Gå til innhold
Arkivverket

Nils Pederson Præstegard, fødd Hafslo 1880 - til Amerika i 1899, men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Tre brør utvandra frå Hafslo prestegard i Hafslo og nytta ved utvandringi namnet Præstegaard:

 

* Peder Pederson Præstegaard - i Amerika kjend som Peter P. Prestegard, fødd i Hafslo 5.12.1870, utvandra i 1895, gifte seg i Windom, MN 1903 og farma i Highwater township, Cottonwood Co., MN. Han døydde i Lamberton, MN 17.12.1959. Fem born, som alle er avlidne.

 

* Anders Pederson Præstegaard - i Amerika kjend som Andrew P. Praestegard, fødd i Hafslo 14.9.1873, utvandra i 1898 og var farmarbeidar i Highwater township, Cottonwood Co., MN og sidan i Lamberton, Redwood Co., MN. Han døydde ugift i St. Peter, MN 30.1.1937.

 

* Nils Pederson Præstegaard - i Amerika kjend som ????, fødd i Hafslo 18.1.1880, utvandra i 1899 og var i 1900 under namnet Nels Peterson "day laborer" og busett i Spencer, Clay Co., IA (budde der i lag med naboguten Einar Bremer frå Hafslo).

 

Me veit frå dødsmeldingi til mor deira frå 1919 at Nils då framleis var ilive, men adressen er ikkje oppgjeven, og eg har ikkje greidd å finna han att der borte! Nekrologane til Peder og Anders har ingen opplysningar...

 

Er det nokon som greier løysa dette problemet? Kvar vart det av denne Nils?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.