Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Oluf Artus Christian (Andersson) Christensen (1881) frå Nordkapp til Ålesund - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden var i 1900 busett i Søre Honningsvåg i Nordkapp (Kjelvik):

 

Anders Christensen hf g Fisker 1838 Sogn NB

Maren Christensen hm g Husmor 1852 Nordkapp (Kjelvik)

Anton Christensen s ug Fisker 1870 Nordkapp (Kjelvik)

Emil Christensen s ug Fisker 1879 Nordkapp (Kjelvik)

Oluf Christensen s ug Fisker 1881 Nordkapp (Kjelvik)

Peder Christensen s ug Fisker 1886 Vardø

Johan Christensen s ug Fisker 1888 Nordkapp (Kjelvik)

Klara Christensen d ug Husgjerning 1884 Nordkapp (Kjelvik)

Agnette Christensen d ug Barn 1891 Nordkapp (Kjelvik)

Karl Riise hf g Fisker 1867 Hamfest

Otelie Riise hm g Husmor 1875 Nordkapp (Kjelvik)

Johan Riise s ug Søn 1893 Nordkapp (Kjelvik)

Alf Riise s ug Søn 1895 Nordkapp (Kjelvik)

Erling Riise s ug Søn 02.09.1899 Nordkapp (Kjelvik)

 

Anders var fødd i Hafslo i Sogn 28.2.1834 og kona Maren Elisabeth Olsdotter, fødd i Kjelvik (Måsøy) 19.2.1848 - utvandra til Amerika i 1905, men fleire av borni vart att i Noreg, mellom anna sonen:

 

Oluf Artus Christian (Andersson) Christensen, fødd i Kjelvik 8.12.1881 (dette ifølgje dåpsregisteret både i kyrkjeboki og klokkarboki for Måsøy/Kjelvik: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9768&idx_id=9768&uid=ny&idx_side=-51, men ifølgje konfirmantlista for Måsøy/Kjelvik er han fødd 15.6.1879: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6780&idx_id=6780&uid=ny&idx_side=-83). Ifølgje familien skal Oluf ha vore gift og busett som fiskar i ÅLESUND, og ein nekrolog frå Amerika frå 1957 oppgjev adresse "Sommerålesund", kvar no enn det kan vera!?

 

Familien seier òg at Oluf hadde "fleire" born!

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Ålesund som kan hjelpa meg komma på sporet etter denne Oluf og kona hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Endret av Lars E. Øyane - U-meitingen - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for mange kjempeflotte innlegg om denne huslyden! Eg leitte høgt og lågt i FT1910, men fann han ikkje. Derifrå vart det sjølvsagt noko enklare.

 

Eg ser borni vart konfirmerte i Hareid ogso, so om dei flytte til Ålesund, må det ha vore seinare... Kanskje kan me spora eitt eller fleire born på DIS?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Fant Alfred Kristensen 3.7.1913-17.5.1983 Hareid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg! Og med den opplysningi, so er det ny von!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Gravminner: Oluf Kristensen 15.6.1879-17.8.1962 Hareid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Mariann Stokken

Ang. Stavanger:

Ikkje problem å leita i Stavanger, du får opplyst namn på gravfestar utan problem :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Mariann for nye flotte innlegg!

 

No har eg nettopp hatt ein spennande telefonsamtale med enkja etter Alfred Kristensen. Ho kunne stadfesta at Oluf og Jensine fekk seks born, men Jensine døydde kring 1935, og Oluf gifte seg att (i 1939) med den Birgitte (Midtgård) som òg ligg gravlagd på Hareid!

 

Den einaste detaljen eg no manglar for mitt føremål er dødsdatoen hennar Jensine! Men då lyt eg til presten, eller til Statsarkivet i Trondheim...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.