Gå til innhold
Arkivverket

Johannes D. Sandal 1878-1907


Steinar Sletten
 Del

Recommended Posts

er på leit etter evnt. ektemake og barn, men også de 5 søsken til Johannes.

 

Info tatt fra Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesarkivet på nett:

 

Johannes D. Sandal (1878–1907) typograf og forfattar, som m.a. har gjeve ut ei diktsamling ”Fra folkelivet”, og ”Glimt fra Jølsters fortid” i 1901.

 

Han var også ein dugande målar og fotograf. Sandal var fascinert av segna om baron Audun Hugleikson på Ålhus, og fekk reist ein minnestein på den staden der ein meiner Auduns borg låg. Seinare vart ein større minnestein reist ved ungdomshuset ”Borgja”.

 

Johannes D. Sandal var fødd 1878 på plassen Jøle i Sandal, Jølster. Foreldra hans var Daniel og Karolina Sandal. Seks born vaks opp på den vesle plassen. Borna måtte tidleg ut frå heimen der kåra var trange. Johannes reiste til Bergen - til underoffiserskulen.

 

Bokarbeid i Bergen

 

I Bergen kom han saman med Mens Klyve som dreiv prenteverk og gav ut bladet Skuld. Kjennskapet til denne mannen hadde truleg ein god del å seia for Johannes og bokarbeidet hans. Han skreiv ein del dikt som kom med i bladet til Mens Klyve. Truleg er det i dette bladet at mange av dikta som er med i denne boka [nyutgåva], vart prenta første gong.

 

 

Nett på denne tida kom det fart i arbeidet med å granska bygdesoga til dei einskilde bygdene på Vestlandet. Ein kan nemna Jakob Aaland og hans arbeid med bygdesogene i Nordfjord. Johannes D. Sandal vart og gripen av tanken om å granska bygdesoga. Han hadde i tankane å skriva ei større bygdebok om heimbygda si, men det vart nok vanskeleg å skaffa tilfang til eit så stort verk. I staden kom så Glimt fra Jølsters fortid i 1901

 

Han var ein dyktig målar, særleg protrettmåleria hans vart omtykte. Han var og fotograf. Kameraet var sjølvgjort. Kunstnarinteressene gav heller lite til levemåten, og Johannes streva hardt for å livberge seg i ei vanskeleg tid. Han døydde i 1907 - berre 29 år gamal. Dødsårsaka var tæring (tuberkulose), men venen hans, J.M. Steffensen, seier det slik: "Han svalt og arbeidde seg i hel."

 

Håper på spennende og ny info om mannen.

Mvh

Steinar Sletten

post-1098-0-13766400-1323117415_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om det kan stemme at han døydde i 1905, så er det vel kanskje han som er oppført her som ugift http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=doed1881&gardpostnr=17434&merk=17434#ovre

 

mvh Egil

 

Her er dødsfallprotokollen, der det er oppført at han døde på Lungegården Hospital. Broren Sakarias Sandal er nemnd.

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 8 , 1904-1910, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27890/51/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615350293.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kyrkjebokregistreringa stadfestar tuberkolose som dødsårsak, og oppgir foreldra Johannes Danielsen Sandal og Karoline Zachariasdtr. (nr. 50) Kildeinformasjon: Bergen fylke, Stiftelsespresten, Kommunepresten, Ministerialbok nr. A 5 (1887-1908), Døde og begravede 1905, side 178.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2026&idx_id=2026&uid=ny&idx_side=-179

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815010594.jpg

 

I fylgje kyrkjebokregistreringa er han fødd 12.01.1877.

 

Kyrkjeboka på Jølst stadfestar dette (nr. 6) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Jølster, Ministerialbok nr. A 11 (1866-1881), Fødte og døpte 1877, side 85.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6888&idx_id=6888&uid=ny&idx_side=-90

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070112340462.jpg

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Se lenke her

 

Takker for snar respons.

 

Må dog si jeg synest det litt rart at fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har han oppført som død 1907, men ser jo at din info stemmer....

 

Steinar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.