Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Olson Hersvik på Eide i Solund (1729-1799) - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Det er godt mogeleg at dette temaet har vore oppe før, men eg finn ikkje nokon referanse til det, so kanskje det har ein annan titel? Uansett, eg trur ikkje temaet gav noki løysing på dette problemet:

 

Johannes Olson Hersvik, fødd kring 1729, vart gravlagd frå Eide i Solund 1.2.1799. Han gifte seg i Solund 6.8.1784 med ei Inga Monsdotter, som skal vera fødd kring 1754, uvisst kvar. Ei Inga Monsdotter var fødd på Frønningen i Leikanger i 1749 og forsvinn derifrå, men om det kan vera ho, veit eg ikkje...

 

Inga gifte seg som enkje att i Solund 16.7.1800 med enkjemannen Johannes Andersson, døypt i Hafslo 3.3.1775 og oppvaksen på plassen Nauststodi under Hillestad, men flytt til Solund alt i svært ung alder. Han var ein dotterson av Ole Bottolfson som vert teken opp som eige tema... Johannes Andersson miste livet på sjøen 2.1.1806 og hadde ikkje born etter seg.

 

Men spørsmåli i dette tema gjeld altso Johannes Olson Hersvik og kona inga Monsdotter. Er det nokon med lokal kunnskap i Solund som kan hjelpa meg identifisera dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

 

Eg hadde eit tema i gamleforumet ([#38176] S&F: Opphavet til Johannes O. Hersvik & Inger M. Vaulen (Solund) søkes ?).

 

Terje Sande hadde nokre innspel når det gjeld Johannes, men det er ikkje konkludert om det er rette mannen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for svar!

 

Eg har no funna att det gamle temaet, og eg ser det er ikkje godt å verta klok på kven Johannes Olson og Inga Monsdotter verkeleg kan ha vore. Eg ser at Inga Monsdotter var 73 år gamal då ho døydde i 1827, og eg veit ikkje kor stort aldersavvik me skal godta frå den tidi. Avviket gjekk då heller i hi retningi, at dei vart sagt vera eldre enn dei verkeleg var, so om Inga kan vera fødd på Buene i Leikanger i 1749, er svært so spekulativt. Og eg meiner Johanna Olson òg har eit litt for stort avvik i alderen til at "kandidaten" til Terje Sande kan vera aktuell.

 

Eg freista elles å finna Inga Monsdotter og borni hennar att i FT1801, men kan ikkje sjå at deio budde korkje i Eivindvik eller i Askvoll på den tidi. Eg ville sjå kva alder Inga der skriv seg med... Kanskje du, Gisle, har funne dei?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

 

Eg leiter og leiter, finn ikkje svaret på denne "gåta", men kanskje du har konkludert denne saken alt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Nei, eg er aldri komen noko lenger i denne saki, men har forsovidt avslutta manuskriptet mitt på følgjande vis:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Andersson, døypt i Hafslo 3.3.1775, flytte i ung alder til Gulen der han 27.5.1798 vart trulova første gongen (vigselsdatoen manglar) med Anna Iversdotter frå Risøy i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Iver Olson på Furnes, opphavleg visstnok frå Børknes, og kona Cathrina Hansdotter frå Furnes og vart døypt i Gulen 11.10.1756. Men Anna vart gravlagd frå Ytterøya i Solund, Gulen 25.7.1799, og Johannes gifte seg 16.7.1800 att i Gulen med enkja Inga Monsdotter, som me trur hadde opphavet sitt frå Buene i Leikanger. Me kjenner ikkje foreldri hennar, men ho vart i so fall døypt i Leikanger 15.11.1749 og gifte seg første gongen i Solund, Gulen 6.8.1784 med ein Johannes Olson av usikkert opphav, f. kring 1729. Johannes var fiskar, og han og Inga budde som husmannsfolk på ein plass under Eide i Solund, og derifrå vart Johannes Olson gravlagd 1.2.1799. Johannes Andersson var òg fiskar og tok over som husmann under Eide i Solund, men miste livet på sjøen 2.1.1806. Inga gifte seg so tredje gongen med enkjemannen, husmann og fiskar Endre Erikson, òg på ein plass under Eide i Solund (1777-1825), opphavleg husmannsson frå Bakkagjerde under Venjo i Hafslo (s.d.). Inga d. som enkje på Eide i Solund 8.8.1827. Johannes fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Inga hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me kjem vel ikkje nærare noki løysing utan at ei eller anna kjelde skulle dukka opp som fortel oss meir om Inga...? Kanskje eitt eller anna skifte?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Takk skal du ha Lars,

Vi får halde augene åpne :-) kanskje dukkar det opp eit eller anna...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.