Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Tingbok for Sunnmøre - kva står om Lars Maråk her?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Sjølv om dette i utgangspunktet er ei tydings-sak legg eg det her i brukarforum, fordi eg reknar med at det kan løyse ut litt ordvekslingar om den store "Vereids-slekta".

http://arkivverket.no/URN:rg_read/28671/130/

 

Øverst på venstre side les eg Laurits Sølfestson Maråk, men kva han har føre seg ser eg ikkje heilt -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Utgangspunktet for spørsmålet er eit lite notat som grandonkelen min har gjort i sitt eksemplar av Gloppen Bygdebok. Han skriv der dette sidetalet, og stikkordet "ervebyte etter Birgitte Vinje" (ervebyte er eit eldre ord for skifte) - men eg kan ikkje sjå at det kan stemme.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Utgangspunktet for spørsmålet er eit lite notat som grandonkelen min har gjort i sitt eksemplar av Gloppen Bygdebok. Han skriv der dette sidetalet, og stikkordet "ervebyte etter Birgitte Vinje" (ervebyte er eit eldre ord for skifte) - men eg kan ikkje sjå at det kan stemme.

 

Birgitte Vinje nevnes i alle fall ikke her! Jeg har kun tid til rask parafrasering - så vidt jeg kan se, har Laurids Selfastesen Merach skullet møte sine medarvinger i Gloppen. Imidlertid uteble han, og for at de ikke nå skal tro at han uteble av frykt (les: frykt for å tape en tvist), hevder han at han uteble pga at veien over fjellet var uframkommelig.

 

Men det kan være mer i denne saken tidligere i tingboka, jf. første linje Laurids Selfastesen Merach atter for retten præsenterit ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mange takk! Eg får leite litt og sjå kva eg finn. Er det andre som kjenner til eit skifte etter Birgitte Vinje?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Myklebust

Mange takk! Eg får leite litt og sjå kva eg finn. Er det andre som kjenner til eit skifte etter Birgitte Vinje?

Eg har ikkje vore borte i noko skifte etter Birgitte. Og ho var i alle fall i live på dette tidspunktet. Ho er skriven som enkje etter Haldkield Vinje i 1656. Ein Ole, som er nemnd som brukar på Vinje i 1658 og 1660, kan ha vore hennar andre mann. I 1664 er det sonen Arne Haldkieldsen som har teke over.

 

Til slutt ein liten kuriositet frå "Vereide-slekta" frå Valde skibreide på Sunnmøre i 1656:

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok 3 , 1654-1656,

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28673/124/

 

"Anno 1656 den 6 juni bleff holdet lednings, schatte

och sageting paa Abildsetter i Valde Schibrede, ....

 

Siffuer Uduig var steffnet formedelst hand schal haffue

huset en fredløse mand ved naffn Jacob Vereid

nu forleden paasche tide, for: Siffuer møte och

kunde iche benegte at samme mand joe laa til her-

bergs hoes hannem en nats tid och iche videre och for-

mente at hand lige saauel laa hoes naboer der om

kring som hos hannem. Ellers var nu paa dene

tid ey nogen prouff derom, huor fore for: Siffer

bleff tilkiendt at bøde 1 mrk sølff...."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for svar - eg er dessverre 50 år for seint ute til å spørje kva Gamle-onkel eigentleg meinte med dette. Han var svært god til å lese gotisk skrift og.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×