Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars (1874) og Tomine (1864?) Ingebrigtsen - frå Lærdal/Stavanger til Bergen - kven var ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1910 for Veiten 8 i Bergen syner denne huslyden:

 

Lars Ingebrigts. hf g Resturatør tilsjøs 1872 Lærdal

Thomine Ingebrigts. hm g Husmor 1870 Stavanger

Borghild Ingebrigts. d ug Skolepike 03.07.1895 Stavanger

Dagny Ingebrigts. d ug Skolepike 01.01.1902 t

 

FT1900 for Strandgaten 168a i Bergen syner huslyden slik:

 

Lars Ingebrigtsen hf g Restauratør 1872 Lærdal

Tomine Ingebrigtsen hm g Hustru 1862 Stavanger

Borghild Ingebrigtsen d ug Datter 1895 Stavanger

 

Lars Ingebrigtsen var fødd i Lærdal 20.1.1874, og ifølgje bygdeboki for Lærdal flytte han som restauratør til Bergen i 1898. Han døydde i Bergen 13.3.1919, medan Tomine døydde i Bergen 2.9.1925, 61 år gamal. Dødsmeldingi hennar er her: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27864/127/

 

Eg finn ikkje nokon vigsel for Lars Ingebrigtsen og Tomine i Bergen 1890-1900.

 

Eg har følgjande "problem" med denne huslyden:

 

* Finna dato og stad for vigsli til Lars og Tomine?

 

* Finna Tomine sitt fulle namn og namn på foreldri hennar?

 

* Finna dato (og stad - Stavanger?) for fødsli til Tomine?

 

* Finna ut om Borghild var Lars si dotter?

 

Eg vil tru ein kanskje må til Stavanger for å finna svari på det meste av dette...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gaute for kjempeflotte innlegg som langt på veg har løyst heile problemet!

 

Eg har no funne dåpen til Borghild i Stavanger domkyrkje: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5145&idx_id=5145&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-117

 

og her står det at foreldri var borgarleg vigde. So spørst det om den vigsli kan finnast?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.