Gå til innhold
Arkivverket
Magnus Andreas Våge

Informasjon om dødsfall i ein skifteprotokoll frå 1809.

Recommended Posts

Magnus Andreas Våge

Eg prøver å finna ut når når ein av mine forfedre døydde.

 

Han heitte Tosten Haagnesen og budde på garden Hegland i Os i Hordaland då han døydde.

 

Eg har kome til at han døydde i løpet av det fyrste tiåret av 1800-talet. Dessverre er det ei glipe i kyrkjebøkene for Os for perioden mai 1808 til januar 1816. I denne perioden er det berre ført dåp og ikkje konfirmasjon, vigsel eller gravferd.

 

Eg har byrja å kikka litt i skifteprotokollane og funne ut at det vart halde skifte etter han i 1809. Eg er ikkje så flink at eg klarar å tyda teksten i skiftet, men eg lurer på om det står noko der om når han døydde, eller om nokon veit kor raskt etter dødsfallet det var vanleg å halda skifte? Eg klarer å tyda datoen «24. October 1809» på slutten av skiftet, men kva er dette datoen for?

 

Konklusjonen min er at han må ha døydd ein gong mellom april 1808 og oktober 1809, men kan nokon kikka på skiftet for meg og sjå om eg kan klara å koma endå nærmare eit tidspunkt for dødsfallet?

 

Her er ei lenke til sida: Skifte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Skiftet er datert 23. oktober 1809, og det som står om avdøde er at han var "for nogen Tiid siden ved Døden afgangen". Nærmere synes ikke skiftet å tillate oss å komme dødstidspunktet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Magnus Andreas Våge

Skiftet er datert 23. oktober 1809, og det som står om avdøde er at han var "for nogen Tiid siden ved Døden afgangen". Nærmere synes ikke skiftet å tillate oss å komme dødstidspunktet.

 

Takk for hjelpa! Eg får slå meg til ro med eit års slingringsmonn!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.