Gå til innhold
Arkivverket

Christi Johannesdotter Kalhagen - fødd Luster 1823 - konfirmert Hafslo 1840 - kvar vart ho av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Christi Johannesdotter Kalhagen var fødd i Luster 7.2.1823, dotter av husmann Johannes Thomasson Kalhagen (1795-1872) og kona Kari Thomasdotter f. Hauge (1794-1858). Dei budde berre kort tid i Luster, var elles busette på Hafslo, for det meste på ein plass under garden Kalhagen. Johannes og Kari fekk i alt åtte born; av dei vart desse vaksne:

 

* Elisabeth Johannesdotter (1819-1918) vart gift og budde på garden Åberge i Luster

 

* Einer Johannesson (1825-1878) vart ei tid i Flakstad i Nordland, men vart sidan gift og budde på garden La i Hafslo

 

* Thomas Hess von Krogh Johannesson (1827-1896) flytte i ung alder til Flakstad i Nordland og vart buande der

 

* Ole Johannesson (1833-1905) vart gift og budde på garden Ugulen i Hafslo

 

* Lars Johannesson (1836-1924) vart gift og budde på ein parsell av garden La i Hafslo

 

Eg kan ikkje sjå at Christi er registrert mellom emigrantane til Amerika og hadde heller ingen søsken som utvandra. Kanskje er det meir sannsynleg at ho er flytte med brørne sine til Flakstad i Nordland?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw for spennande innlegg!

 

Først av alt, lat me orsaka for feil farsnamn. Johannes Kalhagen heitte Johannes Einerson og ikkje Thomasson!

 

Den Christi Johannesdotter det var skifte etter i 1848, var bestemori med same namn. Ho døydde i 1848!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielsen til Johannes Thomassen og Kristi Johannesdatter fra ft 1865:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=48296&urnread_imagesize=gigant&show=192#bunnen

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (1859-1877), Ekteviede 1864, side 189.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6925&idx_id=6925&uid=ny&idx_side=-192

 

 

Kristi Johannesdatter er nok denne, født i 1829, se nr. 53, og ikke Christi fra Luster:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=48438&urnread_imagesize=gigant&show=44#bunnen

 

 

Mvh Randi Haugros

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Randi for nye interessante innlegg om dette problemet!

 

Eg dreg kjensel på dei andre Christi Johannesdøtrene som du Siw har funne, men diverre er dei alle andre personar... Namnekombinasjonen Christi Johannesdotter var ikkje so heilt uvanleg på våre kantar...

 

Eg trur framleis at "vår" Christi bør vera å finna i Nordland, men kanskje ho stogga ein annan stad før ho kom so langt som til Flakstad...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.