Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tre søstrer Lem - fødde i Bergen - kan ha butt i Hafslo - hamna i Christiania?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Severin Hansson Lem (1782-1835), opphavleg frå Frønningen i Leikanger, var løytnant og sidan skatte- og avgftskrevhjar i Bergen til han i 1831 vart lensmann i Hafslo. Der budde han berre i fire år før han døydde. Kona hans var Bolette Olsdotter Rødder (1781-1866), fødd i Christiania, men oppvaksi i Bergen. Etter at Hans Lem døydde i Hafslo, flytte ho truleg for ei tid attende til Bergen, men hamna snart i Christiania der ho døydde.

 

Hans og Bolette fekk åtte born i lag. Fleire av desse er omskrivne i andre tema, men dei tre eldste døtrene har eg særlege vanskar med å finna ut av:

 

1. Elisabeth Benedicte Hansdotter Lem, fødd i Bergen 5.1.1807, var i 1865 "rentenistinde" i Bergen, men eg finn ho ikkje i 1875. Ho skal vera avlidi 30.11.1883, men er ikkje å sjå i Bergen!

 

2. Anna Stoltenberg Hansdotter Lem, fødd i Bergen 29.2.1808, skal vera avlidi 13.4.1840, men er heller ikkje å sjå i Bergen.

 

3. Maria Severine Hansdotter Lem, fødd i Bergen 2.8.1812, var i 1865 "lærerinde" busett på Skullerud i Aker. Ho skal vera avlidi i 1873, dato og stad ukjende.

 

Om nokon greier å løysa desse flokene for meg, ville eg vera svært so takksam!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for dødsfallet hennar Anna Stoltenberg Lem, den av dei tre som eg tenkte ville verta den vanskelegaste å finna... So spørst det om dei andre to let seg gjera å finna...?

 

Eg er takksam for alle tips....

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Den delen av manuskriptet mitt som omfattar Lem-ætti, skal snart til prenting, og framleis står eg heilt utan spor når det gjeld detaljerte opplysningar om dødsfalli til dei to søstrene:

 

* Elisabeth Benedicte Lem, som døydde 30.11.1883, men KVAR? - kan henda på "strilelandet" utanfor Bergen - eller nær Christiania?

 

* Marie Severine Lem, som døydde i 1873, dato og stad? - kan henda på Skullerud i Aker - eller ein annan stad nær Christiania?

 

Det ville vera svært so gildt om eg fekk svar på desse spørsmåli!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Denne E.B.L.?

 

Kvindekj. nr. 9

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hauge i Lærdal, Ministerialbok nr. D 1 (1878-1908), Døde og begravede 1882-1884, side 185.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2066&idx_id=2066&uid=ny&idx_side=-129

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050811010948.jpg

 

Funnet i Delgobes samlinger.

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/43519/173/?size=gigant&mode=0

 

Har han 15/11 1872 på Marie Severine? Og Kristiania (Xa) som sted??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Marie Severine Lem døde i Kristiania 25.11.1872, Domkirken/Vår Frelsers menighet:

 

Kjeldeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Domkirke / Vår Frelsers menighet, Ministerialbok nr. 26 (1867-1884), Døde og gravlagde 1872, side 93.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=665&idx_id=665&uid=ny&idx_side=-97

Permanent biletlenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060215020616.jpg

 

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Noen studier av Delgobe-kråketaer seinere: Det står ikke 15, men 25.

 

Denne passer (lengst ned t.v.):

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll A 8 , 1870-1874, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25423/157/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081219320157.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har knapt nok ord...; hjarteleg takk til Vibeke og Randi for kjempeflotte opplysningar! Då har me alle søstrene kartlagde, og eg er berre heilt nøgd! Problemet er altso løyst! Brukarforum er heilt topp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×