Gå til innhold
Arkivverket

Ole Paulson og Kari Olsdotter - forsvinn etter 1762 frå Hafslo, men kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Paulson (Berget), døypt i Hafslo 13.1.1724, gifte seg i Hafslo 8.11.1756 med Kari Olsdotter (Skjervebakken), døypt i Hafslo 25.6.1724. Dei budde nokre år på heimeplassen hans på Berget i Solvorn sokn, Hafslo, men forsvinn herifrå etter 1762, utan at me kan sjå noko meir tll dei nokon stad! Fire born vart døypt i Hafslo:

 

* Synneva Olsdotter, døypt i Hafslo 2.1.1757

 

* Anna Olsdotter, døypt i Hafslo 16.3.1758

 

* Britha Olsdotter, døypt i Hafslo 5.8.1759

 

* Johannes Olson, døypt i Hafslo 12.9.1762

 

Etter dåpsdatoane å dømme vil eg tru at i alle fall Synneva og Anna døydde kort etter fødselene deira i 1758/1758, men eg finn dei ikkje i Hafslo. Heller ikkje finn eg fleire opplysningar om foreldri eller dei to yngste (kjende) borni.

 

Då det i 1810 vart halde skifte etter ei søster hennar Kari, er korkje Kari eller born av ho nemnde, so kanskje dei døydde heile huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for nyttige og gode innlegg! Det første skiftet er verkeleg etter Kari Olsdotter som var gift med Ole Paulson! No veit me med andre ord at Kari døydde hausten 1759, og kven denne Johannes fødd i 1762 kan ha vore, er eit ope spørsmål... To av dei tre døtrene Synneva, Anna og Britha levde då mori døydde, men dei er ikkje namngjevne. Det står berre at Johannes Kalhagen fostra opp den eine, medan Einer Solvi fostra opp den andre. Men dei må båe vera avlidne før dei kom i konfirmasjonsalderen, og me veit det levde ikkje att born etter Kari i 1810.

 

Med omsyn til Ole Paulson, so veit me at han levde i 1773, då det vart halde skifte etter ein morbror av han.

 

Nærare noko svar på dette problemet kjem me truleg ikkje, men nok ein stor takk til Siw for oppdagingi av skiftet frå 1759! No veit me i alle fall at dei ikkje flytte frå bygdi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.