Gå til innhold
Arkivverket
Rune Thorstensen

Henrikke Pedersdtr. Røttingen Os, Hordaland. Foreldre, født-død?

Recommended Posts

Rune Thorstensen

Henrikke Pedersdtr. Røttingen giftet seg i Os 10,07,1830 med Helje Nielsen Ferstad(Farstad) Han var født i 1807 som sønn av Niels Jacobsen og Karen Heljesdtr.. I 1865 er Helje gift på nytt med den 17 år eldre Engeborg Andersdtr.

 

Henrikke må altså ha død en gang mellom 1832 og 1843 da Helje gifte seg på nytt.

 

Men hvem var foreldrene til Henrikke, og når var hun født?

 

Ved vielsen i 1830 er faren bare oppført som Peder og ingen alder på bruden. Kanskje noen kjenner til denne familien, eller har Bygdebok for Os i Hordaland for hånden og kan sjekke gården Røttingen

 

De fikk disse barna sammen mellom 1830-1842.

 

Kari 26.09.1830

 

Christoffer 07.10.1832

 

Ingeborg 24.10.1835

 

Kari 02.09.1838

 

Johannes 17.10.1841

 

Jeg fant hun død i kirkeboka 27.11.1842, 32 år gammel. Imidlertid blir hun konfirmert i Os 26.10.1823, da er hun 15 år. Far er kun oppført som Peder Røtting. Da er det snakk om fødselsår rundt 1808/09 og det var selvsagt i den perioden hvor presten i Os var mer opptatt av altervin enn føring av kirkebøker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Nils Tveit: Ossoga II (Bergen 1938):

 

Røttingen 8. (Bruarøy), s. 418-419:

 

”Peder Olson Øpstad frå Fusa, f. ikr. 1762, festa eit jordstykke på Bruarøy i 1802 og bygde og busette seg her. I 1795 var han busett på Fusa og i 1798 kom han til Sundøy, der han dreiv som fiskar og gjekk på leigearbeid. G. 1795 med Anna Anders dtr. Sævareid, f. p. Boga i Fusa 1758. Born: Anders, f. 1804, g. 1822 Brita Ingebrigts dtr. Vågen frå Strandvik, Henrikka, f. 1809, s. n. Ei gjenta døydde i koppeåret 1803. Peder var fiskar og sat sverande smått i det. Han døydde i 1819.

 

Ekkja Anna Anders dtr. hadde so plassen radt til 1830. Ho døydde i 1839.

 

Helje Nilsson Ferstad, f. 1807, gifta seg med Henrikka Pedersdtr Bruarøy i 1830 og festa bruket etter vermor si. I 1833 flutte han attende til Ferstad og fekk farsbruket Vasshaugen, der han vart buande, s. Ferstad 7.”

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Sjå også utdrag frå denne tråden her i dette fora, der eg svara ein anna kar som òg granska den same slekta, han var interessert i opphavet til sonen NIls:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/176371-os-i-midthordland/#entry1504382

 

Eg nemner konkret Henrikke Pedersdotter sitt opphav i dette innlegget:

 

"Terje Hatvik - Os i Hordaland skrev 12 February 2012 - 01:29:

 

Bakaren Nils Kristoffersen Færstad var fødd på husmannsplassen Vasshaugen under garden Ferstad i Os i 1872; alderen i FT 1900 er feil, jfr. her FT 1910 for Askøy. Han vart fødd 3. oktober og døypt 10. november 1872 i Os kyrkje, sjå post # 90 her:

 

http://www.arkivverk...%25F0%2509%25F4

 

Nils Kristoffersen sine foreldre var Kristoffer Heljesen Ferstad (1832 - 1918) og kona Anna Torsteinsdtr. ytre Lekven (1838 - 1915), begge to fødde og døde i Os.

 

Kristoffer sine foreldre var Helje Nilsson Ferstad (1807 - 1881) og kona Henrikke Pedersdtr. Røttingen (1809 - 1842), - begge f. og d. i Os. Anna sine foreldre var Torstein Nilsson ytre Lekven, f. Moberg (1804 - 1887) og kona Guro Knutsdtr. ytre Lekven (1817 - 1896), - begge f. og d. i Os.

 

I bygdesoga for Os (i band III) finn vi då dette om den nemnte Kristoffer Ferstad og huslyden hans:

 

"Kristoffer Heljeson Ferstad, f. 1832, bygsla farsbruket sitt i 1866. G.1860 med Anna Torsteinsdtr. ytre Lekven, f. 1838.

Born:

 

Henrikka, f. 1860, g.1883 Bertel Abrahamson Lunden, s. Osøyri 29. Henrikka d. 1933.

 

Ingeborg, f. 1862, g.1892 Anders Nilsson Klyva, s. Bø 11. Ingeborg d. 1936.

 

Johanna, f. 1864, g.1894 Stein Johannes Olson Bøtræ, s. Bø 9. (Johanna d. 1956.)

 

Anna Kristine, f. 1865, d. ug 1915.

 

Tilla Gurine, f. 1870, g.1894 Lars Engjelson indre Haugland, s. i. Haugland 2. (Tilla d. 1957.)

 

Nils, f. 1872. (- Her har nok forfattaren av bygdeboka mangla opplysningar).

 

Helge, f. 1876, i Amerika, b. Sud Dakota.

 

Torstein, f. 1879, i Amerika, b. Montana.

 

Johannes Olai, f. 1881, (d. ug 1980).

 

Sjur, f. 1885, g.1907 Gjertina Johannessen frå Hordabø, s. y. Haugland 16. Sjur d. 1910.

 

Kristoffer hadde farty og dreiv med føring av murstein o.a. Han døydde i 1918 og kona i 1915."

 

Og som vi ser av FT 1910 for Os så var unge Jenny ei tid tenestejente hos farmor og farfar på Ferstad.

 

Som ovanfor nemnt var Nils Kristofferson Ferstad sine besteforeldre osingar, dvs. busette i Os sokn/ Os kommune. Eg tar med litt meir om slekta hans bakover. Dette er då henta frå gards- og ættesoga for Os, band II og III i Os-soga, skriven av osingen Nils Tveit:

 

Nils sin farfar var, som som eg skreiv, husmannen og fiskaren Helje Nilsson Ferstad (1807 - 1881), husmann på plassen Vasshaugen under Ferstad frå og med 1833. Helje var son av fiskar og husmann Nils Jakobson Ferstad (1768 - 1848); og kona hans, som heitte Kari Heljesdtr. Klyva (1767 - 1834).

 

Helje si kona (Nils si farmor) var Henrikke Pedersdtr. Røttingen (1809 - 1842). Dei vart gifte i 1830. Og frå 1830 til 1833 dreiv dei ein husmannsplass på Bruarøy under Røttingen før dei i 1833 flytta til Ferstad, der Helje overtok farsbruket sitt, Vasshaugen. Henrikke sine foreldre var fiskaren Peder Olson Øpstad frå Øpstad i Fusa (ca. 1762 - 1819); og kona hans, Anna Andersdtr. Sævareid frå Strandvik (Fusa), men f. på Boga i Fusa (ca. 1758 - 1839) NB! året 1758 kan vera feil for 1768..

 

Nils sin morfar var - som før nemnt - gardbrukar og fiskar Torstein ytre Lekven, f. Moberg (1804 - 1887). Torstein gifte seg til gard på ytre Lekven i 1831 og hadde eigen fiskebåt i tillegg til garden. Torstein var son av gardbrukaren og fiskaren Nils Jørgenson ytre Moberg (1768 - 1824); og kona hans, som var Guro Torsteinsdtr. Kaland frå Fana (ca. 1769 - 1856).

 

Torstein si kona (Nils si mormor) var Guro Knutsdtr. ytre Lekven (1817 - 1896). Guro gifte seg med enkjemannen Torstein i 1837, og ho vart då den andre kona hans. Hennar foreldre var gardbrukar og fiskar Knut Olson ytre Lekven, f. på Tombra i Hålandsdalen (Fusa), men oppfostra på Lekven i Os (1788 - 1853); og den første kona hans, som då var Ragnhild Kristensdtr. Eide (1790 - 1830).

 

Som ein ser var fire av Nils Kristofferson Ferstad sine oldeforeldre frå Os, tre var frå Fusa (inkl. Strandvik og Hålandsdalen), og ei oldemor kom frå Fana. "

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dødsfallet til Peder Olsen i 1819 - 57 år gammel:

 

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 12 (1816-1825), Døde og begravede 1820, side 101.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11623&idx_id=11623&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-8

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514670981.jpg

 

Trolovelsen mellom Peder og Anna i 1795 (se venstre side):

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 11 (1789-1815), Kronologisk liste 1795, side 46.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11622&idx_id=11622&idx_listetype=kr&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-48

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514670731.jpg

 

Her vil jeg anta at vi finner Peder Olsen på Sundøy i 1801, men kona heter Martha og ikke Anna (antakelig feil i folketellingen):

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=f1801&gardpostnr=35949&personpostnr=523801&merk=523801#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Dødsfallet til Peder Olsen i 1819 - 57 år gammel:

 

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 12 (1816-1825), Døde og begravede 1820, side 101.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11623&idx_id=11623&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-8

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70514670981.jpg

 

Trolovelsen mellom Peder og Anna i 1795 (se venstre side):

Hordaland fylke, Os, Ministerialbok nr. A 11 (1789-1815), Kronologisk liste 1795, side 46.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11622&idx_id=11622&idx_listetype=kr&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-48

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70514670731.jpg

 

Her vil jeg anta at vi finner Peder Olsen på Sundøy i 1801, men kona heter Martha og ikke Anna (antakelig feil i folketellingen):

http://digitalarkive...erk=523801#ovre

 

 

... I den lenka til trolovelsen som du la ved i siste innlegget ditt er då vitterleg 'den vordende brud' oppført som 'pigen Martha Andersdtr. Sæverejde'. Mannen er 'uk Peder Olsen Øfstad'. Og då er det nok forfattaren av bygdeboka som har bomma på førenamnet, ikkje han eller dei som føretok folketeljinga i Ous prestegjeld i 1801 :)

 

Og, uansett om ho heitte Martha eller Anna, så er eg (som vist) i innlegget mitt ovanfor _i tvil_ om ho verkeleg var i sitt 51. år då Henrikke - som det siste barnet - vert fødd. Ja, eg veit jo at det går an ... for enkelte. Men heilt vanleg er det likevel ikkje. Difor lurte eg på om Henrikke si mor kanskje er ti år yngre enn det som står i bygdesoga for Os? Altså at fødselsåret 1758 kan ha blitt til 1768? Men på den andre sida så vil jo FT 1801 ha det til at Martha/ Anna er seks år eldre enn mannen Peder, så då veit eg ikkje ....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Til # 1:

 

Den første dottera til Helje Nilsson og Henrikke Pedersdotter, Kari Heljesdtr. d. 14 uger gml. på Røttingen i Os. Dødsdato er 19. desember, og ho vert gravlagt den '26. Dec. 1830'; sjå post # 71:

 

http://www.arkivverk...B5%00%D26%0A%1F

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hjertelig takk til Grethe og Terje for innholdsrike og interessante innlegg. Da setter jeg fødselsåret til 1808 på Henrikke. Den dåpen ble nok aldri innført i kirkeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jeg finner Jensine Karoline Færstad død i Bergen 15.01.1960, men jeg finner ikke dødsfallet til Nils. Er det noen som vet når han døde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Husband: Nils Christoffersen Færstad

 

Born: 1876 at: Os, HO Married: at: Died: 27 DEC 1927 at: Haukeland sykehus, Bergen

http://www.google.no...BpVPVSH_JmNNFoA

 

Døde i Bergen 1912-1972 Christoffersen Nils Des 27 1927

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=bedo1912&gardpostnr=2432&merk=2432#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk for opplysningene Ann-Mary.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Til innlegga # 9 og 10:

 

... Og den samme Nils Christoffersen Færstad var som nemnt fødd den 03. oktober 1872 i Os, jamfør innlegg # 3 her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk igjen Terje.

 

Det hadde jeg fått med meg, men jeg klarte i farta ikke å finne dødsfallet. I blant ser man ikke skogen for bare trær og andre ganger ser man ikke skogen for alle trærne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Nei, det skal no godt gjerast å finna den rette balansen mellom skog og trær :)

 

Elles så kan eg jo nemna at Kristoffer Heljeson var paktar på garden Lilleli (Litlelid) i Fusa frå 1863 til 1866, og då hadde han familien sin med seg. Som eg skreiv i innlegg # 3 ovanfor overtok Kristoffer farsbruket sitt på Ferstad i 1866, og då flytta dei tilbake til Os.

 

Det er kanskje av interesse at fleire av borna deira hadde to førenamn. I tillegg til dei eg alt har nemnt begge førenamna på, så var det: - Ingeborg Gurine (f.1862), Johannes Olai (f.1881) og Sjur Martin (f.1885).

Men Henrikka, Johanna, Nils, Helge og Thorstein hadde berre eitt førenamn i følgje kyrkjebøkene. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk igjen Terje for fin og interessant utfyllende informasjon. Jeg setter stor pris på det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Brørne Helge og Torstein Ferstad utvandra i lag frå Bergen til USA den 8. mars 1901:

 

http://digitalarkive...merk=42869#ovre

 

Helge var då handelsbetjent og T(h)orstein var murar, jamfør her FT 1900 for Os. Seinare vart begge to farmarar i kvar sin præriestat, sjå nedanfor. Brørne frå Vasshaugen på Ferstad i Os reiste først over til tre av mora (Anna Torsteinsdtr. Lekven) sine _søsken_; nemleg Kari og Olina Torsteinsdøtre og Hans Torsteinson Lekven. Desse tre siste hadde utvandra i høvesvis 1880 og 1882 og alle hadde slått seg ned i staten Iowa. Eg siterer vidare frå bygdesoga for Os (band II):

 

"Brørne Helge Kristofferson Ferstad (Vasshaugen), f.1876, og Torstein Kristofferson, f.1879; reiste til A(merika) i 1901. Dei tok, likeins som mange andre, fyrst vegen til den gamle farmen Lequin i Iowa, som den fyrste utvandraren frå Os, Knut Lekven, bygde (...) Dei vart sidan farmarar, Helge i Sud Dakota og Torstein i Montana. Torstein tok ein snøggtur heim i 1909."

 

Når det gjeld yrkesvalet til dei tre Ferstad-brørne deira som blei verande igjen i gamlelandet, så blei eldstemann Nils bakar i Bergen medan dei to yngste - Johannes og Sjur - dreiv handel i Os.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Nok en gang takk Terje for svært interessante tilleggsopplysninger.

Ha en strålende dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Eg viser til innlegg # 2 her, der Grethe siterer bygdesoga for Os som hevdar at kona til husmannen og fiskaren Peder Olson heitte _Anna_. Men, som Grethe fann ut, heiter samme dame _Martha_ i FT 1801 for Os. Dei heldt først til på Sundøy, sidan på plassen Bruarøy under Røttingen i Os. Etter det fann eg ut heiter ho 'Martha' då ho vert forlova med Peder i 1795. Og då ho melder overgang til det hinsidige den 25. Oktober i 1839, så er førenamnet hennar i kyrkjeboka for Os _Martha_, altså 'Martha Andersd. Bruerøen'. Alderen hennar er då oppgjeven til '80 aar', dvs. fødd om lag 1759.

 

Borneborna hennar på Ferstad vandrar ut av tiden desse datoane- og åra (dåpsdatoar- og år er oppgjeve i innlegg # 1 her):

 

Kristoffer Heljeson Ferstad, d. 18. Juni 1918 på Ferstad i Os. Fødd 02. Oktober 1832 på Bruarøy i Os. Enkjemann etter Anna Torsteinsdtr. Lekven (1839 - 1915); fiskar, husmann og frakteskippar. Gifte 1860, dei fekk ti (elleve) born.

 

Ingeborg _Oline_ (!) Helgesdtr. Sundøen, d. 17. Mai 1913 i Kippervik i Fana. Fødd 21. Oktober 1835 på Bruarøy i Os. Ingeborg var enkje etter Lars Nilsen Lepsøy (1829 - 1901), sjømann og skomakar, b. Sundøy i Os. Gifte 1862, dei fekk tre born.

 

Kari Heljesdtr. Geiterøen, d. 12. Mars 1925 på Geitarøy i Os. Fødd 28. August 1838 på Ferstad i Os. Ho var enkje etter Nils Johan Nilson Geiterøen (1837 - 1919) fiskar og treskomakar, b. på plassen Geitarøy under Lepsøy i Os. Gifte 1866, dei fekk fem born.

 

Johannes Heljeson Ferstad, d. 1864 (dato ukjend) i Brønnøysund i Nordland. Bygdesoga fortel at Johannes drukna der, mest truleg i samband med fiske. Fødd 08. Oktober 1841 på Ferstad i Os. Johannes var ugift og etterlet seg ingen born.

Endret av Terje Hatvik - Os i Hordaland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Nok en gang hjertelig takk Terje for et interessant og oversiktlig innlegg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Eit lite post scriptum:

 

Eg slumpa nettopp til å finna endå eit barn av Kristoffer Heljeson og Anna Torsteinsdtr. på Ferstad i Os. Det var ei jente som berre vart knapt 3 månader gamal, "Ragnhild Martine, ægte datter af Christopher Helgesen Færstad, huusmand"; f. den 12. februar 1875, d. den 08. mai 1875.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=gigant&info=ingen&hode=nei&show=221&uid=243210&js=j

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk igjen for et nytt flott bidrag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.