Gå til innhold
Arkivverket
Rune Thorstensen

Mettenes i Davik, Nordfjord i gamle tider før 1660. Hva vet vi om denne gården

Recommended Posts

Rune Thorstensen

Gården Mettenes står ikke i noen av de bygdebøkene jeg har for hånden, så jeg vil anta at den er beskrevet i den gamle bygdeboken for Davik eller kanskje Eid.

 

Ved koppskatten i 1645 finner jeg Rasmus Mettenes og hans quinde Eli, samt barna deres Peder, Oluff, Synneue, Ragnild og Kari. Men er der noen som vet noe mer om denne Rasmus og kona Eli? Hva med farsnavn, født/død? Står det noe om dem i bygdeboken for Davik eller er der noen som har flere opplysninger om denne familien?

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kp14001645nf

 

Ved prestemanntallet i 1663-66 finner jeg besitterne Peder og Oluff Rasmussen. Sistnevnte var i kongens tjeneste og hadde leiet inn hjelp. Jeg antar at denne Peder var bror til Oluff og at de begge var sønnene til Rasmus og Eli. Dermed så må jo Rasmus være død før 1663-66.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=66&filnamn=bd22MT60&gardpostnr=410&personpostnr=1710#nedre

 

Ved tellingen i 1701 finner jeg ikke spor etter verken Peder eller Oluff eller åpenbare etterkommere etter dem. Da bor det en Elling Samsonsen 31 år der og hans tjener Samuel Hansen 9 år. Elling kan selvsagt være gift med en datter av Peder eller Oluff, men det vet jeg ingenting om.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=72&filnamn=1701nba&gardpostnr=6313&merk=6313#ovre

 

 

Alle opplysninger om folket på Mettenes på 1600 tallet mottas med takk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mettenes er å finne i den gamle Davik-boka, og i den nye Gloppe-boka (bind 4) sidan garden skifta kommune i 1913. Opplysningane i den eldste delen av brukar-rekkja er kopiert over frå den gamle boka til den nyare - medrekna dei feila som er gjorde!

 

Fyrste brukar som er nemnd er Rasmus Pederson "Kroken"; "han var brukar i 1620-åra og åtte gods i Antonbruket på Myklebust. I 1656 måtte han svare 4 rdl for at han gjord brudlaup som vara over ein dag. Gm Eli, nemnd i 1646. Av eit arveskifte ser ein at dei hadde 6 born: Peder, Ola, Maritte, Synnøve, Ragnhild, og Kari som då budde i Sogn. Ola stilte soldat for seg i 1660-åra".

 

Denne syskenrekkja viser i skiftet etter Ola Rasmusson Myklebust i 1705 - har var barnlaus. Men i den gamle Davik-boka står det at det er eit "ervebytebrev" frå 1675 som er kjelda; eg kan ikkje i farten kome fram til kvar dette kan vere referert; skifteprotokollane startar ikkje så tidleg.

 

Så er det neste brukar, eg siterer Gloppeboka:

 

Peder Rasmusson, f.kring 1631, d.1675, var brukar 1653. Gm Anne Gjertdtr Myklebust, Ålfot. Ved arveskiftet etter dei vert desse borna nemnde: Hans, d.1703, busett Mettenes men tente i Smørhamn, g.1688 m.Tora Ellingdtr Skeistrand, sonen Samuel var 13 år i 1703, Kari Pederdtr ug, Maritte gm Kornelius Hauge, Anne som seinare vart nusett på farsgarden.

 

Her ser vi at det er snakk om same årstal som det forrige skiftet som er nemnt. Kan dette stå i Sunnfrjod-protokollane, som startar tidlegare enn i Nordfjord, eller er det referert i eit anna skifte? Elles må eg seie at eg har svært lyst til å gjere Anne Gjertsdtr til syster til Samson Gjertson som vi hadde føre oss i forrige diskusjon, men eg har lite å dokumentere med!

 

Vi går vidare:

 

Lars Larsson Åning, Stryn, d.kring 1698, var brukar 1676. Gm enkja Anne. Ved arveskifte etter dei er nemnde syskjena hans: Truls, Ola, Simon, Øystein, Eli gm Hans Hjelle. Eli var då død og hadde borna Lasse, Kari, Kristi, Sylvei, Anne gm Jon J Mel, Brite, gm Peder Nilsson Elde.

 

Slik står det i bygdeboka, men det er dessverre litt forvirrande, så eg må rette opp litt: Eli sine born stoggar etter Sylvei. Anne og Brite er Larsdøtre og altså systre til arvelataren, og på Mel-namnet har det falle ut eit punktum i overføringa frå den gamle boka - der står det Mel., og det er forkorting for Meland; farsnamnbokstaven er dessutan I for Ingebrigt. Om Peder Nilsson verkeleg heiter Elde eller om det kan stå Eide - det er eg usikker på. Namnet stå kanskje seinare i skiftet - som forresten er her.

 

Neste brukar: Vs Elling Samuelson (Samsonson?) d. 33 år g 1703, var brukar 1699. Arveskifte 1703 nemner borna Ola 1,5 år, Anne 4 år, gm Rasmus R Hundvik. Elling var gm Anne Pederdtr Mettenes, d. 99 år g 1752. Syster hennar, Kari, budde i Bergen.

 

Også litt forvirring. Elling er ikkje verson til forrige brukar Lars, men til kona Anne i hennar ekteskap med Peder Rasmusson. Skiftet etter Elling er her. Anne si systera Kari som er nemnd i Bergen er den same som er nemnd som ugift dotter til Peder Rasmusson ovanfor.

 

No er vi stort sett komne forbi den tida som har interesse for deg, men eg går vidare, sidan det er så mykje feil i bygdeboka her - kanskje kan nokon få retta litt i trea sine..

 

Neste brukar: Jakob Mattisson (Jakobson?) Hundvik, d.83 år g 1765, var brukar 1703. Gm enkja Anne. Ved arveskiftet 1733 var buet verd 36,5 rdl.

 

Her må vi fyrst rette farsnamnet - Jakob er son til Jakob Jakobson Hunvik som det er skifte etter i 1699, og kona Gjøde Olsdtr Heggedal. Deretter må vi ta vekk opplysninga om skiftet; dette må vere ei samanblanding av opplysningar, muleg med skiftet etter Anne si svigerdotter i 1732, der buet er verd 30,5 rdl. Det er i alle fall eit skifte etter Anne i 1753 og Jakob ser eg ikkje skifte etter, verken i 1733 eller ved død, angiveleg i 1765.

 

Neste brukar: Ola Ellingson, d.72 år g 1744, bygsla i 1738 halve garden. Gm 1: Brite Ivardtr Vik, d.kring 1732, 2: Anne Olsdtr Hammer, d.60 år g 1767. Born 1.ekteskap 1732: Elling 4 år, Jakob 1,5 og Kristin 6. Born 2: Ola, Brite.

 

Her skal vi rette to trykkfeil: Ola Ellingson døydde i 1774, det står også i den gamle bygdeboka, og dottera heiter Kristi. Så har vi ein truleg skrivefeil i kyrkjeboka - Brite er ført som dotter til Jakob Mettenes ved dåpen i 1741, men kona hans er langt over 80 år, så dette må vel vere dotter til Ola - skiftet etter andre kona Anne Olsdtr inneheld i alle fall ei Brite med korrekt alder. Sogn og Fjordane-basen inneheld ein son Rasmus i 1742; han må i så fall vere død før skiftet etter mora.

 

Vi får ei god oversikt over denne siste syskenflokken i skiftet etter den ugifte Jakob i 1792.

 

Ein siste merknad her: Eg er usikker på kvar den nye bygdeboka har henta opplysninga om at Anne Olsdtr (andre kona til Ola E) skal vere frå Hammar; det står ikkje i den gamle bygdeboka, og eg har ikkje funne noko sjølv som tyder på det. Vigsla manglar, t.d.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Det ville ha vært kjempefint Aase. Så får jeg prøve å luke bort det som er feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No trur eg at eg går over i eit nytt innlegg, for no startar rotet i bygdeboka for alvor! Meir følgjer, men eg vil prøve å skaffe meg litt meir oversikt - det er så utruleg rotete dette her.

 

Etter ein flott fjelltur skal eg begynne å dra i Mettenes-trådar igjen. Bygdeboka for Gloppen skriv dette:

 

Vs Ola Olsson, d.64 år g 1804, bygsla bruket 1761. Gm Kristi Olsdtr Humborstad, d.49 år g 1784. 2: enkja Kristi Olsdtr Rafshol, d.87 år g 1821. Ved arveskiftet i 1768 og 1784 var buet skuldfritt. Born: Ola, Peder, d.1829, 52 år g, tenestedreng på Skeistranda. Innflytt til Gloppen i 1822. Anne, g.m. Anders Abelson Skeistrand, brukar nr 2, Ragnhild, ug i 1829.

 

Her er 2 feil allereie i dei fyrste få orda; Ola var ikkje verson til Ola Ellingson, han var son. Det framgår av skiftet etter Anne, der det blir sagt at sonen Ola er gift og bur på garden. Dødsalder 64 er ikkje rett; det står 66 i kyrkjeboka i 1804. Så er det kven han er gift med - Kristi Olsdtr Humborstad er det ingen andre problem med enn at eg ikkje har greidd å knyte henne til noko foreldrepar på Humborstad endå (ein Ola Erikson får ei dotter Kristi både i 1734 og 1735, men eg får ikkje bekrefta at dette er ho). Men så kjem ei kone nr 2 - henne får vi kome tilbake til. Men går vi til folketellinga 1801 ser vi at Ola faktisk er gift med si tredje kone, Mari Olsdtr. Henne gifte han seg med i Gloppen i 1787.

 

Han kan dermed umuleg ha vore gift med den som bygdeboka nemner som andre kone - ho skal vere død 1821, så her må vi leite etter ei anna. Men lat meg fyrste rette barnerekkja til Ola og fyrste kona: Rasmus, 1765-1789 manglar, like eins Peder 1768-1772, men den andre Peder stemmer. Der er også 2 Anne og 2 Ragnhild, den fyrste av begge deler død som barn.

 

Så tilbake til det andre ekteskapet. Det må ha gått føre seg i tida mellom 1784 og 1787, og då ser eg straks på Kristi Simondtr Mettenes som døydde i 1787. Det er ikkje skifte etter henne. Ho er også fadder i Årevika i 1786 under dette namnet.

 

Der er berre eitt bruk på Mettenes, og eg kan ikkje tenkje meg andre ho kan ha vore gift med, sjølv om eg ikkje har funne noka vigsle, verken i Davik, Gloppen eller Eid. Eg trur ho er identisk med Kristi Olsdtr Hollen, gift med enkjemann Ola Steffenson Rafshol som det er skifte etter i 1776, men eg manglar vel det siste sikre provet der og. Vi endar i så fall opp med at det berre er farsnamnet og dødsåret som er feil på kone nr 2 i bygdeboka.

 

Då avsluttar er siteringa frå bygdeboka - neste brukar er inne på 1800-talet, og då har eg ikkje så god kontroll på alt ;-))

 

Ein time etterpå: Sjå kva eg fann her då -

 

http://digitalarkive...=1017&merk=1017 - der var beviset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hjertelig takk så langt. Det at den første brukeren , Rasmus Pedersen, var nevn Kroken, kan det bety at han kom fra gården Krogen/Kroken? Og om så er tilfellet, hva står det da om folket på den gården 1600-1650.

Min interesse for Mettenes skyldes jo først og fremst opplysningen om at Samson Gjertson Myklebust var gift med Synnøve Rasmusdtr. Mettenes.. I så fall var der jo tette bånd mellom Mettenes og Myklebust. Din antydning om at Peder Rasmusson Mettenes (bror til Synnøve) ble gift med Anne Gjertsdtr. og at hun da var Synnøves svigerinne virker sannsynlig. Det var vel ikke mange med navnet Gjert i Nordfjord på 1600 tallet. Og broren Oluf bodde jo også på Myklebust.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Indre Torheim vert kalla Kroken i daglegtalen, så kanskje kom han herifrå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Først en stor takk til Aase for hjelpen med info om gården og folket der. Det setter jeg stor pris på.

 

Jeg ser Gunnar at gården Krogen/Kroken er nevnt i noen databaser, Det var interessant å få vite at gården tidligere ble omtalt som Indre Torheim. Da vil det være av interesse om noen har mulighet til å sjekke Indre Torheim med tanke på å se om Rasmus Pederson kan være nevnt der.

 

Jeg ser forøvrig av koppskatten for 1645 at gården Krogen ligger i Rogsund Sogn, mens indre og ytre Thorimb ligger i Aalfotens Sogn. Jeg kan imidlertid ikke se noen Peder på disse gårdene i 1645. Men jeg vil anta at Rasmus Pedersen var født rundt 1600.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Men kvar finn vi dette skiftet frå 1675 som er omtala?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Fra tid til annen ser jeg slike tilfeller, hvor det vises til skiftebrev eldre enn de skifteprotokollene vi kan se på nettet. Og i noen av disse tilfellene har disse skiftene vært gjengitt/referert til i tingbøkene. Jeg vet ikke om så er tilfelle i denne saken. Når det gjelder tingbøkene for Nordfjord, så ser det ut til at de mangler fra 1664 til 1678, så da er det vel ikke mye hjelp å hente der heller. Hvorvidt om disse skiftene fortsatt befiner seg ett eller annet sted, eller om de har blitt borte er ikke godt å si. Vi må jo anta at da de gamle Davik bøkene ble skrevet må dette dokumentet ha vært tilgjengelig siden forfatteren kan henvise til det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

Indre Torheim vert kalla "Kroken" i dagleg tale.

For "Mettenes" i "Soga om Gloppen og Breim" står det i teksta; "Garden er oppteken kring 1620 av Torheim sin eigedom og segna seier at fyrste rydningsmannen var frå Torheim (Det er ikkje lange vegen frå "Kroken" - rundt Krokneset og litt på skrå inn og over fjorden til Metteneset.)

I gamle "Bremangerboka" står det under Indre - Torheim at i 1563 hadde Ytre -Torheim berre ein brukar og Indre - Torheim var kome til då.. Etter segna skulle Indre - Torheim vere vårstøyl til Ytre -Torheim. I 1602 er det komen brukar på Indre- Torheim. Unge Peder heiter brukaren i 1602. Står ikkje noko om familien hans.

Sonen Oluf Pederson tok over "Kroken" (I-T) i 1648. Død ca 77 år gamal i 1698. Han hadde og ein son som heitte Peder - 10 år i 1666.

Unge Peder kan vere far til Rasmus Pederson Kroken/Mettenes. Han kan vere barnebarn til Gamle Peder på "Eilivbruket" ytre Torheim

 

Eg har notert under Mettenes at kona til Peder Rasmusson heitte, iflg skifte, Anne Pedersdtr. Myklebust. - (ikkje Gjertsdtr. som står i bygdeboka)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

I "Skifteregister Nordfjord 1690 - 1853" er der eit skifte etter Ole Pedersen Indre Torheim 1698-1699.

Eg prøvde ikkje å finne fram til dette skiftet - kanskje ein eller annan som har erfaring med å finne skifta gjer det. Eg synest det er vanskelig å lese på skjermen kva som står skrive, det er så utydelig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hjertelig takk for nye innlegg i debatten.

 

Jeg vil anta at Rasmus Pederson Kroken/Mettenes var født rundt 1600. Han hadde i alle fall barn født 1630/31 og var neppe selv født senere enn 1610. Man kan derfor anta at "unge" Peder var far hans, men det er nok vanskelig å bevise. Det var bare en strøtanke at det kanskje kunne ha stått noe mer under Kroken/Indre Torheim.

 

Når det gjelder enken etter Peder Rasmusson så er det i følge skiftet Aase viser til ingen tvil om at hun var en Gjertsdtr. Og Gjert var der ikke mange av i disse traktene på 1600 tallet. Sannsynligheten er derfor stor for at hun var datter av Gjert Andersson Myklebust. I 1645 (koppskatten) har han barna Anders og Anne, samt at kona også het Anne. Sønnen Simon Gjertson var tjener på Ytre Davik i 1645.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Om du leser dette Aase.

 

I følge koppskatten 1645 hadde Gjert Andersson på Myklebust to barn hjemme, nemlig Anders og Anne. Ved prestemanntallet i 1666 for Nordfjord finner jeg en mann som heter Anders Gjertson, er 31 år og bor på gården Orrevik i Vereide Sogn. Han var husmann og strandsitter. Siden dette er ditt "heimeområde" vet du kanskje om Anders er nevnt i bygdeboken på Orrevik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Anders Gjertson var husmann under Årevik i 1660-åra, skriv Aaland. Eg vil gjerne tru at han kan vere son i same familien, men om vi får noko bevis nokon gong er vel kanskje meir tvilsamt -

 

Noko meir står det ikkje, dessverre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk sal du ha Aase.

 

Nei, vi får nok neppe noen gang håndfast bevis på at det er slik det henger sammen. Men etter hva jeg kan se var der ingen andre med det navnet i 1645, og alderen i 1666 antydet et fødselsår rundt 1635. Jeg nøyer meg me å sette et spørsmåltegn bak navnet hans og en kommentar i programmet mitt at han trolig var sønn til Hjert Anderson Myklebust. Takk for hjelpen igjen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg er heilt enig i tankerekkjene dine, men eg trur nok ikkje at eg vil konkludere med at Anders TRULEG er son til Gjert på Myklebust - eg vil ikkje gå lenger enn at det er MULEG han er sonen hans. Eg er blitt meir og meir pirkete når det gjeld kjeldebelegg med åra, og ein grunn er nok at kjeldene no etter kvart er blitt tilgjengelege for oss menige, og eg ser at "må ha vore" i det vi kan kalle Aalands-tradisjonen, altså pionerane i bygdebok-skrivinga, slett ikkje alltid held. Det kan t.d. finnast ein fredeleg mann i bygdene som har same namn som ein kranglevoren kar - og kven av dei som vil vise att i dei sparsomme kjeldene vi har - ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Og jeg følger tankegangen din fullt ut. Og mine bemerkninger om at Anders trolig er identisk med den Anders Gjertson vi finner i 1645 er kun for eget bruk. Jeg har ikke for vane å legge ut den slags opplysninger på nettet, men har det mer som et "arbeidsnotat". Og grunnen til det er såre enkel. Jeg blir eldre og eldre dag for dag og klarer ikke lengre å huske alle detaljer om alle de 30000 personene jeg har i slektsregisteret mitt. (ikke det at jeg noen gang har hatt en slik hukommelse). Det er derfor lettere å ta opp igjen tråden om det mot formodning en gang skulle dukke opp mer informasjon fra denne tidsepoken.

 

Og navne sammenblanding skjer også i nyere tid. For en del år tilbake skulle jeg på repetisjonsøvelse i militæret. Og jeg fikk papirene til en annen bergenser med same navn og havnet i en helt annen avdeling. Det tok meg 3 dager å overbevise mine overordnede om at det var gjort en feil :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Godt du ikkje skulle opererast - som ei dame herfrå som for nokre år sidan fekk innkalling til ei sjukehusinnlegging ho hadde venta lenge på - for så å oppdage då ho kom fram at innkallinga var meint for ei namnesyster i bygda som også sto i sjukehuskø for eit heilt anna inngrep! Den fyrstnemnde fortalde historien med følgjande gullkorna avslutning: Det var nesten så eg takka ja til den operasjonen i staden for, berre for at det skulle skje noko!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×