Gå til innhold
Arkivverket

Kyrkjebok for Kinn sokn, døypte etter 1885


Torodd Kinn
 Del

Recommended Posts

I januar 2010 etterspurde eg skanning av ministerialbok med døypte i Kinn sokn i Kinn prestegjeld etter 1885 (fordi klokkarboka av ukjend grunn er svært mangelfull).

 

Yngve Nedrebø svarte: "Vi har fått avlevert kirkebøker fra Florø og Kinn sokn opp til rundt 1915. Materialet kan vi legge ut når vi har fått på plass nummereringen av de gjenstående bøkene."

 

Eg veit ikkje kva dette med nummerering går ut på, men konstaterer at den nemnde ministerialboka framleis ikkje er blitt tilgjengeleg.

 

Er det håp om at ho kjem snart?

 

(Eg vil nødig klage og kritisere, for Digitalarkivet er eit heilt fantastisk tilbod. Men eg kan ikkje dy meg for å nemne at eg synest det er litt merkeleg prioritering når såpass gamle bøker manglar, mens derimot f.eks. denne boka for Korskirken i Bergen er lagd ut -- med berre klausulerte sider!)

 

Vennleg helsing,

Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg heng meg på denne tråden litt: Er det då framleis slik at Statsarkivet ikkje har kyrkjebøker f. eks. for Florø sokn etter 1915? Eg meiner å ha lese ein eller annan stad om ei eller fleire klokkarbøker som brann opp i 1939(?).

 

Er det forresten nokon av dykk som veit kor tid Florø sokn vart ein del av Kinn sokn?

 

Edit: Då eg skreiv dette tenkte eg litt feil, og såg for meg at Yngve N. på SAB kom til å svare her.

 

Mvh.

Torbjørn Igelkjøn

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I januar 2010 etterspurde eg skanning av ministerialbok med døypte i Kinn sokn i Kinn prestegjeld etter 1885 (fordi klokkarboka av ukjend grunn er svært mangelfull).

 

Yngve Nedrebø svarte: "Vi har fått avlevert kirkebøker fra Florø og Kinn sokn opp til rundt 1915. Materialet kan vi legge ut når vi har fått på plass nummereringen av de gjenstående bøkene."

 

Eg veit ikkje kva dette med nummerering går ut på, men konstaterer at den nemnde ministerialboka framleis ikkje er blitt tilgjengeleg.

 

Er det håp om at ho kjem snart?

 

(Eg vil nødig klage og kritisere, for Digitalarkivet er eit heilt fantastisk tilbod. Men eg kan ikkje dy meg for å nemne at eg synest det er litt merkeleg prioritering når såpass gamle bøker manglar, mens derimot f.eks. denne boka for Korskirken i Bergen er lagd ut -- med berre klausulerte sider!)

 

Skanninga foregår primært i Riksarkivet, der det er kamp om å komme med på lister over materiale prioritert for skanning. I 2011 har kirkebøker vært prioritert, og Riksarkivet har så langt i år skanna 217 kirkebøker for Statsarkivet i Bergen - 43 kirkebøker fra Bergen, 164 kirkebøker fra Hordaland for øvrig, og 10 fra Sogn og Fjordane (ingen fra Florø eller Kinn). Riksarkivet skanner i den rekkefølgen vi får bøkene fra Statsarkivet, som stort sett ser ut til å ta sogn for sogn. (De 10 fra Sogn og Fjordane ble forsert, fordi de fantes på mikrofilm, men likevel ikke var skanna.) Derfor den noe underlige prioriteringa rent kronologisk. Jeg regner med at Sogn og Fjordane er tungt representert ved neste forsendelse.

 

Etter skanning skal kirkebøkene indekseres før de (automatisk) publiseres, hvilket nødvendigvis fører til at det går noe tid fra skanning til publisering, avhengig av tilgjengelige indekseringsressurser.

Endret av Kristian Hunskaar (RA)
Tilleggsinformasjon
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 år senere...

Hva skjer egentlig med kirkebøkene for Kinn? Jeg fant konfirmasjonen (i 1920) for en person født i 1906 i går, men selve ministerialboken der dåpsinnføringen inngår var ikke å finne. Når kommer Kinn på plass?

 

DTH

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Dag T. Hoelseth skrev:

Hva skjer egentlig med kirkebøkene for Kinn? Jeg fant konfirmasjonen (i 1920) for en person født i 1906 i går, men selve ministerialboken der dåpsinnføringen inngår var ikke å finne. Når kommer Kinn på plass?

 

Utover de kirkebøkene fra arkivet Kinn sokneprestembete som finnes i Digitalarkivet (se https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?archives[]=no-a1450-07000000000924), finner jeg i Arkivportalen kun ei kirkebok, nemlig ministerialbok nr. B 1 med døpte 1886-1921 og dødfødte 1886-1918 for Kinn sokn (se https://www.arkivportalen.no/entity/no-a1450-07000000159356). Denne er ikke registrert for skanning, og jeg tør ikke si hvorfor. Det er mulig at den helt nylig har kommet inn til Arkivverket, da jeg ser at katalogen i Arkivportalen senest er oppdatert i januar 2021.

 

Ytterligere kirkebøker ser ikke ut til å være avlevert. Du kan eventuelt forfølge saken med et spørsmål i Spør Arkivverket.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom ein ser etter ser ein at klokkarbøkene ikkje er lagt inn i Arkivportalen.

 

Følgjande oversikt er over 20 år gammal, og viser at Statsarkivet i Bergen hadde fått inn ein god del klokkarbøker frå Kinn prestegjeld allereie då.

 

http://web.archive.org/web/20010628220255/http://digitalarkivet.uib.no/sf1.htm

 

Det kan sjå ut som at klokkarbøkene frå Florø og Kinn i ein periode fram til 1939 er gått tapt, men at kyrkjebøkene for Eikefjord, Bru og Nordal finst for heile perioden. Om det då finst ytterlegare ministerialbøker frå Florø eller Kinn i perioden fram til 1939 er uklart, sidan desse ikkje kjem fram i nokon av dei oversiktene som eg har sett. Det er vel i så fall ikkje utenkjeleg at dei framleis ligg på kyrkjekontoret i Florø.

 

Eg håpar at den manglande ministerialboka kan skannast og publiserast utan indeksering, sidan heile kyrkjeboka er eldre enn klausulen for døypte (1930). I tillegg håpar eg at det er mogeleg å skanne nokre av klokkarbøkene med tanke på publisering av det som kan visast, som f.eks. vigsler fram til 1960. Uansett bør Arkivportalen oppdaterast slik at oversikta over kyrkjebøker blir fullstendig.

 

Er det forresten noko nytt når det gjeld problemet med manglande tilpassing av indekseringsverktøyet til nytt filsystem og evt. avgjerd om framtidig publisering av kyrkjebøker med- eller utan indeksering?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20.4.2021 den 13.12, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

Ytterligere kirkebøker ser ikke ut til å være avlevert. Du kan eventuelt forfølge saken med et spørsmål i Spør Arkivverket.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.4.2021 den 17.11, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg håpar at den manglande ministerialboka kan skannast og publiserast utan indeksering, sidan heile kyrkjeboka er eldre enn klausulen for døypte (1930). I tillegg håpar eg at det er mogeleg å skanne nokre av klokkarbøkene med tanke på publisering av det som kan visast, som f.eks. vigsler fram til 1960. Uansett bør Arkivportalen oppdaterast slik at oversikta over kyrkjebøker blir fullstendig.

 

Jeg har slått opp i den interne katalogdatabasen i Arkivverket og ser at den ikke inneholder noe mer for arkivet Kinn sokneprestembete enn hva som framkommer i Arkivportalen. Jeg er ikke fullt informert og tar muligens feil, men jeg tror at arbeidet med ordning av kirkebøkene ved Statsarkivet i Bergen har blitt hemmet vesentlig av hjemmekontor i koronatidsalderen, kombinert med at det i senere tid har vært nødvendig å kanalisere en del ekstra ressurser til oppgaver som FT1920 og AMF-transkripsjonene.

 

På 21.4.2021 den 17.11, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Er det forresten noko nytt når det gjeld problemet med manglande tilpassing av indekseringsverktøyet til nytt filsystem og evt. avgjerd om framtidig publisering av kyrkjebøker med- eller utan indeksering?

 

Nei, dessverre.

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg forstår det slik av Hunskaars innlegg frå 2011 at kyrkjebøker frå Statsarkivet i Bergen blir sende til Riksarkivet i Oslo for scanning.
Eg håpar at det ikkje er tilfellet no 10 år etter, i 2021. Statsarkiva har sjølvsagt scannerar sjølve, eller?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Gunnar Sigdestad skrev:

Eg forstår det slik av Hunskaars innlegg frå 2011 at kyrkjebøker frå Statsarkivet i Bergen blir sende til Riksarkivet i Oslo for scanning.
Eg håpar at det ikkje er tilfellet no 10 år etter, i 2021. Statsarkiva har sjølvsagt scannerar sjølve, eller?

 

Arkivverket har skanningsutstyr på alle arbeidssteder, men flere steder begrenset med ressurser til å utføre skanning. I 2011 var det en større mengde SAB-kirkebøker som skulle skannes, og det var i Oslo ressursene til å utføre skanninga fantes. Derfor ble det slik, den gangen. I 2021 tror jeg SAB-kirkebøker vil bli skanna i Bergen.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.