Gå til innhold
Arkivverket

Lawrence W. Marsh (1882/1883) og Minnie K. Hillestad (1888) - vigde Viroqua, WI 1904 og forsvinn - kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Andrea Olsdotter Svensøy frå Luster i Sogn (1852-1920), ei søster av oldemor mi, utvandra til Amerika i 1884 og gifte seg i Viroqua, WI 20.6.1887 med Johannes Ingebrigtson Hillestad frå Hafslo i Sogn (1846- ). Johannes forsvann kring 1890 utan at ein nokon høyrde meir gjete han, og Andrea sat att åleine med ei dotter:

 

* Minnie Kordine Hillestad, fødd i Vernon Co., WI 28.4.1888, gifte seg i Viroqua, WI 28.8.1904 med Lawrence Windom Marsh, fødd i Vernon Co., WI 17.11.1883. Lawrence Marsh hadde då tre års teneste som leigesoldat bak seg (http://search.ancestry.com/iexec?htx=view&r=an&dbid=1198&iid=MIUSA1798_102915-00098&fn=Lawrence+W&ln=Marsh&st=r&ssrc=&pid=1038423) og hadde fått avskil 9.6.1904 i Ft. Douglas, UT.

 

Vigselsattesten frå 1904 fortel oss at Lawrence då arbeidde som "clerk" i Viroqua, Vernon Co., WI, men det varte ikkje lenge før dei fór derifrå, og nekrologen til Andrea Hillestad fortel oss at ho i mange år hadde sete utan opplysningar om lagnaden til dotteri, men at dei trudde at ho ein gong skal ha butt i Portland, OR!

 

Eg lyt leggja til at Lawrence Marsh i juni 1905 er nemnd busett i Viroqua, Vernon Co., WI (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1055&iid=CSUSAWI1905_30-0264&fn=Lawrence&ln=Marsh&st=r&ssrc=&pid=1347116), tydeleg åleine... Kva denne innførsli tyder, veit eg ikkje!

 

Eg har freista følgja slekti til Lawrence Marsh, men utan resutat. Faren Joseph W. Marsh var gift fleire gonger og budde i 1930 i Redlands, San Bernardino Co., CA. Han flytte sidan til Long Berach, CA, men døydde på Los Angeles County General Hospital 15.12.1937. Ein nekrolog er aldri funnen!

 

Ein fullbror Bert Marsh budde òg i California, medan to halvsøsken, Minnie Spencer Stendahl og William Spencer flytte til Colorado. Mor til desse søskeni var forresten Anna Jacobson, fødd i Sør-Fron 19.1.1847 eller 1848!

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar Lawrence og Minnie Marsh kan ha gjort av seg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No vart eg jamen imponert over meg sjølv. Om de visste kor mange år eg har leitt etter Minnie Hillestad. No har eg nettopp finne ho i FamilySearch registeret over vigde i California:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

name: Charles Snyder

event: Marriage

event date: 22 Jul 1914

event place: , San Francisco, California

gender: Male

age: 39

father: Jacob C Snyder

mother: Charlotte Beard

spouse: Minnie Marsh

spouse's gender: Female

spouse's father: John Hillstad

spouse's mother: Andrea Olsen

digital folder number:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då greier me kanskje endeleg å finna lagnaden til denne kusina hennar bestemor!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vigsli til foreldri hans, i Hamilton Co., OH:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

name: Jacob Snyder

event: Marriage

event date: 16 Jul 1865

event place: Hamilton Co., Ohio

spouse: Charlotte M. Beard

digital folder number: 4016392

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men om dette er Minnie i trygderegisteret i California, veit eg ikkje (fødselsdatoen er 10 dagar feil):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Minnie Snyder

SSN: 555-21-0242

Last Residence: 90211 Beverly Hills, Los Angeles, California, United States of America

Born: 18 Apr 1888

Died: Nov 1972

State (Year) SSN issued: California (1973)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter mykje leiting har eg funne dødsfallet til Charles Snyder, i Kitsap Co., WA:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

name: Charles Snyder

death date: 28 Jan 1930

death place: Bremerton, Kitsap, Washington

gender: Male

age at death: 50 years 5 months 28 days

estimated birth year: 1880

marital status: Married

spouse's name: Minnie E.

volume/page/certificate number: cn 36

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her er Minnie som enkje i Bremerton, WA i 1930: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6224&iid=WAT626_2506-0219&fn=Minnie+E&ln=Snyder&st=r&ssrc=&pid=112203744

 

Lenger kjem eg ikkje i kveld...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.