Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kven var Harry Johnston - gift 1898 i Wisconsin med Anna M. Thompson - USA-nøtt!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med eit Amerika-problem som eg ser ut til å måtta gje opp å finna svar på, med mindre ein eller annan kan komma med ein glup idé?

 

Ifølgje FamilySearch vart Henry Johnston og Anna Margrethe Thompson gifte i St. Croix Co., WI 4.5.1898:

 

groom's name: Harry Johnston

bride's name: Anna M. Thompson

marriage date: 04 May 1898

marriage place: St. Croix, Wisconsin

groom's father's name: Henry Johnston

groom's mother's name: Anna Stewart

bride's father's name: Joseph Thompson

bride's mother's name: Nelson

indexing project (batch) number: I00325-3

system origin: Wisconsin-EASy

source film number: 1275556

 

Eg veit at Anna Margrethe Thompson var fødd i Dane Co., WI 12.3.1876 som dotter av Jørgen "George" eller "Joseph" Thompson og Gjertrud "Gertrude" Nelson, båe emigrantar frå Hafslo i Sogn.

 

Eg finn ikkje opphavet til denne Harry Johnston nokon stad, og ikkje heller finn eg Harry g Anna i FT1900!

 

Derimot finn eg "Mrs. Annie Johnston" i FT1905 som "invalid" og busett hjå faren og stemori på ein farm i Dane township, Dane Co., WI, og "Mrs. Anna Johnston" "married" døydde i Dane Co., WI 18.5.1910. Ifølgje slekti fekk ho ikkje born.

 

Eg føler eg har leitt "overalt" etter Harry Johnston og foreldri hans, men so langt heilt utan resultat, so no legg eg ut denne utfordringi i Brukarforum. Kanskje er det von i eit hangande snøre?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×