Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ein ekte Sogndals-nøtt? - Nils Olson Quale (1678-1743) og Anna Andersdotter Uglum (1683-1758)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Nils Olson Quale, fødd kring 1678, døydde på Kvåle i Sogndal i 1743. Han gifte seg kring 1714 med:

 

Anna Andersdotter Uglum, fødd kring 1683, døydde på Kvåle i Sogndal i 1758.

 

Dei fekk fire born i lag:

 

* Anders Nilsson (1715-1774) - busett Raunehaugen i Øvstedalen

 

* Astrid Nilsdotter (1717-1780) - busett Sogndalsfjøra

 

* Christi Nilsdotter (1719-1784) - busett Gunvordalen

 

* Anna Nilsdotter (1722-1755) - busett Kvåle

 

Skiftet etter Nils Quale frå 1743 syner at Sjur Andersson Uglum var bror til Anna Andersdotter. Sjur Andersson Uglum gifte seg i Sogndal i 1705, men han er ikkje å sjå i Sogndal i 1701, og ikkje heller finn eg Nils Olson i Sogndal i 1701.

 

Er det nokon med Sogndalsekspertise som kan fortelja meg kven Nils og Anna var? Foreldri deira? Søsken?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Svenn Ruskedal

Hei Lars!

 

Her er noen kandidater söm "Niels Olsen" 20-25 år i manntal 1701 i " Indre Sogn". Finnes også noen i "Nordfjord" området.

 

Førenamn: Niels Etternamn: Olsen Alder: 22 Yrke: t Gard: Bøe Stand: Sokn: Prestegjeld: Lærdals Merknad: føed i sognet

 

Førenamn: Niels Etternamn: Olsen Alder: 20 Yrke: t Gard: Windedals sauger Stand: saugmester Sokn: Prestegjeld: Lærdals

 

Førenamn: Niels Etternamn: Olsen Alder: 20 Yrke: t Gard: Stedie Stand: Sokn: Prestegjeld: Wiigs Merknad: fød paa gaarden

 

Nå har jeg bygdeböker for desse stedene, så jeg kan sjekke det opp.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Svenn Ruskedal

Her har vi en "Siur Andersen" i passende alder og den eneste i "S & F" :

 

Førenamn: Siur Etternamn: Andersen Alder: 21 Yrke: hs Gard: Tang Stand: huusm. Sokn: Prestegjeld: Hafsloe Merknad: tien syndenfieldz

 

Og selvsagt har jeg bygdeböker for "Luster". :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svehn for spennande og interessante innlegg frå i aftes!

 

Eg har òg vore inne på tanken om at Sjur Andersson frå Tang på Hafslo kunne liggja attom Sjur Andersson Uglum, men nærare studier av bygdeboki for Sogndal syner at Anders Torbjørnson og Christi Hansdotter hadde vore brukarar på Uglum like før Sjur Andersson kom dit, og dette må ha vore foreldri hans, noko òg oppkallingi (Christi) tyder på. So her har me eit døme på at 1701-manntalet inneheld ein del feil, noko me for so vidt veit frå før...

 

Men når det gjeld Nils Olson, er me framleis i det uvisse. Oppkallingi kan her tyda på at mori heitte Astrid, noko som langt frå var noko vanleg namn i indre Sogn på den tidi. Nils og Anna budde første åri som leiglendingar på Skjervo i Hafslo før dei flytte til Kvåle i Sogndal.

 

Av dei alternativi som du har sett opp for Nils Olson i 1701, er det ein som eg finn særleg spennande:

 

* Nils Olson, 20 år, tenestedreng på Windedals sag i Lærdal.

 

Men diverre seier ikkje manntalet noko meir om kven han var, so eg veit ikkje korleis me skal finna ut av det...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Dette har du sikkert fra før Lars, men her er vel skiftet etter Sjur Andersen Uglum:

Namn arvtakar: Siur, Andersen Gard: Uglum, nr.: Husmannsplass: Yrke: Dannemand Skipreide: Sogndal Protokoll/side: 5b-416 Datering: 1741-1748 Dato: 4.12.1745 Eiga: Gjeld: Netto: 15 Dalar, 0 ort, 0 skilling Merknad:

Personar i skiftet :

(1) Johannes Siursen Myndig Søn

(2) Christi Siursdatter Datter

(3) Marite Siursdatter Datter

(4) Torbiørn Aasen Lyster Gift med Marita

(5) Elling Rugesetter Gift med Christi

Share this post


Link to post
Share on other sites
Eli Randmo

At Sjur Anderson og Anna Andersdotter er søsken går også fram av skifte etter Ingebrigt Uglum som vart halde 25.09.1689.

 

Namn arvtakar: Ingebrit, Gard: Uglum, nr.:5 Husmannsplass: Yrke: Skipreide: Sogndal Protokoll/side: 2-34 Datering: 1689-1695 Dato: 25.9.1689 Eiga: 33 Dalar, 5 ort, 14 skilling Gjeld: 6 Dalar, 5 ort, 4 skilling Netto: 27 Dalar, 0 ort, 10 skilling Merknad:

Personar i skiftet :

(1) Siur Andersen Forriges s øn

(2) Boets gjeld Kreditor

(3) Anders 1. hustrue Uglum Død Arving

(4) Anna Andersdatter Forriges datter

 

Kjelde: http://www.sffarkiv....ppinfourl=&id=4

 

Eg tolkar det slik at mor til Sjur og Anna er død, ho var arving etter Ingebrigt.

 

I 1701 er Anders Torbjørnson brukar på Ugla, han har to søner som bur heime, Peder 10 og Hans 8. Desse må vera frå eit seinare ekteskap.

 

Anders Torbjørnson Ugla døyr i 1704 og Kristi Hansdotter i 1704

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.