Gå til innhold
Arkivverket

Bakar Olav Arnesen i Oslo (1923-1969) og huslyden hans - kven var kona Bergljot Helene (1919-1987) - hjelp frå Aftenposten?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Olav Arnesen var fødd på Voss 30.8.1923. Han flytte i ung alder som bakar til Oslo og gifte seg der med ei:

 

Bergljot Helene, fødd 25.9.1919, uvisst kvar. Ho skal i alle fall delvis vera oppvaksi i Nord-Noreg, men me kjenner ikkje ein gong jentenamnet hennar!

 

Olav døydde i Oslo 30.11.1969, medan Bergljot Helene døydde i Oslo 1.7.1987.

 

Parfolket fekk to søner, den eine var Ole Bjørn, fødd 1961, men han skal vera avliden i ung alder.

 

Er det mogeleg å finna ut:

 

* Dato og stad for vigsli deira?

 

* Namn på foreldri til Bergljot Helene - og jentenamnet hennar?

 

* Fødestaden til Bergljot Helene?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Har du funnet svar på denne, Lars? Det begynner å bli en god del år siden og kanskje jeg igjen har gått på en tråd, allerede er besvart. Men jeg tar sjansen: i Norsk Lysningsblad 12.05.1954 og Arbeiderbladet 13.05.1954 dukker lysningen for baker Olav Arnesen og serveringsdame Bergliot Helene Hansen opp. Arbeiderbladet er digitalt lesbar for publikum:

I Norsk Lysningsblad står det Soknepresten i Voss og at Bergliot var serveringsdame på Rådhushotellet. 

 

Lysning 1954 .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit overraskande, men svært interessant innlegg!

 

Nei, eg fann aldri ut av denne saki, og her er manuskriptet som eg i si tid sette opp for dette parfolket:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Olav Olson Arnesen, f. på Voss 30.8.1923, d. i Oslo 30.11.1969.  Olav gifte seg visstnok i Oslo kring 1950, dato og stad ukjende, med ei Bergljot Helene.  Ho skal vera oppvaksi i Nord-Noreg, men er elles av ukjent opphav.  Ho var f. 25.9.1919, uvisst kvar, og d. i Oslo 1.7.1987.  Olav var bakar, og han og Bergljot budde i Oslo.  Dei fekk to søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

No har du finne jentenamnet til Bergliot Helene - Hansen, Elles ser det ut til at sjølve vigsli må søkjast på Voss!?  Og finn me vigsli, er vel sjansane gode for at me greier identrifisera Bergliot Helene og opphavet hennar òg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dødsannonsen til Bergliot står Jøvik nevnt. Det ligger i tidligere Ullsfjord (Sørfjord) kommune, og der fant jeg dåpen hennes:  

 

SATØ, Lyngen sokneprestembete, Ministerialbok nr. 14, 1905-1920, s. 69
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10811206120069

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er vel giftermålet til foreldrene:

 

Troms fylke, Ullsfjord (Sørfjord) i Lyngen, Ministerialbok nr. 14 (1905-1920), Viede 1917-1918, Side 127
Permanent bilde-ID: kb10811206120114
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10811206120114
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb10811206120114.jpg
 

Troms fylke, Tromsøysund i Tromsøysund, Ministerialbok nr. 8 (1914-1922), Viede 1917, Side 290
Permanent bilde-ID: kb10811410120280
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10811410120280
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb10811410120280.jpg
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kom til Voss i januar 1956 - 10 år gamal.

Rett over gata frå der me budde, låg O. Arnesen bakeri og kolonial.

I ei lysing i 1951 har han tlf nr 9.

Meir veit ikkje eg om dette emnet - anna enn at han baka særs gode brød.

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Vossaboki – under Lekve på side 247 – finn eg dette: https://www.ullstad.com/index.htm?/vossaboki/vossaboki_volume_1.htm

 

Bruk 143. Nygard. Utskilt frå bruk 103 i 1919 med skyld 1 øre og selt til bakar O. Arnesen som tillegg til bruk 30.

Bruk 30. Nygard, ved Vossabrui. Skilt ut frå Bruk 1 i 1881 med 1 øre i skyld og ervefest til Lars N. Møn, som bygde bustadhus og bakeri. Han var f. 1839, gm. Brytva, og døydde 1903. Sonen Lars, f. 1871, gm. Lisa Åkre, fekk forretningen og eigedomen etter foreldri. Han døydde 1929. Han selde i 1912 til Olav Arneson, som held fram med bakeriet og dessutan har kolonialforretning. Han er f. 1881, gm. Jørgina. Han har bygt noko til på huset. Der er E. Bergesens gullsmedforretning. Bergesen er f. 1878 og var gm. Karen Adelaide Danielsen, som er død. Sjå bruk 93.

Bruk 93. Nygard. Skilt frå bruk 92 i 1912 med skyld 1 øre. Eigar Lars L. Møn, som same året selde til O. Arnesen. Sjå bruk 30.

 

Adressa i dag er (truleg) Uttrågata 43.

 

Din Olav Olson Arnesen (1923-1969) er nok sonen til denne bakaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.