Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torsten Erikson på Breivik i Gulen - oppslag i bygdebok?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Erikson frå garden La i Hafslo (1717-1771) miste mor si i 1729 og far sin i 1737. I 1746 døydde også stemori, og våren 1747 flytte den nygifte Lars til Gulen der han og kona Siri vart gardbrukarar på garden Halland. Huslyden deira er samla før!

 

MEN, eg har ein mistanke om at eit par av dei yngre søskeni hans Lars kan ha fulgt med dei til Gulen:

 

* Torsten Erikson, fødd i Hafslo kring 1726, levde 1737

 

* Kari Eriksdotter, døypt i Hafslo 26.10.1732, levde 1746

 

* Nils Erikson, døypt i Hafslo 2.11.1735, levde 1746

 

Dei to siste var halvsøsken. Alle forsvinn dei frå Hafslo!

 

Ved litt leiting har eg oppdaga ein svært god "kandidat" for Torsten Erikson. Ein kar med dette namnet gifte seg i Gulen 13.7.1749 med ei Sara Paulsdotter. Denne Torsten vart gravlagd frå Breivik i Gulen 24.7.1785 (ingen alder oppgjeven), medan Sara Paulsdotter vart gravlagd frå Breivik 1.5.1807, 70 år gamal. Alderen hennar er nok ikkje heilt rett...

 

Dette paret fekk minst desse borni:

 

* Erik Torstenson – døypt i Gulen 1.2.1750

 

* Anders Torstenson – døypt i Gulen 26.12.1750, gravlagd i Gulen 19.2.1751

 

* Anna Torstensdotter – døypt i Gulen 28.7.1752

 

* Martha Torstensdotter – døypt i Gulen 9.7.1757

 

* Dortha Torstensdotter – døypt i Gulen 30.11.1759

 

* Mons Torstenson – døypt i Gulen 27.11.1760

 

* Mari Torstensdotter – døypt i Gulen 21.4.1766

 

Kan dette vera "vår" Torsten Erikson? Har bygdeboki for Gulen (under garden Breivik) noko å seia når det gjeld opphavet til Torsten (og ogso Sara)?

 

Dei fleste av desse opplysningane kjem frå FamilySearch, ogso vigsli, og nettopp den finn eg ikkje i originalen for å sjekka kva ættenamn dei då skreiv...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Her er skiftet etter Torsten Eriksen, men det har du sikkert allerede:

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 10a , 1783-1786, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 1-357.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24168/244/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125610246.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Svenn Ruskedal

I flg. BB "Brekke" b. 3 gnr.69 "Breidvik", så er "Torstein Erichson" fra "Y. Breche" (1713-1785).

 

Og i samme BB under gnr.61 "Y. Breche", finner jeg en "Erik Olsen" g. 1713 m. "Getlaug Lassedtr.", barn nr.1 "Torstein" födt 1713.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Svehn for raske reaksjonar!

 

Diverre syner oppslaget til Svehn at denne Torsten Erikson ikkje er han me leiter etter, so då lyt søket halda fram andre stader...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.