Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sesjonsrullar eller mannskapslister Bergen - to halvbrør Jan Olai og Gustav Bernhard?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jan Olai Johannessen eller Andersen, fødd i Bergen (Krosskyrkja) 10.10.1856, er nemnd i FT1870 for Bergen og vart konfirmert i Krosskyrkja i 1873 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7126&idx_id=7126&uid=ny&idx_side=-47)

 

Gustav Bernhard Gundersen eller T(h)orbjørnsen, fødd i Bergen (Krosskyrkja) 23.7.1868, er nemnd i FT1875 for Bergen og vart konfirmert i Sandvikskyrkja i 1883 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7171&idx_id=7171&uid=ny&idx_side=-35).

 

Desse halvbrørne forsvinn for meg!

 

Mori Malene Larsdotter døydde i 1897 og vart etterlevd av fem born. Me veit sikkert at fire andre born levde, so om denne utsegni stemmer, var ein av dei to halvbrørne i live, medan hin var avliden.

 

Ei (halv-)søster av dei, Marie Lorentzen, kalla i 1891 opp ein son etter Gustav Bernhard, noko som får meg til å tru at Gustav Bernhard var den av dei som då var avliden, men heller ikkje finn eg Jan Olai i noki folketeljing etter konfirmasjonen hans i 1873!

 

Kan sesjonsrullar eller mannskapslister for Bergen by ha fleire opplysningar om dei to og lagnadane deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med desse "flokene"!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette problemet frå i haust, då¨eg framleis saknar svar...

 

Ei søster av desse brørne, Maria, fekk ein son i 1891 som ho døypte Gustav Bernhard, same namnet som broren! Kanskje var Gustav Bernhard avliden på den tidi?

 

På førehand hjarteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Her er Jan Olai:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=loddfire&gardpostnr=169&merk=169#ovre

 

Han står oppført med adrese 24-164f fra 1874 til 1877, men er 1/2-befaren fra 1. januar 1877, om den dampskibet Nordlyset. Det står ikke mer om ham der, men han bør jo stå i sjømannsrullene. Gustav Bernhard finner jeg ikke i registrene. Ellers ligger jo både 1885- og 1891-tellingene ute, sammen med registrene til loddtrekningslistene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for svar på dette problemet!

 

Eg har i kveld studert denne huslyden litt nærare, og særleg med fokus på Jan Olai Andersen (eller Johannessen). Han er oppgjeven med adresse 24-164f frå 1874 til 1877, men han er ikkje der ved FT1875! Truleg var han då påmønstra?

 

Eg finn han heller ikkje i FT1885 eller FT1891 for Bergen.

 

Då er det sjømannsrullane som står att som mogeleg kjelde. Men kvar finn me dei?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.