Gå til innhold
Arkivverket

Erik Iverson, fødd i Hafslo kring 1645 - alle tre sønene hans budde 1717 i Hallingdal - kva med far deira?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Hermundson drøfta i eit anna tema, hadde ein farbror som eg har vanskar med å finna att:

Erik Iverson, truleg fødd i Hafslo kring 1645, kan ha vore busett i Hallingdal, men døydde før 1717. Han let då etter seg tre søner:

* Iver Erikson, busett i Hallingdal 1717

* Nils Erikson, busett i Hallingdal 1717

* Peder Erikson, busett i Hallingdal som tenestedreng 1717

Eg vil gissa på at desse gutane er fødde i perioden 1675-1695.

Er det mogeleg å finna ut noko som helst om lagnaden til denne huslyden?

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innlegg! Bakgrunnen for årstalet 1717 er opplysningar frå skiftet etter Kari Iversdotter Skjerven i Hafslo. Det er same skiftet som er referert i temaet om Peder Hermundson. Erik Iverson var ein bror av arvlataren.

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har oppdaga ein spennande detalj som truleg har med denne huslyden å gjera:

På tinget i Solvorn og Marifjøra skipreider (Hafslo) 11.7.1710 vart ei Guri Halvorsdotter stemnd av lensmannen for leigarmål med Iver Erikson som vart ”lisenterit” frå kompaniet sitt. Då det kom rykte at ho var fruktsommeleg, skal Iver ha reist for å søkja seg til Hallingdalen. Saki vart utsett.

På tinget i Solvorn og Marifjøra skipreider (Hafslo) 23.10.1710 vart so den same Guri Halvorsdotter stemnd for tredje gong leigarmål med Iver Erikson. Allmugen opplyste då at "Iver var rømt til Hallingdal eller Valdres, medan Guri var i Luster"! Saki vart på ny utsett, og sidan ser me ikkje noko meir til ho.

DERSOM denne Iver Erikson budde i Hafslo i 1701, må han vera identisk med ein Iver Erikson som var tenestedreng på Beim, 24 år gamal, "fødd i sokni". Truleg er det vel han, og i so fall har faren Erik Iverson òg butt i Hafslo, utan at me no veit kva gard han budde på...

Egil Øvrebø i boki si om soldatar frå Bergenhus utskrivne til Store Nordiske krig 1709-1719 nemner IKKJE nokon Iver Erikson som høver, og heller ingen av brørne.

Kan desse opplysningane bidra til å spora lagnaden til desse brørne i Hallingdal?

  • 6 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011 der nye opplysningar er komne til:

Det syner seg at Erik Iverson må vera avliden i Hafslo kring 1682, og her følgjer oppdaterte opplysningar om dei tre sønene hans, inklusive spennande detaljar om eldste sonen Iver:

~~~~~~~~~~~~~~

 1. Iver Erikson, f. kring 1677, tente i mange år på Beim og budde i Hafslo fram til 1710.

Iver Erikson flytte i 1710 til Hallingdal og er truleg identisk med ein Iver Erikson som ei tid var husmann på Stake under Treverket på Gol og sidan budde på Tuppeskogen på Gol.  Han d. på Gol ?.6.1738.  Iver var gift, men kona hans er ukjent. 

##### (kven var kona hans?)

Derimot veit me om to søner etter dei:

##### (fekk dei fleire born? - opplysningar?)

a. Erik Iverson, f. på Gol kring 1714, d. under Hoftun på Gol ?.10.1772.  Erik gifte seg på Gol 18.3.1750 med Guri Olsdotter frå Frøysok på Gol, f. på Gol kring 1715.  Ho vart truleg gravlagd på Gol 15.10.1785.  Erik og Guri var plassfolk på Flaget under Hoftun på Gol og fekk fem born i lag.

b. Iver Iverson, døypt på Gol 4.11.1725,

##### (lagnaden hans?)

 2. Nils Erikson, f. kring 1679,

Nils Erikson flytte kring 1700 til Hallingdal og levde framleis der i 1717,

##### (lagnaden hans?)

 3. Peder Erikson, f. kring 1681,

Peder Erikson flytte òg kring 1700 til Hallingdal og vart sagt vera tenestedreng der i 1717,

##### (lagnaden hans?)

~~~~~~~~~~~~~~

Som me ser, er Iver attfunnen på Gol som gift og far til minst to søner, medan Nils og Peder framleis er heilt ukjende.

Men mange detaljar manglar framleis, og eg vonar at kan henda nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare?  Eg takkar so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.