Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Halvor Paulson Moldsvor (1694) - Hornindal (Eid) - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Manntalet frå 1701 for Hornindal (Eid) i Nordfjord syner for garden Moldsvor denne huslyden:

 

Paul Halvorson 32 - fødd kring 1669

Halvor Paulson 7 - fødd kring 1694

 

Eg mistenker denne Halvor Paulson for å ha gift seg kring 1722 med ei Christi Sørensdotter og busett seg på garden Lad i Hafslo der han døydde i 1727. Han let etter seg enkja Christi og ein son Paul døypt i Hafslo 23.5.1723. Enkja budde framleis i Hafslo i 1730, men flytte snart etter derifrå att, uvisst kvar. Kanskje attende til Hornindal, om det var derifrå dei kom...??

 

Eg vonar det finst ein eller annan med lokal ekspertise på Hornindal, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, som kan fortelja meg noko meir om denne huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kai M Kveum

Jeg har tilgang til boken og under Muldsvor g.nr.198, b.nr.2 står det:

Paul Halvorsen Frøholm 1669-1735 g. 1 Eva Antonsd. d.1715, 2. Barbra Ellingsd. Bakke 1691-1750

Barn:

1. Halvor 1696-1716

2. Brite

3. Halvor 1724-1750. Han var ute som soldat.

4. Elling 1725 g. 1755 Mari Abrahamsd. Holmedal, utfl.,

5. Anne 1727

6. Paul 1732-1733

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har funne eit skifte på Muldsvor i Hornindalen frå 1715 etter Eva Antonisdotter Muldsvor (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24222/248/).

 

Ervingane hennar var:

 

* Paul Halvorson, enkjemann, 62 år

* Halvor Paulson, son, 22 år

* Britha Paulsdotter, dotter, 23 år

 

Det neste skiftet på Muldsvor er frå 1750 etter ei Barbro Ellingsdotter Muldsvor (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24228/18/).

 

Ervingane hennar var:

 

* Peder Iverson, enkjemann

* Elling Paulson, hennar son frå tidlegare ekteskap, 26 år

 

Etter dette kan me vel gissa på at Paul Halvorson har gift seg att med denne Barbro, og at dei vart buande på garden. Halvor er altso flytt herifrå!!

 

Og skifteregisteret syner at Peder Iverson vart buande på garden...

 

Denne Halvor trer etter mitt syn fram som ein stadig meir aktuell "kandidat" for å vera flytt til Hafslo...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hjarteleg takk til Kai for nytt, om enn "dødeleg" innlegg, som kom medan eg skreiv det føregåande! Etter dine oppplysningar ser det ut som om Halvor Paulson (d.e.) døydde ugift i 1716, so då er han jo uaktuell som gardbrukar i Hafslo på 1720-talet...

 

Vel, me lyt "back to square #one"

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.