og utfordrande opplysningar! Eg har funne Erna Agate fødd og døypt i Ølve (Kvinnherad), men eg kan IKKJE finna Norvald Drageset fødd eller døypt i Samnanger! Kan det tenkjast eg har feil fødselsdato/år for Norvald? Eller er det eventuelt mogeleg å sjekka konfirmantane i Samnanger, òg for konkret å finna kva bustad i Samnanger huslyden hadde? Med venleg helsing, Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
elohen Skrevet August 10, 2011 Del Skrevet August 10, 2011 Fann ein dåp i Birkeland, Fana, som eg trur må vera Norvald: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2982&idx_id=2982&uid=ny&idx_side=-55 Ser mor til Norvald heiter Børdal til etternavn. Det er eit Samnangernavn.Men eg veit ikkje om det var der dei dreiv gard. Elin Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet August 11, 2011 Forfatter Del Skrevet August 11, 2011 Hjarteleg takk til Elin for eit kjempeflott innlegg! Jau, dette er klart riktig Norvald, og du har nok òg rett i at Børdal er eit namn frå Samnanger. Det kan sjå ut til at Bent (Bernt) Drageset har skift yrke til gardbrukar, men det heile er noko usikkert. Likeins kan det tenkjast at foreldri budde på Minde i Birkeland, der Norvald vart døypt, men at guten var FØDD i Samnanger. Eg lyt freista få kontakt med borni til Norvald..., for ei bygdebok finst vel ikkje herifrå, eller...? Med venleg helsing, Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
elohen Skrevet August 11, 2011 Del Skrevet August 11, 2011 Eg har ei bygdebok av Nils Lauvskard, men den er frå 1954, så det er knapt med opplysningar.Skal prøva å skriva det meste som står der. Bent Andersson Drageset, f. 1890 i Innvik i Nordfjord. Gift i 1921 med Anna Nilsdtr. Børdal, f. 1900. Han eig bruket, (Børdal. Står ikkje når Bent overtok.)som er eit av dei største gardsbruk i bygda.Born: 1. Bergljot, f.1922, g 1946 m. Peder Tommason Totland. 2. Norvald, f.1924, g. 1951 m. Erna Agate Andersdtr. Walaker, f. 1929 i Fana. (Men henne fann du vel i Ølve) 3. Torbjørg, f. 1926, g. 1948 m. Haakon Hadeland, f. 1919. 4. Atle, f.1928 5. Anna Bjørg, f. 1933 6. Bodil, f. 1937 Det står diverre ikkje noko meir om Norvald og kona. Men vidare fann eg ein Einar Andersson Drageset,(bror av Bent?,gift med søster av Anna. Kan ta med det som står. Bruk 6, Norlid Einar Andersson Drageset, f. 1892 i Innvik i Nordfjord, gift 1924 med Kristi Nilsdtr. Børdal, f. 1902. Kjøpte eit stykke jord av verfaren. Han reiste som agent til han i 1950 flytte med huslyden til Bergen og tok til med eigen forretning der. Born: 1. Torbjørg, f.1925, g. 1947 m. Harald Endresen, b. i Bergen 2. Anders, f. 1929 3. Berit, f.1930 4. Nils, f. 1930 5. Gerd, f. 1934 6. Leiv, f. 1938 7. Erling, f. 1940 8. Odd, f. 1945 =========================================================================== På DIS Gravminner i Samnanger fann eg Bent, d.1976,og kona Anna,d.1977, og Erna Agathe,d. 2003 Elin Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Lars E. Øyane Skrevet August 11, 2011 Forfatter Del Skrevet August 11, 2011 Hjarteleg takk til Elin for nytt spennande innlegg! Eg har tidlegare fått opplyst av ætti at Norvald skal ha butt i Bergen dei først 8-9 leveåri sine, og det kan vel godt stemma med at han var fødd på Minde, som jo ligg "på bygrensen", og eg ser at broren Atle òg er døypt i Birkeland, fødd på Minde i 1928 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2982&idx_id=2982&uid=ny&idx_side=-111). Faren er framleis handelsreisande.... Eg vil tru det er slik at Bent og Anna kring 1933 flytte til Børdal i Samnanger for å ta over garden der, og at Norvald fekk garden etter dei. Elles ser eg det er "dissens" når det gjeld skrivemåten av namnet. Eg har fått oppgjeve Drageset ogso for Norvald... Nei, eg lyt nok ta meg ein prat med eitt av borni deira... Med venleg helsing, Lars E. Øyane Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Knut Holme Sulen Skrevet August 14, 2021 Del Skrevet August 14, 2021 Hei, jeg kom tilfeldigvis over denne siden. Sendte AKKURAT nå et bilde til en bekjent i Trondheim. Dette var et klassebilde fra Kirkevoll skole i Fana tatt ca. 1939 (MED FORBEHOLD). Det var av elever født 1929, her er også min far med og ERNA WALAKER. Min e-post er knut@sulen.com og mitt telefon nummer er 416 20 008. Det står også navn til elevene under bildet. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå