Gå til innhold
Arkivverket

Peder Sørenson Grinde - klokkar i Hafslo frå kring 1710? - gift to gonger?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dete tema byggjer på tema #38102 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/123607-38102-peder-soerenson-grinde-1680-1749-klokkar-i-hafslo-fraa-joelster-eller-kva/page__p__1008884__hl__38102__fromsearch__1#entry1008884), som me aldri greidde å finna ei løysing på:

 

Peder Sørenson Grinde var klokkar i Hafslo, kan henda so tidleg som kring 1705 og i alle fall frå kring 1718 og utover, og han døydde der kring 1749. Peder var gift to gonger, først med ei Synneva som døydde kring 1730, og so med Margretha Larsdotter Walter (1708-1776).

 

Det er svært uklart kva tid Peder kom til Hafslo, for der skal òg ha vore ein klokkar med namn Peder Clausson, men i alle fall hadde Peder Sørenson Grinde born i første ekteskapet fødde mellom 1706 og 1716, so både han og Synneva må vera fødde kring 1675-1685.

 

Problemet er berre: Kvar i all verdi kom dei ifrå? Jølster og Leikanger er sjekka ut som aktuelle opphavsstader; kanskje var han frå Hordaland? Eller kom han austante?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Jaba for spennande innlegg!

 

Når me veit at Peder Sørenson Grinde hadde born i første ekteskapet fødde mellom 1706 og 1716 (Eli 1706) Britha (1709) Margretha (1714) og Kari (1716), og om han kom til bygdi som klokkar, må me gå ut ifrå at han ikkje kan vera fødd noko særleg mykje seinare enn 1680, heller noko før, og det finst ingen aktuelle kandidatar i Sogn og Fjordane! Peder Sørenson i Jølster (fødd 1683) vart klokkar i Jølster, og Peder Sørenson i Hafslo (fødd 1787), vart gardbrukar på garden Morki i Hafslo.

 

Peder Sørenson MÅ difor vera komen frå eit anna fylke. Han kan sjølvsagt vera danske, men ein eller annan stad må han ha "plukka opp" namnet Grinde, og kvifor ikkje i Tysvær? Kjenner ein til nokon Peder Sørenson derifrå?

 

1701-teljingi for Stavanger amt (Rogaland) syner EIN høvande kandidat under garden Kleiberg i Hinderaa sokn: http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=1701stav&gardpostnr=7610&merk=7610#ovre - fødd kring 1673. Igjen, kanskje ei bygdebok for Hinderaa kan hjelpa? Hinderaa ligg jo i Ryfylke og ikkje so langt frå Tysvær...

 

1701-teljingi for Søre Bergenhus amt (Hordaland) har INGEN høvelege kandidatar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1701-teljingi for Stavanger amt (Rogaland) syner EIN høvande kandidat under garden Kleiberg i Hinderaa sokn: http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=1701stav&gardpostnr=7610&merk=7610#ovre - fødd kring 1673. Igjen, kanskje ei bygdebok for Hinderaa kan hjelpa? Hinderaa ligg jo i Ryfylke og ikkje so langt frå Tysvær...

 

Hinderaa ligger ikke bare i nærheten av Tysvær, men i Tysvær. Garden Kleiberg er omtalt i Tysvær Gard og ætt 7. Der står det også at "Strandstaden Nedstrand låg under Kleiberg. Dei som budde der vart t.d. i 1718-manntalet kalla husmenn under Kleiberg. Strandstaden vart matrikulert med eige matrikkelnr i 1831. Her i boka er strandsitjarane førte under Nedstrand eller "Strannå"".

Tilfeldigvis har jeg denne boken, men har så langt ikke gjenfunnet Peder Sørensen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Strandstaden Nedstrand låg under Kleiberg. Dei som budde der vart t.d. i 1718-manntalet kalla husmenn under Kleiberg.

Fant Peder Sørensen på side 350; som tjener hos Erik Jørgensen Klingenberg i Nedstrand (1631-1714) grl i kyrkja, son til byfogd i Helsingør Erik Baltsersen. Om Peder står det: "f. 1673 i Hinderå sokn, dreng 1701."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jaba og Siw for nye spennande innlegg!

 

Ein skal aldri seia aldri, men eg har lita tru på at den Peder Grinde som i 1710 gifte seg med Gjetlaug på Leikanger, kan vera den same Peder Grinde som me leiter etter. Kona hans heitte Synneva i 1728, og Synneva går igjen som oppkallingsnamn i heile slekti. Gjketlaug finst over hovudet IKKJE...

 

Derimot har eg ganske so god tru på at Peder Sørenson i Nedstrand (Tysvær) godt KAN vera mannen me ser etter. Hadde det vore mogeleg å finna ut kven han var son av? Elles har det ogso sidan vore ein del samband mellom Nedstrand og Hafslo...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Derimot har eg ganske so god tru på at Peder Sørenson i Nedstrand (Tysvær) godt KAN vera mannen me ser etter. Hadde det vore mogeleg å finna ut kven han var son av? Elles har det ogso sidan vore ein del samband mellom Nedstrand og Hafslo...

På prestegarden i Hinderå bodde Hans Sørensen Godtzen (1654-1721), som var sokneprest i Nedstrand 1696-1721. Han var sønn av borgermester Søren Pedersen Godzen, se Ætt og Heim 1981 s. 132, søsteren var gift med futen Nils Kristensen som bodde på Sandsgård (i Nedstrand). Peder Sørensen kan vel godt være en annen sønn til Søren Pedersen, og altså bror til Nedstrand-presten. Det er i hvert fall det nærmeste jeg kommer ved leting etter Peder på gardar i Hinderå sokn i bygdeboka. I hvert fall en tråd det kan trekkes litt mer i ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Siw og Jaba for nye spennande innlegg!

 

Eg trur me heilt kan sjå bort ifrå Jølster når me leiter etter opphavet til Peder Sørenson Grinde. Statsarkivar Yngve Nedrebø har eit uomtvistelegt oversyn over denne ætti i Jølster, og eg finn ingen grunn til å trekkja hans ekspertise i tvil på dette punktet.

 

Eg ser heller ikkje nokon grunn for at Peder Sørenson Grinde skal vera komen frå Selje. Det var svært lite samkvem mellom Nordfjord og Hafslo. Ein og annan fjording fann sjølvsagt vegen til indre Sogn, og likeins fór det folk hin vegen, men, som sagt, det var langt imellom dei... Då var det annleis med Stryn i Nordfjord og Jostedalen der det gjekk ein viss trafikk over Jostedalsbréen, særleg i samband med at Jostedalen vart oppattdyrka frå øyde på 1500-talet (jmf. språkdialekten i Jostedalen). Men den gongen var det òg svært lite samkvem mellom Jostedalen og resten av indre Sogn. Det var dårleg med vegsamband...

 

Nei, eg har framleis meir tru på Ryfylke-teorien, men om Peder var bror av Hans Sørenson Godtzen, den lokale soknepresten, er eg meir i stuss på. Eg har skrive til ein gamal kjenning, Nils Olav Østrem, som før har vore i arbeid med bygdebøkene frå Tysvær, so får me høyra om han har nokon teori når det gjeld Peder Sørenson?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grinde er også et Trøndelag-navn, men at trøndere slo seg ned i Indre-Sogn på denne tiden er vel lite trolig?

 

Tok det bare for ordens skyld med!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.