Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Thoreson Tønjum i Lærdal (1829-1913) - kven var første kona hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Peder Thoreson Tønjum i Lærdal, fødd i Lærdal 19.1.1829 som son av Thore Olson og Ingeborg Abrahamsdotter, stod brudgom i Hafslo 2.7.1864 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6865&idx_id=6865&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-25) med Kristi Nilsdotter Solvorn, fødd i Hafslo 23.9.1825.

 

Kristi hadde tre born frå før, men hadde ikkje vore gift.

 

Peder er skriven enkjemann, men eg finn ikkje noko første ekteskap for han. Bygdeboki for Lærdal, band III, side 176, seier at Peder og Kristi gifte seg i 1859 og at dette var første ekteskapet hans!

 

Her er huslyden på Haugen under Tønjum i 1865, med foreldri hans: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=005&bnr=0044&lnr=000

 

Er nokon i stand til å finna dette første ekteskapet hans for meg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnulf Pedersen

Dette har du kanskje, men det går heller ikke frem av Bygd og Ætter av Jon Laborg at Peder hadde vært gift før.

Her er Peder kalt Per Teigolane. Tar med det som står i boken under Tønjum; Kjerringgjel-haugen:

 

”Tore-stova kalla dei der Tore Olson budde. Han var f. på Spangelo 1793 og vart i 1823 g.m. Ingeborg Abrahamsdtr. Tønjum. Dei hadde 3 born: Margreta g.m. Jens Sjurson Ø. Voll, Per Teigolane somm fekk kona si frå Hafslo, Kristi heitte ho, og Ola Toreson vart i 1853 g.m. Dortea Bøyesdtr. Hauge.”

mvh

Arnulf Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hagen

Peder Toresen Tønjum frå Lærdal. (er også skreven Voll, Vold, Øvrevold eller Lærdalsøren))

 

 

Fødd 19. jan 1829 Lærdal

Vaksinert 1. okt 1832 Lærdal

Konfirmert 10. sep 1843 Lærdal

Fadder til syster Margrete sitt andre barn 4. jun 1847 Lærdal

Fyrste uekte barn fødd 9. nov 1854 Lærdal (her har BB 1857)

Reiste som sjømann seint 1856?

Andre uekte barn fødd 18. apr 1857 Lærdal (her har BB 1858)

Vart matros, kanskje før 1859

Tredje uekte barn fødd 20. feb 1859 Bergen

 

Mellom 1859-1863 gift fyrste gongi med ei ukjent kvinne, kanskje barn? Om denne kvinna døydde og det var barn i dette ekteskapet så kunne dette barne vere fosterbarn hjå morfar/mormor.

Som fjordaseglar så kom man innom mange plassar, gjedna han trefte på ei....

 

Fjerde uekte barn fødd 15. jun 1864 Hafslo (Peder er nemnd som enkemann)

Gift andre gong med Kristi 2. jul 1864 Hafslo (Peder er nemnd som enkemann)

Folketellingen 1865 Lærdal

Folketellingen 1900 Lærdal

Døydde 1913 KB for Tønjum er ikkje tilgjengelig digitalt, her må DA gjera eit forsøk på å få den scanna!

 

Dette er i korte trekk soga til Peder.

 

Eg har skummlese dei prestegjeld i S&Fj. som grensa til fjord/sjø utan å finna nokon Peder.

Det står atte å lesa litt frå andre fylker, som Hordaland, M&R etc. men eg vi tru at Peder arbeide om bord i div. sognejekter på den tida.

 

Elles så vil eg oppfordra andre til å kika etter denne Lærdølen som var matros/sjømann ei korte tid her på vestlandet!

 

Mvh. Terje Hagen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.