Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Cornelius Sjurson Hammerset i Kinn - gardbrukar der 1828 - opphav for han og kona?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Wilhelm Olai Corneliusson Hammerset vart fødd i Kinn 4.5.1828. Foreldri er skrivne som Cornelius Sjurson og Bertha Jansdotter, gardfolk på Hammerset (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11534&idx_id=11534&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-67).

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Kinn som kan hjelpa meg finna:

 

* Kva gard/plass i Kinn hadde Cornelius Sjurson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass i Kinn hadde Bertha Jansdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

For ei stund tilbake hjalp eg nokre andre med å finne ut av denne familien.

 

Dette er ei grein av Høyderfamilien som tidlegare også har vore omtalt her på forumet. Eg hugsar at det ikkje var alt som var like lett å finne ut av, mellom anna Cornelius sitt opphav, men eg skal gå gjennom dei notata eg har, for å sjå om eg fann ut av han.

 

Kortversjonen på Berte blir då såleis.

 

Berthe Jansdotter Høyder er fødd på Hammerset i 1786. Foreldra var Jan Wilkinson Høyder og mora Gjertrud Larsdotter.

 

Jan var fødd i Førde kring 1750. Far hans var klokkar i Førde, fødd 1717 på Voss, men familien flytta til Førde kring 1720.

 

Gjertrud Sofie Larsdotter var fødd i Nordalen (Kinn) i 1757.

 

Dette var opplysningar som eg fann i det første oppsettet mitt, men eg veit eg jobba litt fram og tilbake med denne saka, så eg lyt gå gjennom notata mine på nytt.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Dei vert gift i Kinn 10. nov. 1805, og er da begge ført opp med bustad Hammerset: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-186

 

Forlovarane er frå Valvika (Niels Ols. Walviigen) og Espeset (Niels Carstensen Espesæt). Dette er naboane til Hammerset på Askrova: kart

 

Iflg. Torodd Kinn si nettside (her), fekk dei 10 born. Ein gjennomgang av faddarane burde kunne seie noko om opphavet...

 

Eit kjappt søk i 1801-tellinga gir denne som einaste Cornelius Sjursson i gifteferdig alder i 1805: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f1801&gardpostnr=42170&personpostnr=615540&merk=615540#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Då har eg fått kikke gjennom notata mine. Det kan sjå ut som om eg ikkje har noko meir om Cornelius Sjurson. Om dette var fordi han var vanskeleg å finne ut av, eller andre grunnar, det klarer eg ikkje heilt å ta igjen.

 

Eg kan ta med noko av det eg har notert om familien, så får du heller vurdere kor mykje som er interessant.

 

Wilchen Abrahamsen Høyder var fødd på Voss 1717. Foreldra var Abraham Høyder og Boel Jonsdtr Linge.

 

Kring 1720 flytta familien til Førde. Wilchen Abrahamsen Høyder gifta seg i 1745 med Birgithe Olufsdotter Rødberg. Ukjent opphav. Kor dei budde i Førde er ukjent, men Wilchen skal ha eigd fleire gardar. Hafstad kan være bustaden.

 

Dei fekk sonen Jan Ditlev, men dåpen er ikkje ført inn i kyrkjeboka. Ut frå seinare registereringar skal han ha vore fødd kring 1750. Jan Ditlev hadde to søsken, fødde 1749 og 1750. Mor hans blei introdusert i mars 1747, så truleg var Jan Ditlev fødd rundt årsskiftet 1746/1747.

 

Eg ser no at det var Abraham og ikkje Wilchen som var klokkar i Førde.

 

Wilchen flyttar kring 1758 til Hammerset i Kinn. Han er då enkemann. Giftar seg med Brite Olsdotter Hammerset, f. Batalden. Ho døyr nokre få år seinare, og Wilchen giftar seg for tredje gang, men det er vel berre av måteleg interesse. Wilchen dør på Hammerset i 1785. Han hadde då 9 barn frå første og tredje ekteskap.

 

Jan Ditlev giftar seg så i 1786 med nemnde Gjertrud Sofie Larsdotter frå Nordalen, og dei blir buande på Hammerset. Same år får dei dattera Berthe Christine, døypt 3. april (midt på høgre side) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1786, side 5.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-5

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610534.jpg

 

Berthe blir gift i 1805: http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=vi14371689&gardpostnr=1860&personpostnr=3720&merk=3720#ovre

 

Berthe og Cornelius får 9 barn, kor Wilhelm Olai er den yngste.

 

Dette blei kanskje litt meir enn det du hadde behov for, men du får berre stryke det som ikkje passar.

 

Kanskje kan vi også finne ut av Cornelius.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Håvard for spennande og nyttige innlegg!

 

Når eg studerer desse innleggi, so trur eg me har heile løysingi på bordet! Cornelius må jo vera son av Sjur Hansson på Åse i Gaular og kona Martha Wilkensdotter, som òg må ha vore ei Høyder. Soleis var Bertha og Cornelius søskenborn! Bror hans Cornelius, Wilken Sjurson (Høyder), gifte seg med ei jente frå Luster, og sovidt eg hugsar i farti, so hamna dei via Gulen i Bergen...

 

Kva seier du, Egil, er problemet løyst?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det kan godt være rett Cornelius, men eg trur ikkje han var barnebarn til Wilchen Abrahamsen Høyder.

 

I skifte etter Wilchen i 1785, er det ikkje oppgitt nokon Marthe. Der er ei Margrete som er enke og bur i Bergen. Marthe i 1801 er 55 år og gift for andre gang, så det kan jo være at det er same dama med ulikt namn. Ho skal i så fall være fødd kring 1746/47. Eg har ikkje funne dåpen til Margrethe, men det kan jo være ho som var årsaka til introduksjonen i 1747.

 

Noko som taler imot er jo at dersom det stemmer at Cornelius og Orlog er felles barn av Sjur Hansen og Marthe Wilkinsdotter, så må jo dei være fødd etter 1785, og då passer det dårleg med at dei i 1801 er 22 og 24 år.

 

Kanskje det første vi bør leite etter er skifte etter Sjur Hansen og Marthe Wilkinsdotter, for å få stadfesta at det er deira Cornlius som bur på Hammerset?

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Eg tok ein snartur inn på biblioteket for å sjekke ut om BB Gaular kunne kaste lys over dette. Dessverre ikkje så mykje å finne der. Kornelius er oppgitt fødd i 1779, ikkje noko meir opplysningar.

 

Likevel får vi avkrefta at Martha ikkje kan være dotter av Wilchen Abrahamsen Høydal. Opphavet hennar er ikkje nemnd, men hennar andre ekteskap blei inngått i 1769, og kan då ikkje ha vore enke i 1785.

 

Martha Vilkensdotter døde i 1837 på Åse, medan Sjur Hansen døde same stad i 1826. Dessverre er det ikkje noko skifte etter dei.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Cornelius Sjursen Hammerset døyr i 1854, 87 år gamal. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 11 (1841-1855), Døde og begravede 1854, side 62.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6895&idx_id=6895&uid=ny&idx_side=-66

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310423.jpg

 

Om det er rett alder, så gir det eit fødselsår på kring 1767. Han skal då ha vore kring 34/35 år gamal i 1801. Dessverre får eg ikkje noko treff på nokon høveleg kandidat.

 

Noko rart dette, men kanskje kan alderen være feil.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Om vi prøver å sjå på namna til barna til Cornelius og Berthe (og då meg berre beklage at eg ikkje har fått med meg det siste barnet deira i talet eg oppgav tidlegare), så vil vi ut frå foreldra til Cornelius kunne finne at både Hans, Marte og Vilken kan være oppattkalla etter farfar og farmor og farmors far.

 

Ser vi på syskena til Cornelius (han hadde sju) så finn vi igjen Hans og Vilken hos barna til Cornelius og Berthe.

 

I mangel på noko annan høveleg kandidat, så er det vel ikkje så utruleg at det kan være feil i alderen ved Cornelius sin død, og at det er den rette som er funne i 1801.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.