Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jørgen Nilsen (1829-1910) - frå Hafslo til Bø til Ålesund - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette temaet er ei oppfølgjing av tema frå gamalt brukarforum #79354 (http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/164693-79354-joergen-nilsson-1829-fraa-walaker-i-hafslo-til-boe-i-vesteraalen-huslyden-hans/page__p__1407616__hl__%2Bj%F8rgen+%2B%E5lesund+%2B%F8yane__fromsearch__1#entry1407616). Det var FØR FT1910 vart lagt fram.

 

Jørgen Nilsen vart funnen som frukthandlar i Ålesund med ny kone (vgde 1899):

 

Oline Martha, kjend som Martha Pedersdotter, fødd på Jøsokbakke i Herøy 11.7.1851.

 

No fann eg dødsfallet til Jørgen Nilsen på Fredensborg i Ålesund 15.11.1910: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39475&idx_id=39475&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-48

 

Og her er enkja hans, Martha Nilsen, i 1910, enkje og off. understøtta, busett Keiser Wilhelmsgate 57 i Ålesund: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1501&kenr=014&bnr=0032&lnr=03

 

So til dotteri etter Jørgen Nilsen og første kona hans:

 

Mariane Jørgensen, fødd i Bø i Vesterålen 8.6.1860, enkje etter fiskar Johannes Flem (døydde 1899), dreiv i 1900 syforretning i Ålesund.

 

Her er ho i 1910: Mariane Flem, vaskekone i Øvregate 11 i Ålesund: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1501&kenr=006&bnr=0033&lnr=05

 

Attståande problem er her no å finna:

 

* Dato (og stad) for dødsfallet til (Oline) Martha Nilsen?

 

* Dato (og stad) for dødsfallet til Mariane Flem?

 

Dette ser ut som ei vanskeleg oppgåve, eller...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.