Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nils Mogensson Rygg i Gloppen - storarta oversikt over borna hans


Recommended Posts

Kjell Fredly sit for tida med nasa i bergenske skifteprotollar, og har sendt meg dette skiftet (høgre side) som viser at Nils Mogensson har 7 born med 2 koner. To av dei har eg hatt i gloppe-basen min før, utan å vite at dei skulle knytast til Nils som far.

 

Så i kveld er det nesten som ei lita julaft her med opning av uventa presangar - takk, Kjell!

 

Eg går ut frå at "Berent" = "Byrge/Borger".

Kunne du tenke deg å lage en enkel og grei oversikt over Nils Mogenssons to ekteskap og vilke barn som hører til hvor. Jeg går meg fort vill i slike skifter og ender som regel om med feilt resultat.

Eg er ikkje i mål sjølv, men er i alle fall komen til dette:

 

Fullbror Elling - busett i Gloppen.

 

Fullbror Berent - dette må vere han som vi kjenner som Borger/Byrge på Grov i Gloppen; han er død og etterlet seg sonen Nils i Holland og dottera Malene (dette må vere Else Malene); død og etterlatande dotter Marte, oppgjeven å vere 24 år; denne alderen stemmer ikkje heilt med det eg har frå før.

 

Halvbror Mons, død og etterlatande seg ei dotter Malene gm Hans Nilsen i Bergen - sjølv om Mons står til slutt må han truleg vere frå eit fyrste eksteskap, om han skal rekke ei dotter som gifter seg i 1734 (som eg har funne ho gjer).

 

Fullsyster Malene Nilsdtr, død og etterlatande seg borna Nils Olsson Rygg og Malene Olsdtr gm Tollev Olsson Mardal. Her fekk eg knytt ei lenke mellom to kjende familiar.

 

Så fullsyster Lisbet Nilsdtr - henne har eg også i basen frå før, men med ukjent opphav - ho er gift med Ola Pederson Hope, og skiftet gjev litt nye opplysningar om borna hennar.

 

Nils Mogenson hadde også sonen Peder som døydde i 1696, 32 år gammal. Han trur eg må vere frå det andre ekteskapet.

 

Her er mykje lesestoff her, og eg har på langt nær forvissa meg om at eg har fått ut alle opplysningane.

Dersom det er samme mannen som søker borgerskap 12.12.1712 som høker, da er det neppe " din " Mons. Denne var født i Bergen.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=borg1600&gardpostnr=5890&merk=5890#ovre

Jeg har ikke mye info om denne familien, jeg hadde kun sønnen Elling i min database fra tidligere. Men det er ingen Mons Nilsen (i noen skriveform) som har fått en datter som begynner med Mal i Bergen frem til 1815.

 

Men dette er kanskje datteren Malene's vielse i 1734.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=55&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=1906&merk=1906#ovre

Eg trur det må vere rette Bernt/Byrge. Det kan virke rart at desse to namna kan brukast om kvarandre, men eg må stadig dra fram bygdeuttalen for Byrge/Borger/Børre etc - Bærå. Og det er ikkje umuleg at det kan bli tolka som Berent/Bernt.

 

Erik er son til Nils Olsson Rygg og skal sannsynlegvis ikkje knytast til denne slekta.

Elles er mitt inntrykk at denne Rygg-familien, og likeeins Tonning som Eli er gift inn i, nærmast er for langpendlarar å rekne - Bergen/Nordfjord omeitanna.

 

Svært artig å sjå øverst på neste side at dødsfallet skal kunngjerast (er kunngjort?) både i danske og amsterdamske "adviser".

  • 5 år senere...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.