Gå til innhold
Arkivverket
Per Reppen

Karen Marie Knutsdtr. Dimmesund

Recommended Posts

Per Reppen

Er det nokon som kan hjelpe meg med å finne foreldrene til

Karen Marie Knutsdtr. Dimmesund / Dimnasund, født ca 1814/1818?

 

Ho gifta seg 20.06.1852, i Borgund, Nr 10, med

Knut Andreas Martin Knutson Rørstad, født 1812 på Rørstad, Fiskarstrand.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

På FS finner jeg ei Karen Marie Knudsdatter,døpt sept 1815.

 

http://www.familysea...juris4friendly=

 

Kirkeboken:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-16

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70829650027.jpg

 

Broren Johannes Peter ble døpt 2 mars 1800.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-11

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70829650022.jpg

 

Foreldrene ,Knut Iversen og Mari Knutsdatter i 1801.Bor på Oosnæss .

http://digitalarkive...0&merk=240#ovre

 

De fikk også en sønn,Knut,født i 1802.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=dp15161777&gardpostnr=556&personpostnr=1112&merk=1112#ovre

 

Vet ikke om det er riktige Karen Marie Knudsdatter jeg har funnet.

 

 

Sulasoga: Gravlagde i Borgund 1816-1939

 

28.12.1893

Alderdomssv.

Avdød Forhv. Fyrvogter Knud Knuds. Rørstad Alnæs M

1812 http://digitalarkive...&merk=8447#ovre

 

11.6.1890

Alderdomssvaghed

Avdød Kone G-kone Karen Marie Knudsd. Alnæs K

1814

http://digitalarkive...&merk=7970#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Reppen

Takk for gode innspel, Ann-Mary!

 

Det kan vera den rette Karen Marie Knutsdtr. med foreldre:

Knut Ivarson og Mari Knutsdtr. Oosnæss (Osnes), Ulstein, dpt. i sept. 1815.

I så fall har familien flytta til Dimnasund seinare, for då ho gifta seg er faren innskriven som K. Dimmesund.

 

I same tidsrom skal dette paret ha vore i Dimnasund:

Knut Olson Øvrelid, 1768-1860, født på Nordfjordeid, Sogn og Fjordane og Mari Malene Thomasdtr. Stårheim, 1778-1849.

Dei skal ha hatt desse borna Oline, Elias, Johanne, Bernt, Pernille og Anne Kristine.

Eg finn ikkje noko Karen Marie, men er det mogeleg at dei hadde ei med det navnet òg.

 

Skifte for desse familiane finn eg heller ikkje.

 

Det er nok sansynleg at du har funne den rette, men greier vi å få det stadfesta?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

På FS finner jeg ei Karen Marie Knudsdatter,døpt sept 1815.

 

Kirkeboken:

[...]

 

 

Foreldrene ,Knut Iversen og Mari Knutsdatter i 1801.Bor på Oosnæss .

[...]

 

 

Vet ikke om det er riktige Karen Marie Knudsdatter jeg har funnet.

 

Først: Protokollen du viser til er ikkje noko kyrkjebok. Han er laga etter (truleg ein god del år etter) at prestegarden og kyrkjebøkene brann julenatta 1832. Det er eit mindretal av folket i Ulstein som er tekne med her.

 

Dinest:

Det er nok ikkje rett Karen Marie du har funne.

Karen Marie Knutsdotter Osnes vart gift 1843 med kjøpmann

Gerhard Wiig på Flåver i Herøy, par nr. 15 her:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2240&idx_id=2240&uid=ny&idx_side=-166

 

Ifl. bygdebøkene (Ulstein/hareid b.3 s. 272 og Herøy b.3 s. 294) budde Karen Marie med

mann og barn på Flåver og d. i 1900.

 

 

Men den Karen Marie som budde og døydde på Rørstad, kan vere den rette.

 

Bygdeboka for Ulstein/Hareid (b.4 s. 402, Åsen/Dimnasundås) fortel at Knut Olson Øvrelid og kona Mari Torgersd. (Stårheim?) kom frå Nordfjordeid og fekk seg plass under prestegarden Dimnasund i 1801.

Bygdebokskrivaren listar opp 6 born han har kjennskap til - men somme opplysningar verkar litt uvisse. Noka Karen Marie er ikkje nemnd. Den 6. er "Anne Kristina f. oml. 1823, det vert fortalt at ho var gift med fyrvaktaren på Alnes".

 

Knut og Marie levde til 1860 og 1849 - og det er ikkje teikn til noko skifte (ikkje uventa).

 

Sidan kyrkjebøkene gjekk tapt, er det magert med sikre opplysningar.

Dersom Karen Marie var f. ca. 1814, skulle ho vere konfirmert ca. 1830-32; dvs før brannen - og opplysningane ville vere tapte. Syskena er konfirmerte i tur og orden, frå Bernt konf. 1833 (f. 1817) til Anne konf.1840 (f. 1823) her:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2241&idx_id=2241&uid=ny&idx_side=-113

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Reppen

Takk for innspel, Ivar!

 

Då ser det ikkje ut til at det er mogeleg å finne eit endeleg svar på dette. Slik er det berre.

 

Et spørsmål, du skriv, sitat: Men den Karen Marie som budde og døydde på Rørstad, kan vere den rette. sitat slutt.

Kan vera den rette i forhold til ...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Et spørsmål, du skriv, sitat: Men den Karen Marie som budde og døydde på Rørstad, kan vere den rette. sitat slutt.

Kan vera den rette i forhold til ...?

 

Det kan vere den same som Karen Marie Knutsd. Dimnasund g. 1852 (i motsetnad til namnesystera frå Osnes).

 

Dimnasund er litt vanskeleg. Det var prestegard, og i periodar var det truleg ein paktar (det var ein 1801), i tillegg til 1-2 plassemenn. Desse etterlet seg få eller ingen spor i pante- og tingbøker eller i skifteprotokollar. Knut var attpåtil eit ganske vanleg namn. Dette gjer at Karen Marie sin far kan ha vore ein annan Knut Dimnasund enn den plassemannen som er kjend og nemnd her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Reppen

Takk til Ann-Mary og Ivar for god hjelp!

 

God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.