Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Gloppen SF 1783 - Anne Jakobsdtr Fitjeøyra, kven er ho?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Det ergrar meg når eg slit med å identifisere innbyggjarar i bygda ;-)

 

Skiftet etter Anne Jakobsdtr i 1783 viser at ho etterlet seg enkjemannen Anders Rasmusson Elvebakken - han er grei, han veit eg "alt" om - og blir arva av to brordøtre, nemleg Anne Lisbet Andersdtr, gift med Nils Honningsvåg, og Marte Andersdtr, enkje og busett i Bergen.

 

Dette burde vere nok til å finne ut bakgrunnen til Anne Jakobsdtr (som er gift i Gloppen i 1750 utan anna enn patronym) - men eg står heilt fast!

 

Er det nokon som har lyst til å hjelpe?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Lysten er nok tilstede, men det skorter kanskje på evnen.

 

Lenken din virker ikke, kanskje du skal lime lenken direkte inn i innlegget ditt. Dersom Anne Lisbeth og Marthe Andersdøtre er hennes brordøtre, så må hun altså hatt en bror som het Anders Jacobsen. Vet du noe om hvor gammel hun var da hun døde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No har eg reparert lenka - der var to teikn som hadde ramla ut. Ved dødsfallet er ho registrert som 83 år gammal, erfaringsmessig er det rikeleg. Mannen Anders var fødd i 1712.

 

Og ja, rimelegvis har broren heitt Anders Jakobson, om dei då ikkje var halvsysken med same mor..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

Dette skulle vel være en aktuell kandidat:

 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5b , 1713-1715, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 285-560. Register bak i protokollen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24222/156/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127700668.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for tipset, Tor - eg har avskrive denne før, men skal ta ei ny runde for å vere sikker:

 

Anne Jakobsdtr Føleide gifte seg med enkjemannen Hans Jonson (Gloppestad) på Vambeset i 1730. Ekteskapet var barnlaust, så det kan sjå lovande ut så langt. Men Hans døydde ikkje før i 1754 - 4 år etter at ekteskapet på Fitje vart inngått, så der har vi eit problem.

 

Ved sin død i 1783 burde Anne dessutan også bli arva av borna til systera Marte - ho skal ha opptil fleire som er i live på det tidspunktet.

 

Så eg trur eg må sjå bort frå denne likevel, sjølv om eg ikkje veit når ho døydde, og ikkje veit kvar det vart av broren Anders etter 1725 - dersom ikkje Anne Jakobsdtr Føleide dreiv med bigami er ho nok uaktuell. Brura er dessutan Pige i 1750 - men hjerteleg takk uansett!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No har eg funne ein ny kandidat, på Alme i Gloppen. Jakob Andersson Nybø og Lisbet Rasmusdtr Kvile gifter seg i 1701, og eg har registrer 3 born etter dei på Alme: Kari, 1702, død 1770, eitt barn Lisbet fødd og død 1745. Anne, f.1703 (bygdeboka kallar henne Jakob) og Anders, f. 1706 - desse to har eg ikkje noko på. Jakob Andersson døyr 1707 og Lisbet Rasmusdtr i 1719, men det er ikkje skifte etter nokon av dei.

 

Studerer -

 

Anne Jakobsdtr Alme som det er skifte etter i 1746 er ei heilt anna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Michael Moum
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for innspel - men dessverre, Frøystad og Hyenes er lokaliserte og uaktuelle. Anne Jakobsdtr som går til alters i 1740 kan eg ikkje seie noko sikkert om - eg trur ho er knytt til Devik, ikkje til Apalset, men uansett - eg veit ikkje sikkert kven ho er, så denne KAN vere aktuell, sjølv om ho ikkje fører meg noko vidare.

 

Eg trur nok dette kan bli vanskeleg. Dersom det er syskenparet Anne 1703 og Anders 1706 er skal ha tak i, så er dei foreldrelause i 1719 (ingen skifte) - og heller ikkje einaste syster Kari er det skifte etter ved død i 1770. Hennar dotter Lisbet er døypt i 1745 utan aktuelle fadrar..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No skal eg drive litt høgt-tenking her. Eg startar i "motsett ende" - dersom arvingen Anne Lisbet Andersdtr i skiftet er gift med Nils Honningsvåg (som eg ikkje har greidd å plassere) tenkjer eg at vi skal vestover til Selje for å finne faren Anders Jakobson og. Eg søkjer derfor i dei døypte i Sogn og Fjordane etter eit barn som heiter Marte (eg startar med henne fordi det er eit enklare namn å søkje på) med far Anders Jakobson, og finn ei i 1754 med foreldre Anders Jakobson og Anne Nilsdtr Flatraket.

 

Eg finn fleire born etter dette paret:

 

2 stk Sara, 1748 og 1750

Jakob 1751

Marte 1754

Anne 1762 altså ikkje Anne Lisbet

 

Eg finn også ekteskapet i 1747, mellom Anders Jakobson Flatraket og Anne Nilsdtr - ingen andre opplysningar.

Det er skifte etter Anne Nilsdtr Flatraket i 1766 - arvingane der er Jakob, 14 år, Marte 11 år, og Anne 4 år. Sara nr 2 er dermed også død. Far deira er formyndar.

 

Familien er framleis aktuell, så eg får arbeide vidare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dersom denne familien på Flatraket skal vere identiske med arvingane etter Anne Jakobdtr Fitje må følgjande ha skjedd i perioden 1766-1783: Anders Jakobson må vere død, 60-77 år gammal. Sonen Jakob Andersson må vere død, 15-32 år gammal. Marte må ha flytta til Bergen og gifta seg (eller motsett rekkjefølgje) og vere blitt enkje før 29 års alder. Anne må vere blitt gift med "Nils Honningsvåg" før ho er 21 år.

 

Leitar -

 

- finn ein Jakob Andersson Halsør som døyr i 1795, angiveleg 44 år - fødselsår ca 1751; det likte eg ikkje heilt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×