Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Jens Olson Nygaard (1792-1844) på Lærdalsøyri i Lærdal - kvar vart det av borni Ole og Jørgina? - Bø i Vesterålen eller Fresvik i Sogn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jens Olson Nygaard frå Nygard i Hafslo (Luster) (1792-1844) var gift med Mildrid Nilsdotter frå Hatlelid i Fresvik (Leikanger) (1806-1853) og budde som strandsitjarar på Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal. Dei fekk fire born i lag:

 

a. Anna Jensdotter Nygaard, fødd i Hafslo 6.11.1834, flytte med foreldri til Lærdal i 1837 og i 1861 vidare til Bø i Vesterålen der ho døydde som enkje og innerst på Ripe 26.3.1914. Anna gifte seg i Bø 12.7.1863 med Jens Hansson, fødd på Finnøy i Hammarøy 10.5.1819. Han døydde som innerst på Lilleøya i Bø 12.6.1869. Jens og Anna budde som innerstfolk eller strandsitjarar på Lilleøya i Bø, men som enkje tente Anna ulike stader i Bø, mellom anna på Maursund og på Fjærvold. Dei fekk fire born i lag, men Anna fekk òg ein son etter ho vart enkje.

 

b. Jørgina Jensdotter Nygaard, fødd i Lærdal 16.1.1840, døydde i Lærdal 5.6.1840.

 

c. Ole Jensson Nygaard, fødd i Lærdal 14.5.1841,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - 1875: ugift tilreisande fiskar på Fjervold i Bø (der søsteri Anna då budde) - kva so??)

 

d. Jørgina Jensdotter Nygaard, fødd i Lærdal 22.5.1843, flytte i 1865 til Fresvik i Leikanger og

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – busett på Skau i Fresvik!?)

 

Eg veit ikkje om det i det heile let seg gjera å plassera desse to yngste søskeni i denne huslyden, men ein eller annan stad må dei jo vera hamna...? Eg finn dei ikkje, so no vonar eg at kanskje andre auge har betre syn enn mine?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Odd Lange
Lars Østensen

# 6

 

Sitat fra Sortland 3:

 

"Ole Jenssen (1838-1909), Lærdal/SF. Far Jens Mjelde. Gift 1891 i Hadsel med Jonetta Olsdtr (1840-1892), født i Øksnes."

 

Denne Ole har et giftemål til, men tar ikke dette med siden han synes å ha feil far i forhold til tema.

 

Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eit heilt anna problem - men postboksen din er full, Lars, så eg får ikkje sendt deg melding; kan du sjå på mitt tema om Abraham Kristianson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J., Lars Ø., Carsten og Odd for spennande og nyttige innlegg!

 

Jørgina er nok ho som døydde i Bergen i 1867, ingen tviol om det.

 

Men når det gjeld Ole Jensson, er eg like uviss. Eg har vore i kontakt med Johan Borgos, men han meiner at det er Ole Jensson Mjelde som er nemnt i folketeljingane i Nordland, ogso i Bø i 1875(?, sjølv om eg framleis set spørsmål ved dette, særleg ved FT1875. Her er kva han skriv:

 

"Hei!

 

"Min" Ole Jenssen ser ut til å være den samme som din. Da han gifta seg som enkemann i 1894 med enka Anna Oline Jensdtr, oppga han å være 56 år gammel og født i Lærdal av far Jens Tomassen. Etter vidselen flytta paret til Hadsel.

 

Johan"

 

So..., back to square #1?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Østensen

Jeg reagerer på at de skulle brukte Jens og ikke Ole som patronymikon. Er du sikker på at de ikke brukte Olsen/Olsdatter?

 

"Ole Jensson Nygaard frå Nygard i Hafslo (Luster) (1792-1844) ...."

 

På den annen side bruker du jo Jens Olson i overskriften.... Hva er korrekt?

 

Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars Ø. for ny kommentar, som gjorde at eg oppdaga ein fundamental feilskrift frå mi side! Faren heitte sjølvsagt JENS OLSON NYGAARD og ikkje Ole Jensson! Eg seier meg lei for dette, men no har eg retta det opp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.