Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Rasmussen, fødd Rennesøy 1815 - skipper i Bergen - død kring 1845?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette temaet er ei oppfølgjing av tema #80329 frå det gamle Brukarforum der eg mellom annan skreiv følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

"Elen Oline Iversen, fødd i Bergen 5.7.1815, gifte seg i Bergen 27.12.1840 med styrmann Lars Rasmussen frå Rosnes på Rennesøy, døypt på Rennesøy 25.6.1815. To born er nemnde:

 

* Lars Iverin, fødd i Bergen 1842

 

* Eline Bergitte, fødd i Bergen 1844

 

FT1865 syner enkja Elen Rasmussen, lysestøypar, busett i 24-124 i Bergen. Dotteri Eline bur heime."

 

~~~~~~~~~~

 

Lars J. fann i fjor at Elen Oline med dotteri Eline Bergitte utvandra til Amerika i 1868. No har eg oppdaga at sonen Lars Iverin, i Amerika kjend som Lewis R. ROSS, utvandra til Amerika kring 1864. Han var skreddar og busette seg i Chicago, IL der han døydde 2.1.1903.

 

FT1900 syner Lewis Ross med kone, fire born og MORI Oline (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004113724_00816&fn=Carrie&ln=Ross&st=d&ssrc=&pid=10773887) busette i Chicago, IL.

 

Problem pr. i dag:

 

* Eg finn ikkje dødsfallet til skipper Lars Rasmussen i Bergen. Borni var fødde i 1842 og 1844. Fleire born fekk dei ikkje, so eg mistenker Lars for å vera bortkomen på sjøen kring 1845, men kan dette provast?

 

* Eg finn heller ikkje dødsfallet hennar Elen Oline Rasmussen "Ross" i Amerika - ho burde jo ha vore i Chicago, IL (hjå FamilySearch)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for interessant innlegg. Du har funne den riktige Lena Ross i 1880. Det syner seg at dotteri Eline var gift med dansken Christian Tagholm (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N3R3-9SK), men ho døydde før 1880.

 

Elles er Olena Ross dukka opp i dødsregisteret i Chicago, IL: https://familysearch.org/pal:/MM9.3.1/TH-267-11568-103952-76?cc=1463134 Namnet var misstava Olema!! Ho døydde 25.8.1903.

 

Etter dette sit me att med spørsmålet kring dødsfallet til Lars Rasmussen... Kanskje kjem me ikkje nærare noki løysing der?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

14. Christian Peter Tagholm. Født 9. september 1841. Død 1939. ~ 1. gang 1869 i USA med Eline Birgitte Rasmussen (1850-). .~ 2. gang 5. november 1880 med Caroline Magdalene Møller (1842-1928). (Hun ~ 1. gang m. nr. 10 afsn. 2.153).Børn: Gen IV nr. 19-23.

 

http://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=christian%20peter%20tagholm%20&source=web&cd=4&ved=0CDgQFjAD&url=http%3A%2F%2Fnis-edwin.list-petersen.dk%2F___prev%2F2_141.html&ei=9YvcToWiBrOM4gTqz-nuDQ&usg=AFQjCNFSsK4C_bURyiJxw_gIxk9pFKwEMw&cad=rja

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for flotte opplysningar om huslyden til Christian Tagholm!

 

Etter litt leiting i dødsfallsprotokollane for Bergen har eg endeleg funne ein merknad om dødsfallet til skipper Lars Rasmussen! Her står det visstnok (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27883/343/) at han døydde i september 1843, men dødsfallet vart tydeleg ikkje kjent før i november 1844. So er spørsmålet; kvar i all verdi kan han vera avliden?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg vil ta dette spørsmålet opp i Arkivforum. Kanskje...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×