Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jens Olsen i Gamvik - dødsfall?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jens Olsen, fødd i Hafslo i Sogn 19.7.1830, flytte i ung alder til Gamvik der han var gift med Else Sophie Brox, fødd i Gamvik 9.5.1839. Parfolket vart buande i Gamvik og fekk ti born i lag. Else døydde på Olpersanæs i Gamvik 21.11.1912. Jens Olsen levde då framleis og finst ikkje innskriven som avliden i Gamvik innan 1919, då dei skanna kyrkjebøkene for Gamvik tek slutt.

 

Jens Olsen var i 1919 ein mann på 89 år, og eg vil tru han ikkje kan ha levd so svært lenge etter.

 

Er det mogeleg å finna ein dato (og stad) for dødsfallet hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solbjørg Ellingsen Fossheim

Hei

Dødsfallsmeldingene 1909-1945 for Tana, Gamvik og Berlevåg mangler. Vi har skifteutlodningsprotokoll for årene 1911-1928 og skiftebehanslingsprotokoll for 1909-1916 for Tana sorenskriverembete. I disse nevnte protokollene nevnes verken Jens Olsen eller kona Else. Og da kan vi nok dessverre ikke hjelpe deg med denne saken.

 

Vennlig hilsen

Solbjørg Ellingsen Fossheim

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solbjørg for hyggeleg om enn negativt svar!

 

Eg har i dag teke ein telefon til kyrkjekontoret i Gamvik, og dei har framleis kyrkjebøkene for 1920-talet. MEN dei kunne heller ikkje finna dødsfallet hans Jens Olson mellom 1920 og først på 1930-talet, so då veit eg ikkje kvar ein skal leita vidare...

 

Fanst det den gongen ein GAMLEHEIM i dette området der Jens kan vera flytt?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solbjørg Ellingsen Fossheim

Hei, ser at jeg ikke svarte på tilleggsspørsmålet ditt.

Kan personene dine ha flyttet til et annet kirkesogn i en annen kommune? Dødsfallet burde finnes registrert, så jeg ville nå lett etter paret et annet sted.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×