Jump to content
Arkivverket
Terje Aarland

Kristi Sjursdatter Høviskeland f. 1838 på Høviskeland i Tysnes.

Recommended Posts

Terje Aarland

Kristi Sjursdatter, datter av Sjur Baardsen og Marta Sjursdatter på Tysnes. Kristi vart fødd i 1837 gift i 1887, var det hennar 1. ekteskap då ho vart gift i 1887 med Tarlad Sveinson Eldøy?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Johan Arthur Hansen

Jeg har bare registrert 1 ekteskap på Kristi som ble gift med Tarald - bror til min oldemor.

Mvh. Johan Arthur Hansen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Ser at de giftet seg i Stord.Ser ut som brudgommen ble gift for 3 gang,og bruden for første gang.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Stord, Klokkerbok nr. A 2 (1879-1909), Ekteviede 1887, side 201.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7062&idx_id=7062&uid=ny&idx_side=-202

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070103620207.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Aarland

Til innlegg nr 2.

 

Artig, Kristi var søster til min oldefar. De var vel også så sent gift at det ikke ble noen barn heller?

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Knut Rage

Det var det nok. Ernst Berge Drange har desse opplysningane i Tysnes gards- og ættesoge band 1 s. 295:

 

 

Marta Sjursdtr. Håviskeland f. 1819 fekk utlagt halve bruket i skifte etter faren 1831, resten vart utlagt Lars P. Færavåg og Ola E. Håviskeland for skyld. Marta vart g. 1837 m. Sjur Bårdson (Ø. Drongje br. 3. («Drongs-Sjur'en») (1809-74). Han heimla resten av jorda ved skifteinstrument 1838. Drongs-Sjur'en hadde part i ei lita not, og dreiv elles heimefiske med garn og teiner. Han reiste dessutan på vintersildfiske.

 

Born:

1. Anna f. d. 1837

2. Kristi (1838-1914) g. 1887 m. Tarald Sveinson Eldøy, Stord, b. plass Haugen under Kåravikjo, Stord.

3. Anna b. Hidlesvikjo, hus utan jord i Røyso.

4. Sjur f. d. 1843

5. Sjur, sjå nf.

6. Bård (1848-1935), gardbr., laksefiskar og sjømann, b. «i Stykkje'» på Våge, Stolmen, g. 1879 m. Herborg Gurine Eriksdtr. S. Arland, Austevoll.

7. Brita, sjå Landrøyo br. 2.

8. Mads (1856-1906) sjømann, sidan gardbr. på Økland i Sveio, g 1886 m. Sølvi Kristine Eriksdtr. S. Årland, Austevoll.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Aarland

Konene til nr 6 og 8 var søstre. Var det bare brødrene Sjur, Baard og Mads som hadde barn?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Knut Rage

Her er opplysn. om heile bruket, framleis saksa frå Ernst Berge Drange, Tysnes gards- og ættesoge band 1:

 

 

BR. 6. KLEIVO

Delt fra br. 5. kring 1800 med halve skylda av dette. Skylda i mark kring 1900 var 1,48, og etter at stykket i Lio vart delt fra i 1919 (br.9.): 1,08 mark. Dette bruket hadde bruksnummer 4 fram til kring 1900, sjå under br. 4.

Ola Jensson og Gyri Monsdtr., sjå br. 5., hadde denne parten fram til 1818.

Anna Johannesdtr. Tornes br. 2. (1785-1837) fekk skøyte av farbroren 1815 og vart g. 1818 m. Sjur Larsson Mehammar, Stord f. o. 1795 d.1830. Far hans var fra plass Jupevikjo under

Tornes. Sjur dreiv sildefiske om vintrane og hadde elles smia. Anna g. II. 1831 m. Johannes

Johannesson Søreid br. 1. f. 1792, men han døydde allereie 1834.

Born:

1. Lars (1829-30)

2. Marta, sjå nf.

Marta Sjursdtr. Håviskeland f. 1819 fekk utlagt halve bruket i skifte etter faren 1831, resten vart utlagt Lars P. Færavåg og Ola E. Håviskeland for skyld. Marta vart g. 1837 m. Sjur Bårdson (Ø. Drongje br. 3. («Drongs-Sjur'en») (1809-74). Han heimla resten av jorda ved skifteinstrument 1838. Drongs-Sjur'en hadde part i ei lita not, og dreiv elles heimefiske med garn og teiner. Han reiste dessutan på vintersildfiske.

 

Born:

1. Anna f. d. 1837

2. Kristi (1838-1914) g. 1887 m. Tarald Sveinson Eldøy, Stord, b.plass Haugen under Kåravikjo, Stord.

3. Anna b. Hidlesvikjo, hus utan jord i Røyso.

4. Sjur f. d. 1843

5. Sjur, sjå nf.

6. Bård (1848-1935), gardbr.,laksefiskar og sjømann, b. «i Stykkje'» på Våge, Stolmen, g.

1879 m. Herborg Gurine Eriksdtr. S. Arland, Austevoll.

7. Brita, sjå Landrøyo br. 2.

8. Mads (1856-1906) sjømann, sidan gardbr. på Økland i Sveio, g.

1886 m. Sølvi Kristine Eriksdtr. S.

Årland, Austevoll.

 

Sjur Sjurson Høviskeland d. e. (1844-1920) fekk utlagt bruket i skifte etter faren 1875, g.

same året m. Brita Sjursdtr. N.Holma br. 1. (1850-76), g. II. 1878 m. syster av fyrste kona,Johanna Sjursdtr. Holma (1856-1940). Sjur reiste lenge på Nordland, til kring 1902. Sidan var han på sildefiske i sesongane, m.a. med notlag fra Selbjørn. Han bygde nye hus på bruket etter utskiftinga, på ny tunstad i Kleivo, stovehuset kring 1888/89, løa kring 1895 (ramla nedut i 1960-åra).

 

Born (Johanna og Sjur):

1. Brita Marie, sjå nf.

2. Serine Bolette b. Botnen.

3. Barbro Mathilde (Tilla) f. 1888 g. 1912 m. Ole Olson Bleikli, f. i Hamre, b. Bergen, han dreiv skomakarforretning.

4. Sjur Teodor b. br.9.

5. Hans Berntin (1896-1923), reiste til sjøss i 15-arsalderen og var sidan ikkje heime. Reiste med seglskuter over heile verda, men byrja segla på innsjøane i Amerika kring fyrste

verdskrigen. Han fekk tuberkulose og låg 1 år på marinehospitalet i New York før han døydde. på dette sjukehuset døydde og morbror hans Tore og eit syskenebarn Torvald Almås.

Dei tre vart og gravlagde på same kyrkjegarden.

Sivert Olson Midtvåge, plass Stegen (1880-1946) vart g. 1910 m. Brita Sjursdtr. Høviskeland (1878-1973) og dei overtok jorda ved skøyte same året dei gifta seg. Det var mykje

ho som dreiv heime. Etter at stykket i Lio var delt fra fødde bruket 2-3 kyr, ungdyr og 8-10 sauer. Sivert var sjømann mest all si tid, fyrst i Nordlandsfart, men fra 1901 i utanriksfart og noko i Amerika. l midten av 1920-åra reiste han nokre år som båtsmann i Westfal-Larsen.

Born:

1. Oliva Helene f. 1911 g. m. Johannes Otnes, Valdsøyfjord på Nordmøre, gardbr.der.

2. Sverre Johannes, sjå nf.

3. Sigurd b. Uggdalseidet (To br. 12.)

4. Jenny f. 1918 g. m. mekanikar Arne Ramdal fra Halden, b. Halden.

5. Ole f. 1921, verkstadarbeidar, b. Oslo, g. m. Randi.

6. Hanna f. 1923 g. m. Per Enge,Valdsøyfjord, b. Mitre Gauldal.

Sverre S. Høviskeland (1912-58) g. m. Sigrid

Johanne Tollefsen, To br. 5. f. 1914. Dei tok over ved skøyte 1949 og dreiv jorda til fyrstninga av 1960-åra. Han var elles på stein- og grunnarbeid attåt jorda, og arbeidde ei tid på fabrikken på Uggdalseidet. Han vart tilsett som vegvaktar på heradsvegen fra Uggdalskyrkjo til Drongje 1955.

Born:

1. Svein Bjørn f. 1951, fabrikkarb.,

g. m. Liv Hillesvik, Li H. br. 1., b. Husnes.

2. Rolf f. 1955, arb. vegvesenet.

3. Erling f. 1956

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.