Gå til innhold
Arkivverket

Ole Halvorson, fødd Løland, Hyllestad 1722, gift Gulen 1747, busett Lindås 1749 - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med følgjande problem:

 

Ole Halvorson (Løland), døypt i Hyllestad (Gulen) 9.3.1722, gifte seg i Gulen 30.12.1747 med Anna Samuelsdotter (Klokeide). Eldste son deira var:

 

Halvor Olson, døypt i Gulen (Eivindvik hovudsokn) 1.1.1749. Som foreldre er oppgjevne Ole Halvorson "Lervig af Lindaas" og Anna () (øvst til høgre).

 

Eg søker lagnaden til dette parfolket og ser mellom anna at ein Ole Halvorson "Waby" vart gravlagd i Lindås "Dom. Invoc" 1778, 56 år gamal - ein perfekt "match" i alder, men er det han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette problemet er kjapt vorte løyst. Frå bygdebokskrivar Arvid Skogseth for Lindås har eg motteke følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Dei budde på Vadbu i Lindås, jf Bygdebok for Lindås band III side 280. Sjå tekst nedanfor.

 

mvh Arvid Skogseth

 

Vadbu gnr 102 bnr 1

 

11. Anna Samuelsdtr f. 1710 d. 1772 (62 år gl) g. 1747 Gulen m. Ola Halvorson f. 1722 d. 1778 (56 år gl). Han fekk skøyte på Vadbu i 1748 for 28 rdl. Ho var nemnd Klokkeid i Gulen ved giftarmålet, medan han stod utan gardsnamn. Ved skiftet etter sonen Halvor i 1779 var farbroren Botolv Halvorson arving. Han budde på Orknes i Gulen (jf Gulenb. II s 259), og var frå Sætre i Brekke, Gulen, så Ola var altså derfrå. Han var lagrettemann i 1757.

 

Born: a. Halvor f. 1749 d. 1779, neste brukar (12). b. Samuel f. 1754 d. 6 dg gl.

 

12. Halvor Olson f. 1749 på dette bruket (11a) d. 1779 g. 1772 m. Siri Ivarsdtr f. 1743 Hodneland i Lindås d. 1814 (jf Mykingb. s 650). Ingen born. Skøyte på garden i 1772 for 30 rdl. Han var stemnevitne i 1771 og lagrettemann i 1773. Det vart skifta etter Halvor i 1779 med arvingane enkja Siri og hans farbror Botolv Halvorson Orknes. Jordegodset vart vurdert til 90 rdl og utlagt på dei to med det halve på kvar. Her var lausøyre for 81 ½ og uteståande krav på 6 rdl, samla formue 177 ½ rdl. Til frådrag kom skattar med 5 ½ rdl, anna gjeld 11 rdl, enkja sitt gravferdsvederlag 12 rdl og skifteutgifter 11 ½ rdl, sum 40 rdl. Arven vart dermed 137 ½ rdl med knappa 69 rdl på begge.

 

Enkja Siri Ivarsdtr g.2.g. 1780 m. enkjemannen Ola Amundson f. 1754 Vassel i Lindås d. 1810, dei budde der (jf Hosangerb. I.2 s 686).

 

~~~~~~~~~~~~

 

I dette tilfellet synte det seg altso at "tipset" stemte, og problemet er heilt løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra respons du fikk til slutt, og att det meste blev avklart. :)

 

Undrer på hvor "Anna Samuelsdtr." kom fra??, har funne et sted? en som blir döpt 1711 i "Öen/ Askvoll" med far "Samuel Ulvik".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk tiul deg, Svehn, for interessant innlegg!

 

Eg har òg spekulert på kven Anna Samuelsdotter kunne vera, og Ulvik i Øen sokn, Askvoll, som idag er ein del av Hyllestad, er eit godt alternativ! Kva seier bygdeboki frå Hyllestad om denne huslyden?

 

Eg finn ikkje denne dåpen i 1711, men kanskje eg har oversett noko?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har allerede sjekket opp det i BB "Hyllestad" b.1 under "Ulvik" men det finnes desverre ikke noen "Samuel" der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

spacer.gif Birth: 1711 Askvoll, Sogn Og Fjordane, Norway spacer.gif Christening: spacer.gif Death: 1763 spacer.gif Burial: spacer.gifspacer.gifspacer.gifspacer.gif Parents: Father: Samuel Ulvik

 

Kan ikke väre denne "Anne", hun döde 1763.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn for kjapt svar!

 

Då får me lata denne Anna Samuelsdotter liggja, sidan det tydeleg ikkje er "rett dame".

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foruten en "Samuel" på "Sandöen" i "Askvoll" i manntal 1701 i "S & F", så finnes de fleste kandidatene som "Samuel" i "Nordfjord" og " Indre Sogn". Eller kan "Anne" väre fra "Hordaland" ??. Skal sjekke div. BB her etterhvert. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svehn for siste innlegg!

 

Eg fryktar nok at ogso dette problemet kan verta vel "tuft" å koma nokon veg med. Kyrkjebøkene for denne perioden er so sporadiske, og so lenge me ikkje har nokon sikre spor å følgja, trur eg me skal lata dette liggja "for the time being"...

 

Men sjølvsagt, svaret kan jo liggja nærare enn me trur...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.