Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars L. Lee, fødd i Vik 1.3.1864 - til Amerika 1867 - kvar vart det av han etter 1905?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Larsson Lee var fødd i Vik 1.3.1864 som einaste born av foreldri Lars Larsson Lee (Senior), fødd i Vik 19.1.1837, og Ingeborg Jacobsdotter f. Ekse frå Voss. Foreldri var gardbrukarar på Lee i Vik, men Ingeborg døydde i 1866, og i 1867 utvandra enkjemannen med sonen til Amerika.

 

Lars (Senior) gifte seg att i Dodge Co., MN 23.5.1873 med Britha Johannesdotter frå Kvam på Hafslo, fødd i Hafslo 19.4.1834, men utvandra frå Stavanger i 1873.

 

Lars og Britha busette seg som farmarar i Birch Cooley township, Renville Co., MN der Britha døydde 18.9.1893. Kring 1897 flytte Lars som enkjemann til ein farm i Hamlin township, Renville Co., MN, og derifrå i 1906 til tre av sønene frå andre ekteskapet som då var flytte til Idaho og Washington. Han døydde i Pullman, WA 21.6.1928.

 

Eldste sonen Lars, tema for dette emnet, voks opp hjå faren og stemori og gifte seg i Dodge Co., MN 27.9.1894 med enkja Mary Rye, f. Tollefson, fødd i Fillmore Co., MN 2.2.1862. Alt i 1895 budde Lars på ny hjå far sin (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=MNV290_92-0469&fn=Laro&ln=Lee&st=r&ssrc=&pid=1471589), og kring 1897 flytte han med faren og halvsøskeni til Lac qui parle Co., MN, medan Mary vart buande i Renville Co., MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120306_00336&fn=Mary&ln=Lee&st=r&ssrc=&pid=27068802).

 

I 1900 var Lars framleis busett i Hamlin township, Lac qui parle Co., MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120288_00800&fn=Lars&ln=Lee&st=r&ssrc=&pid=26623650)

 

I 1905 var Lars busett i Riverside township, Lac qui parle Co., MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_131-0709&fn=Leno+L&ln=Lee&st=r&ssrc=&pid=656623)

 

Etter 1905 er han ikkje å sjå nokon stad, korkje i Minnesota eller i Idaho/Washington, so spørsmålet er: Kvar vart det av han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Eg TRUR eg veit noko om navnebror din, Lars !

 

Men du venta til i kveld.

______________________

Diverre så viste det seg at kunnskapen om denne navnebroren din var så bra likevel !

 

Kanskje kan dette hjelpa ?

Lars f. 1837 og Lars f. 1864 reiser frå Bergen m/skipet Brøbrene den 30.4.1867 frå Bergen, og kjem fram til Quecbec den 31. mai. Som medpassasjer har dei svigerforeldra til Lars snr, Jakob Johnson Ekse og Brita Jakobsdtr Trefall + svoger Lars og svigerinne Birthe.

Kjelde: http://www.trefall.com/xml/parser.php?xml=/xml/utvandring.xml+xsl=/xml/main.xsl+lang=no+css=/xml/main.css+cclass=trefall2MODekse1+id=ekseutvandringa1+view=

Endret av Jon Sværen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for direkte melding om denne huslyden.

 

Diverre synte det seg at du ikkje kunne bidra med fleire detaljar, so spørsmålet mitt står framleis ope. Dette er nok ikkje noko enkelt spørsmål å svara på, so om nokon greier det, ville eg verta svært so imponert!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.