Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Jørgenson Sterri (1843) og kona Maria (1859) - forsvinn i Amerika etter 1874 - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei gåte som eg har spekulert på i 25 år utan å komma noko nærare ei løysing. No vonar eg at ein eller annan i Brukarforum kan hjelpa meg vidare...:

 

Hans Jørgenson var fødd "uægte" i Hafslo i Sogn 19.10.1843. Mori var Guri Sjursdotter frå plassen Dversdalen under Prestegarden i Gaupne, Luster (1815-1883), medan faren var Jørgen Nilsson frå garden Sterri i Hafslo (1825-1850). Guri Sjursdotter "Julia Sivertson" utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg i Dane Co., WI 2.11.1865 med enkjemannen Iver Iverson Lad "Ever Everson" (1807-1883) som var utvandra frå Hafslo i 1857. Ever farma i Dunkirk township, Dane Co., WI, men flytte med Julia som pensjonist til Stoughton, Dane Co., WI. Noko skifte etter dei har eg ikkje funne!

 

Son hennar, Hans Jørgenson, utvandra til Amerika i 1861 og er sikkert òg komen fram til Dane Co., WI der ogso andre skyldfolk til mori var busette. Kanskje har han vore borgarkrigssoldat, eg veit ikkje, men han dukkar opp i vigselsregisteret i Goodhue Co., MN då han 9.11.1874 under namnet HANS JØRGEN STERRE gifte seg med Maria Endresdotter "Anderson", fødd på ein plass under garden Mo i Hafslo i Sogn 29.1.1859. Ho var dotter av Endre Arneson Moe "Andrew A. Moe" (1831-1873) og kona Anna Christophersdotter (Moe) (1829-1905). Denne huslyden utvandra til Amerika i 1870 og busette seg visstnok på ein farm i Wanamingo township, Goodhue Co., MN. Anna gifte seg att som enkje, men vart buande i Goodhue Co., MN levetidi ut. Det er nekrologen hennar som fortel at dotteri Maria framleis levde, men det står ikkje KVAR! Fire born i denne huslyden voks opp, Ellen Grondahl og Christopher Anderson har eg funne att i Cass Co., ND, medan dotteri Carrie "died a few years ago", som det heiter då mori døydde...

 

Eg har ikkje funne born etter Hans og Maria i Goodhue Co., MN eller andre stader, og det er verkeleg eit mysterium kvar dei kan ha gjort av seg!?

 

Alle gode tips vert mottekne med opne armar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Problemet er løyst etter mange år i uvisse!

 

Ein amerikanar prøvde ulike alternativ og fekk full klaff med bruk av ættenamnet NELSON (som var farsnamnet til far hans Hans!). Det syner seg at Hans og Maria fekk elleve born i lag, so der er det nok å henga fingri i...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.