Gå til innhold
Arkivverket

US-nøtt! - Kirsti Pedersdotter Dvergedal eller Uglum (1812- ), frå Sogndal til Amerika i 1862 med 6 eller 7 born - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kirsti Pedersdotter Dvergedal, døypt i Hafslo 12.1.1812, gifte seg i Sogndal 17.6.1830 med Johannes Pederson Uglum i Sogndal, døypt i Sogndal 5.12.1797. Han d. som legdelem i Dvergedalen i Sogndal 27.11.1869. Kirsti og Johannes var i mange år gardbrukarar på Uglum i Sogndal, men flytte derifrå i 1850 og var sidan innerstfolk i Dvergedalen. Kirsti utvandra til Amerika med seks eller sju born i 1862 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6925&idx_id=6925&uid=ny&idx_side=-355):

 

* Peder den eldre - fødd Sogndal 27.12.1832

 

* Ingeborg - fødd i Sogndal 8.4.1835

 

* Ole - fødd i Sogndal 3.3.1838

 

* Kari - fødd i Sogndal 27.7.1840

 

* Peder den yngre - fødd i Sogndal 19.2.1843

 

* Anna - fødd i Sogndal 22.11.1845

 

* Johannes - fødd i Sogndal 21.1.1849

 

Berre ein Peder er ført i utflyttelista for Sogndal, den eldre av dei to, men truleg reiste ogso den yngre på same tid(?).

 

Problemet mitt er følgjande:

 

** Er det mogeleg å finna ut KVAR i Amerika denne huslyden busette seg? Dødsfall for mori Kirsti?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Fant dette på www.ancestry.com

 

Ingebord I. Uglum

 

Born: 1834 in Uglum, Sogndal, Sogn, Norway

  • 15109 people in this member tree

 

Ingebord I. Uglum

 

Born: 1834 in Uglum, Sogndal, Sogn, Norway

  • 14670 people in this member tree

Men det hjelper deg ikke videre.

 

Mette

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Her er kanskje Kristi Uglum, men fødselsdato stemmer ikkje heilt med det som du har som døypt..

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=UG&GSfn=k&GSpartial=1&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=51&GScntry=4&GSob=n&GRid=55084815&df=all&

 

Der er ellers mange Uglum på Ancestry.com, og du kan søke på findagrave.com

 

Ole Marius

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Mette og Ole Marius for innleggi frå i haust om dette problemet.

 

Eg ønskjer i dag å trekka fram att dette problemet, då eg framleis leiter etter ei løysing. Kandidaten til Mette er nok Ingeborg Iversdotter Ugklum,fødd i Sogndal i 1833, og har ikkje noko med Ingeborg Johannesdotter å gjera. Og dei Uglum'ane som er gravlagde i Stoughton, Dane Co., WI, er av ei anna ætt.

 

Eg har no studert problemet nærare. Noki løysing har eg ikkje, men Kirsti Pedersdotter hadde ei einaste søster som utvandra til Amerika. Ho heitte Britha, var fødd i 1808 og utvandra i 1861, altso året før Kirsti, men mann Hermund Inbgebrigtson, ogso dei frå Sogndal. Britha og Hermund busette seg visstnok først i Fillmore Co., MN, men hamna sidan i Madelia, Watonwan Co., MN der Hermund døydde i 1873. Sidan utvandra ei brordotter og ein brorson til Polk Co., MN.

 

Eg trur at Kirsti og borni hennar òg må ha utvandra til MINNESOTA, og eg trur IKKJE dei nytta Uglum-namnet; meir truleg er det at dei skreiv Johnson eler kan henda Peterson, om dei ikkje endra Dvergedal til Dahl?

 

Eg fann forresten ei spennande vigsle på FamilySearch, frå Winneshiek Co., IA - kven kan denne Ingeborg vera?

 

* groom's name: Erik Olsen Naes

* groom's birth date: 1827

* groom's age: 38

* bride's name: Ingeborg Johannesdr

* bride's birth date: 1836

* bride's age: 29

* marriage date: 30 Jun 1865

* marriage place: Little Iowa Norsk-Evangelisk Lutherske Menighed, , Winneshiek, Iowa

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att denne "nøtten" som framleis saknar ei løysing! Manuskriptet går snart til prenting, so dette vert kanskje siste freistnaden...

 

Er det verkeleg mogeleg at ein so stor huslyd kan "forsvinna" slik utan vidare, sjølv om dei skreiv seg JOHNSON (eller PETERSON)?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.