Jump to content
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Arne Janson Reed - ei lita nøtt i Gloppen SF.

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Kyrkjebøkene for Gloppen startar i 1686, og noko av det fyrste som er notert er ei Publ Absolvav Johannes Torson Reed og Lisbet Arnedtr Skåden. Synda er ikkje nemnd, men vi må vel tillate oss å tru at det er snakk om forplantningsaktivitet. Noko dåpsbarn er ikkje å finne, men desse fyrste kyrkjebøkene er ikkje komplette. To år seinare er derimot Johannes sin son Tor døypt, og gravlagd; mora er som vanleg på den tida ikkje nemnd. Seinare følgjer Mari, Jan, ny Tor og Arne, denne siste i 1696. Namnet på faren er skrive Johannes, Johans og Jan.

 

I 1701 finn teljaren Johannes Torson 41 år gammal på Reed, og med seg sønene Jan og Arne, 6 og 4 år gamle. OG dessutan ein Stifsøn, Arne Janson, 15 år gammal - ! Og reknar du 15 år tilbake frå 1701 kjem du til 1686, det året Johannes Torson måtte stå til offentleg skrifte.

 

I 1716 trulvar Arne Janson Reed seg - det er den eldste av dei - og Arne Johanson i 1727 - det er den yngste.

 

Seinare finn vi Arne Johanson Reed, død 67 år gammal i 1763 (passar med fødselsår 1696), kolonnen lengst til venstre på venstre sida, og Arne Johanson Reed, død 82 år gammal i venstre kolonne på høgre side; ville gje fødselsår 1682, men alder er som kjent ofte for høg ved død.

 

Det finst skifte etter begge desse Arne Johanson. Begge har ei dotter som heiter Lisbet, men ikkje som eldste dotter.

 

Mitt problem er om Arne Johanson d.e. er resultatet av Publ.absolv-gjerninga i 1686, og kvifor i så fall han er kalla Stifsøn i 1701.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tor Kvien

Jeg har notert følgende i databasen min som mulige foreldre til Arne Jansen:

 

En Jan er 24 år ved folketellinga for 1665. Han er oppført som oppsitjar på Reed, men er ikkje nemnd i bygdeboka. Det ser ut som at han budde på det største bruket. Om han var gift med Lisbeth Arnedatter Skaaden er meir enn uvisst.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, den alderen passar ikkje med Johannes Torson. Men hovudproblemet mitt er denne publ.absolven på eit tidspunkt som på alle måtar passar til Arne senior sitt fødselsår -

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

No skal eg ta fram eit 5 år gammalt emne og prøve å svare meg sjølv, etter å ha brukt eit par timar på å studere litt nøyare dei kjeldene eg har. Eg finn det svært sannsynleg at den 24 år gamle Jan i 1666 er Lisbet sin fyrste mann - men manglar dessverre det endelege beviset.

 

I 1666-manntalet er det ein rubrikk for oppsitjarar, og ein for Sønner. Jan 24 år står i den fyrste rubrikken, og i den andre står Laurits Jonson 16 år og Peder Jonson 13 år. Desse kan då sjølvsagt ikkje vere Sønner av Jan, men heller rimeleg at dei er brørne hans. Lars finn vi seinare att som bondelensmann, og vi veit at far hans var Jon Larsson Reed, også lensmann; nemnd i koppskatten i 1645 med kvinde Anne men utan born (dei yngste borna var ikkje med i koppskatten, så dei kan ha hatt born på denne tida likevel).

 

Dermed meiner eg å kunne slutte at Jan og Lars er brør - eller i det minste halvbrør. Om Jon Larsson er far til alle tre, er vanskeleg å seie. Begge borna vi kjenner etter Jan, dvs Arne og Agnete, er oppattkalla etter Lisbet sine foreldre. Men dei kan ha hatt fleire born før som ikkje har levd opp.

 

Jan må ha døydd ca 1686. Om teorien min er rett, er andremannen, Johannes Torson, syskenbarnet hans.  Lisbet og Johannes står offentleg skrifte i mars 1686, men synda er ikkje nemnd - som regel er det noko forplantningsgreier det er snakk om. Dersom dei har fått barn før dette, må Arne Janson vere fødd endå tidlegare - så alle brikker er ikkje på plass, og kjem vel aldri heller, sidan det er så lite kjelder å finne. 

 

Dette er uansett teorien eg finn mest rimeleg akkurat no.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Takk - ja det var noko slikt eg rekna med. Det viser at alderen til Arne Janson i 1701 - 15 år - må vere feil; han kan ikkje vere fødd så seint som i 1686. Dersom ein reknar ut frå oppgjeven alder ved død i 1764, skal han vere fødd 1682, men dødsalder er ofte overdriven.

 

Det pussige er at Arne og den yngre broren Arne døyr på same oppslag i kyrkjeboka; då er dei begge kalla Arne Johanson. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-43

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Sett at mennene til Lisbet Arnedtr var syskenborn - var det ein grunn til å få løyve til giftarmål? Og finst det eventuelt bevarte løyve frå denne tida?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg
21 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Sett at mennene til Lisbet Arnedtr var syskenborn - var det ein grunn til å få løyve til giftarmål? Og finst det eventuelt bevarte løyve frå denne tida?

 

Dette var vel før Kristian Vs Norske lov (iverksett 29.sept 1688), men det gjer ikkje så stor skilnad.

Forbod mot giftarmål mellom syskenborn (og tremenningar) gjeld også avdød ektemake sine slektningar på same vis.

 

Naturlegvis.... mot ei høveleg avgift kunne ein få løyve.

 

Men .... for dei som hadde gjort legermål _og_ var i slekt, var det mykje strengare straff. Du kan samanlikne sakefallet mot Johannes/Lisbet med andre tilfelle i samtida. Dersom det ikkje er noko ekstra for dei, er Johannes neppe nær slekt med den første mannen hennar.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Det var då som - - eg som trudde eg hadde ei god sak. Men dette er tjukk lensmanns-slekt, kanskje var det "formildande" på den tida?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Men no ser eg noko som eg ikkje har tenkt over før:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-7

 

Ved det offentlege skriftet er Lisbet Arnedtr kalla SKÅDEN. Det hadde ho vel ikkje blitt dersom ho budde som enkje på Re??  Kanskje budde ho i Innvik i det fyrste ekteskapet sitt?

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

Sakefall i 1685  er frå futerekneskapen.  Det må ha vore sak på tinget ikkje så lenge før.

- og frå denne tida finst det vel ei tingbok?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Der er dessverre hol i tingbokrekkja på denne tida.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tor Kvien

Aase. Hvem mener du denne Arne Jansen Re er da, som det er skifte etter 21. april 1751? Jeg har fra før notert foreldre som Jan Re og Elisabet fra Skådem. Jeg har han som en av mine "tipper".

Ekteparet Arne Jansen og kona Anne Arnesdatter er i live, og barna som er nevnt i skiftet;

 1.    Arne Arnesen Førde i Aalfoden
 2.    Johannes Arnesen nu 25 aar gammel
 3.    Hans Arnesen, 14 aar gammel
 4.    Mari Arnesdatter giftt med Ole Axelsen Gloppestad
 5.    Lisbeth Arnesdatter, giftt med Lensmand Erich Davidsen Sandahl, og nu boende her paa gaarden
 6.    Agnete Arnesdatter - 17 ½ aar gammel, og
 7.    Anne Arnesdatter 9 aar

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 11 (1750-1753), Skifteprotokollside, Side 86b-87a

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128640086

 

Vi ser han har en sønn, Johannes. Kan han være resultatet av årsaken til det offentlige skriftemåel, og stesønn til Jan Re?

Edited by Tor Kvien

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Det er same mannen. Skiftet i 1751 er i levande live - dette skiftet har eg faktisk ikkje sett før - og så skifter dei igjen i 1764 når han er død.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0014: Skifteprotokollar, 1762-1766, s. 294b-295a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128670297

 

Han er altså oppgjeven til å vere 15 år i 1701, og det har plaga meg at han då er ste-son, sidan alderen passar så godt med skriftemålet, men forklaringa må vel vere at alderen i 1701 er feil. Han er "4 år eldre" når han døyr.

 

Det manglar forresten EIN son; død før skiftet - eldsteguten Jan (1720-1743). Så det er nok sikkert at det er denne litt mystiske Jan som er Arne sin far.
 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Singstad

For meg ser det ut som Jan giftet seg med lensmannsenka og at han dermed var en ung stefar for Laurits og Peder Jonssønner.

 

Oppsittere på garden Re:

Jordebok 1662: Jon «Er Lehndsmand», Olle Omundsen og Torer Lauridtzen

Jordebok 1663: Lensmann Joen, Olle og Torer Lartzen

Jordebok 1664: Enken, Thorer og Olle Omundsen

Jordebok 1665: Enken, Olle Omundsen og Thorer Lauridtzen

Jordebok 1666: Jan, Olle Omundsen og Thorer Lauridtzen

Jordebok 1668: Jan «Er Bunde lehndsmand», Olle Omundsen og Torer Lauritzen

 

 

Edited by Grete Singstad
Korrektur

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for godt innspel - eg har vore inne på tanken sjølv også, men funne han for ung. Det er godt muleg du har rett. I så fall sit vi att utan eit einaste tips om kven han var.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Singstad

Er det denne her som Aaland nevner? (med usikre opplysninger tydeligvis)

 

Re.png

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Opplysninga om at han var gift med Lisbet er teken bort i den nye utgåva av bygdeboka, elles står omtrent det same. Parentesen rundt Arneson betyr at han muligens er Arneson, men med kva rett Aaland skriv det, veit eg ikkje. Jon og Jan blir vel blanda litt, men den Lisbet var gift med, skal ha vore ein Jan.

 

Og så har vi det litt pussige at det er Lisbet Skåden som står offentleg skrifte, ikkje Lisbet Reed.  Neimen ikkje heilt godt å vite korleis dette heng i hop.

 

Kvar finn du forresten desse opplysningane frå jordebøkene?

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Singstad

Opplysningene er fra Stiftamtstueregnskapene - bruk "vis innholdsside".

Her det det mange skattelister å sjekke. Lensmenn mener jeg var fritatt for en del skatt, men et eller annet sted bør han da finnes med farsnavnet.

Han er også nevnt som lensmann i 1672, så han må hatt denne stillingen en del år.

Edited by Grete Singstad

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg
5 minutter siden, Grete Singstad skrev:

 

Lensmenn mener jeg var fritatt for en del skatt, men et eller annet sted bør han da finnes med farsnavnet.

 

 Freistar med tingboka igjen... (no har eg sjekka: det er tingbok for Nordfjord mange av åra frå 1641 og utover)

Lensmenn møtte på bygdetinget (nærast som vertskap), og hadde ei rolle i ymse saker.  Det skulle vere merkeleg om han ikkje var nemnd.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Singstad

Har sjekket tingbøkene, de transkriberte, men dessverre står det bare 'Jan Reed' - transkribert feil til Jon. Utfordringen, som Aase nevnte, er at det mangler tingbøker i de aktuelle årene også, dessverre.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Jan er ikkje det vanlegaste namnet. Dei fleste Jan i Breim er etterkomarar etter denne Jan. Så har eg ein Jan Janson Rygg (ikkje Rygg i Breim) som får sonen Ola i 1705 - eg veit ikkje kven han er, og det er einaste gongen han er nemnd i kyrkjeboka. 

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1686-1711, s. 258-259
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228290390

 

Der er også nokre Jan Ommedal frå midt på 1700-talet, men der kan eg ikkje sjå kvar namnet kjem frå. Jan Olsson Rye - til Tystad, fødd ca 1682 - heller ikkje her ser eg kvar namnet kjem frå.

 

Eg kan ha oversett nokon i farten, men dette ser ut til å vere stort sett dei vi har bak på denne eldste tida.

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grete Singstad

«Ei lita nøtt i Gloppen» - om den er liten så er den i hvertfall hard å knekke… Men det er oftest slike nøtter det er moro å prøve seg på.

 

Ja, navnet Jan ser ut til å være lite brukt i området, i hele fylket for den del. Jan Re trengte sikkert ikke farsnavnet for å bli identifisert, alle visste nok hvem Jan var.

 

Jan må ha kommet fra gode kår, siden han endte opp på Re og ble lensmann. Ser av skiftet til sønnen Arne Jansen og Anne Arnesdatter (i levende live 1751, #13) at dette var folk med penger, noe må selvsagt ha kommet fra Jans’ side. Så forresten at det i boet var en sølvskål merket M.K.S. 1681, uten at det gir mening, så det er vel helst auksjonsvare.

 

Er det noen av navnene på barna til søsknene Agnete og Arne som ikke kan plasseres på ektefellens side? Lisbet og Jan er jo greie, men begge hadde de en sønn Johannes – oppkalt etter deres stefar eller noen andre? Vet ikke hvordan det var i Gloppen, men flere steder var det jo vanlig at oldeforeldre, og døde søsken (med sammenfalne navn), ble oppkalt når de fire obligatoriske hadde fått navn etter besteforeldre. Det hjelper kanskje ikke så mye, men her må vi vel snu hver stein, og er vi heldige kan det dukke opp noe.

 

Er enig at det der med at Lisbet er nevnt til Skåden i 1686 er ubegripelig. Hun var vel alt gift med Johannes Re da de måtte stå offentlig skrifte, kan det være at boplassen skulle peke tilbake på at de kun var forlovet da overtredelsen skjedde? Det virker merkelig at hun skal ha bodd på Skåden etter at hun ble enke.

For hun må da være enke etter Jan, det er så mye som tyder på det – hvordan kan Johannes Torsen ellers være Arne Jansens stefar?

 

Jepp, ei lita og hard nøtt dette.

 

Edited by Grete Singstad

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, eg har site og pusla med andre måtar stefarskapen kan henge saman, men greier det ikkje. 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Kristian Hunskaar (privat)
43 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Ja, eg har site og pusla med andre måtar stefarskapen kan henge saman, men greier det ikkje. 

 

Jeg har ikke finlest alle innleggene her, men hva hvis nettopp 1701-opplysningen om at 15-åringen Arne var Johannes' "Stifsøn" er gal? Kanskje det heller skulle stå "Slegfredsøn"?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.