Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Halvor Paulson gift kring 1722 med Christi Sørensdotter - gardbrukarar på La i Hafslo 1720-åri - framandfolk? - kven var dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Stundom dukker det opp framandfolk på gardane i indre Sogn tidleg på 1700-talet, og ein slik ein er:

 

Halvor Paulson, truleg fødd på 1690-talet og gift kring 1722 med ei Christi Sørensdotter. Halvor fekk 3.1.1722 skøyte på ein del av garden La i Hafslo hjå Jens Samuelson Bugge, men døydde alt i 1727.

 

Me kjenner til ein son: Paul Halvorson, døypt i Hafslo 23.5.1723.

 

Kven var so desse folki? Dei er ikkje vigde i Hafslo!

 

Ein kjenner til noko flytting frå Nordfjord til dette nabolaget tidleg på 1700-talet, og ser ein på Manntalet frå 1701, so finst det i heile Sogn og Fjordane og Hordaland berre TO mogelege kandidatar, båe i Nordfjord:

 

* Halvor Paulson (7), son av gardbrukar Paul Halvorson (32) på Moldsvor i Hornindalen i Eid

 

* Halvor Paulson (1), son av gardbrukar Paul Knutson (34) på Sindre i Innvik

 

Kan det vera ein av desse?

 

Kanskje nokon med lokal kunnskap i Nordfjord kan bidra med noko?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips, både om opphavi til Halvor og Christi, og ogso om lagnaden til sonen Paul, som forsvinn frå Hafslo...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Dette er vel kanskje Halvor Paulsen,sønnen til Paul Knutsen på Sindre?

 

(Utdrag)

II. Marthe Knudsdtr. Rechdahl, f. ca 1697 i Kristengard, Rekdal, Vestnes. Fikk barn med Mads Olsen Fanne. (fra Fannestranda, Bolsøy). Hun giftet seg med (2) Michel Olsen Orvik Gangstad, gift ca 1720 i Vatne, Møre og Romsdal, f. 1695 i Nr. 2 Orvik, Vatne, (sønn av Ole Michelsen Orvik og Synnøve Gunnarsdtr. Hofset) d. 1725 i Nr 2 Inste Gangstad, Vatne. Hun giftet seg med (3) Iver Paulsen Magerøy, gift 1727 i Vatne, Møre og Romsdal, f. ca 1703 i Magerøy, Aukra, (sønn av Paul Paulsen Magerøy) d. 1729 i Gangstad, Vatne. Hun giftet seg med (4) Halvor Paulsen Sindre Gangstad, gift 1731 i Vatne, Møre og romsdal, f. ca 1700 i Sindre, Stryn (Hornindal), Sogn og Fjordane, (sønn av Pål Knutsen Kirkhorn og Anne Halvorsdtr. Sindre) d. 1760 i Vatne, Møre og romsdal.

 

http://www.google.no...K87WWoA&cad=rja

 

 

Vielsen i 1731.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-33

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70903620188.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande og interessante innlegg!

 

Den første Jørgen Halvorson var son av Halvor Pederson, som opphavleg skal ha vore frå BIRI og som ei tid budde på garden La før han flytte til Lunde i Balestrand. Men dei budde på same bruket!

 

Det andre innlegget eliminerer den eine, og kanskje minst sannsynlege, av dei to kandidatane for Halvor Paulson. Då er eg spent på om kanskje hin kandidaten kan sporast?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å gjera ein siste freistnad på å leggja fram dette problemet før manuskriptet går til prenting. Denne Halvor Paulson som kring 1722 dukka opp i Hafslo, var ein "framand fugl", men eg tykkjer Halvor Paulson frå Moldsvor i Hornindalen ser ut som ein svært god "kandidat" for Halvor Paulson i Hafslo.

 

Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa? Eller finst det andre gode "kandidatar"?

 

Eg vil ogso leggja ut dette tema med overskrift frå Hornindal - kanskje det vil fanga opp andre lesarar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.