Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

Aamund Jonson f. 1735 på Skinlo, Breim

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg søkjer opplysningar om Amund Jonson f. 1735 på Skinlo, Breim i Gloppen

Foreldrene var Jon Jakobson og Marthe Aamundsdtr. f. Fossheim.

 

Her er Amund døypt 12. Juni 1835 nederst på side 358

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 2 (1712-1735), Kronologisk liste 1735, side 358-359.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-182

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228290628.jpg

 

I skiftet etter faren 1764 får vi vite at han budde ved Bergen og i 1791 var han død og etterlet seg 5 barn i live.

 

Nokon som kan hjelpe meg med kvar i nærleiken av Bergen Amund var busett ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg lurer på om dette skiftet etter Amund Joensen på Laksevaagneset i 1791 s. 618 kan være ein god kandidat.

Ser at enkja til denne Amund heiter Johanna Michelsdtr. og det eg merkar meg er at andre sonen Michel har som verge fått ein Gabriel Aamundsen ( Nygaard ?)

-Kan denne Gabriel være Amund Jonson sin morbror Gabriel Aamundson f. 1724 på Fossheim i Breim som Gloppen bygdebok ikkje fortel noko om kvar det vart av ?)

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Fol. 498-ut.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24080/122/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...81114720631.jpg

 

 

Innegget er redigert

- Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Finn paret Amund Jonsen Nyegaard og Johanne Michelsdtr. Nyegaard vigde i Askøy 1769, men om dette paret er dei eg leitar etter er noko anna. Håpar nokon kan bekrefte eller avkrefte dette.

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Ekteviede 1769-1773, side 265.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8601&idx_id=8601&uid=ny&idx_side=-260

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70319640688.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har ikkje noko på desse, og følgjer interessert med frå sidelinja.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg finn ikkje dødsfallet til Amund Jonsen innført i kyrkjeboka for Askøy 1790/1791, men eg har funne Gabriel Aamundsen då han gifte seg til garden Nygård i Askøy.

Han gifte seg 1.1.1855 i Askøy med enkja Birthe Bentzdatter Nyegaard.

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Ekteviede 1754-1756, side 259.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8601&idx_id=8601&uid=ny&idx_side=-254

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640682.jpg

 

Etter det eg kan forstå vart dei trulova i Bergen 31. november 1754

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Men det var det å finne ut kven Gabriel Aamundsen er då. No veit eg ikkje kvar eg skal leite.

Trulovingar i Bergen finn eg ikkje noko oversikt over på den tida heller.

 

For å summere skiftet etter Aamund Jonsen på Laksevaagneset i 1791 sine arvingar har vi:

Enka Johanne Michelsdtr.

Og følgande seks barn:

1. Jon Aamundsen, 23 år med formyndar Ole Olsen Hollen

2. Michel Aamundsen, 18 år med formyndar Gabriel Aamundsen Nyegaard

3. Lars Aamundsen, 14 år med formyndar Erich Andersen Nedre Fyllingen

4. Anders Aamundsen, 8 1/2 år med formyndar Ingebrigt Andersen Nedre Fyllingen

5. Marthe Aamundsdtr., 10 1/4 år med formyndar Erich Andersen Nedre Fyllingen

6. Maria Aamundsdtr., 7 år med formyndar Ingebrigt Andersen Nedre Fyllingen

 

Om desse formyndarane er slektningar av nokon av foreldra er det vel helst truleg med mora, men dersom nokon skulle kjenne att namna med tilknytning til Breim er det bare å seie frå.

 

Ikkje er der kravshavarar i buet heller som kan knyttast til Breim/Breimsfolk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Får ta med skiftet etter Gabriel Aamundsen Nygaard og då halde 14. mars 1794

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 8b , 1790-1794, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Fol. 498-ut.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24080/424/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081114720939.jpg

 

Her er det enkja Ingebor Chrispinusdtr.

Barna:

1. Aamund Gabrielsen Nyegaard, fullmyndig og tilstede

2. Agaatha Gabrielsdtr., gift med Mons Johannessen Nyegaardsvigen

 

Krispinus er vel eit namn som er brukt både i Jølster og Breim så kan ho være Jølstring/Breimning ?

Nokon som har ei Ingeborg Krispinusdtr med ei mor som heiter Aagot/Agaathe som kan være kandidat.

Dette vert sjølvsagt bare spekulasjonar eg kastar ut, men kan kansje være verdt å ha i mente.

 

Får sjå om eg finn vigsla til Gabriel og Ingeborg nokon stad og då....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

15 desember 1793 finn eg Gabriel Aamundsen Nyegard gravlagd i Askøy - 71 år gamal

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Døde og begravede 1793-1798, side 159.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8601&idx_id=8601&uid=ny&idx_side=-153

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640580.jpg

 

Alderen stemmer forbløffande godt med "min" Gabriel Aamundsen som er fødd 1724 på Fossheim, Breim :)

Men så var det dette med beviset igjen då, det er jo aldri nok med bare indisier.

Ja dette vart ein diskusjom med meg sjølv ser eg.... men greit å ha både det ein finn og teoriar ein gjer seg samla i ein tråd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Du diskuterer med ein vetig mann då, Harald. Høgttenking er interessant; eg skal sjå om eg finn noko i basen min som passar - i løpet av kvelden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har snoka litt rundt på Nygård og Fyllingen i 1801, og finn straks noko interessant. Erik og Ingebrigt Andersson Fyllingen er mest truleg brør - truleg også Lars som er "loddebruger" hos krøplingen Erik, og kanskje med tilknyting til Breim dei og? Ei Pernille Pedersdtr Myklebust f.1752 forsvinn frå Breim etter konfirmasjonen - passar svært bra som kone til Erik.

 

Ho er i live ved skifte etter mora i 1780. Mora vart enkje før Pernille vart fødd, og ho gifta seg att med Krispinus Knutson Veitebergbakke, som gifta seg i 1781 med Johanne Andersdtr Myklebust, og begge forsvinn frå Gloppen.

 

No er det eg som tenkjer høgt her, om vi kjem til ein konklusjon veit vi ikkje, men til puslespel treng ein brikker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Sjå der ja! :)

Det var nettopp noko slikt eg hadde håpa på å sjå - at nokon hadde fleire trådar som KAN knyttast mellom desse folka og Breim.

Enn om ein finn bevis for at Aamund og Gabriel var Breimningar nokon stad. Og dukkar det opp endå fleire frå området som til no har hatt eit ukjent livsløp er det kjempeflott!

Takk for den Aase!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, no har eg redigert innlegget medan du skreiv, så du får lese det ein gong til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Du diskuterer med ein vetig mann då, Harald. Høgttenking er interessant; eg skal sjå om eg finn noko i basen min som passar - i løpet av kvelden.

 

Hehe ... skal vise det fram til mine næraste - no har eg det skriftleg!!!! :D :rolleyes:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg har snoka litt rundt på Nygård og Fyllingen i 1801, og finn straks noko interessant. Erik og Ingebrigt Andersson Fyllingen er mest truleg brør - truleg også Lars som er "loddebruger" hos krøplingen Erik, og kanskje med tilknyting til Breim dei og? Ei Pernille Pedersdtr Myklebust f.1752 forsvinn frå Breim etter konfirmasjonen - passar svært bra som kone til Erik.

 

Ho er i live ved skifte etter mora i 1780. Mora vart enkje før Pernille vart fødd, og ho gifta seg att med Krispinus Knutson Veitebergbakke, som gifta seg i 1781 med Johanne Andersdtr Myklebust, og begge forsvinn frå Gloppen.

 

No er det eg som tenkjer høgt her, om vi kjem til ein konklusjon veit vi ikkje, men til puslespel treng ein brikker.

 

So kan ein spørje seg om kansje Ingeborg Krispinusdtr. som er gift med Gabriel Aamundsen har noko tilknytting til Krispinus Knutson Veitebergsbakke ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, det er ein tanke. Dei tre eventuelle brørne Erik, Ingebrigt og Lars har eg ikkje funne kandidatar til i Breim, men det kan ligge ein generasjon bak - far deira kan t.d. vere breimning? Eg får sjå kva Andersar eg manglar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Her har eg ferten av noko.

 

Anders Ingebrigtson Myklebust gifter seg med Marte Eriksdtr Klakegg, får barnet Anne i 1748 og forsvinn frå Gloppen. I skfitet etter faren i 1752 står det at han er på Hop ved Bergen...

 

Men no hamnar vi vel på viddene i forhold til Amund Jonson, men eg håpar du tilgjev det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ingebrigt i 1759 - her trur eg snart vi kan setje to strekar under svaret.

 

Blant fadrane finn vi Johannes Brynjelson - eg manglar ein frå Kandal som forsvinn etter konfirmasjonen i 1745...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Kjempeflott Aase!

Idag er eg godt nøgd med søndagsarbeidet vi har gjort! :D

 

Attpå til ser det ut frå bygdeboka at Johannes Brynjelson er bror til Lisbet B. gift på Skinlo med enkjemannen Jon Jakobson, far til Aamund Jonson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, eg sit og går gjennom dåpane til Anders og Marte sine born, og eg skal våge mykje på at der finst endå fleire bortkomne breimningar blant fadrane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Men no hamnar vi vel på viddene i forhold til Amund Jonson, men eg håpar du tilgjev det!

 

I så tilfelle er det vel eg som har leia temaet på den vegen, men eg vil ikkje seie vi har hamna på viddene i forhold til Amund Jonson, snarare er det det er ein del av veven som kan føre til eit heilt teppe tilslutt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg har så langt funne 9 born av Anders og Marte - 2 gonger Anne, Erik og Ingebrigt, pluss Anders, Synnøve og Rasmus. Den mulege sonen Lars har eg ikkje funne på Familysearch i alle fall.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Det er flott Aase!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sigmund Sunde

I så tilfelle er det vel eg som har leia temaet på den vegen, men eg vil ikkje seie vi har hamna på viddene i forhold til Amund Jonson, snarare er det det er ein del av veven som kan føre til eit heilt teppe tilslutt.

 

En annen sak, hvor det er mulig at jeg er på viddene - siden det har vært snakk om Nygård, Askøy - gjelder spørsmålet ovenfor (#7) om en Ingeborg Krispinusdtr. med en mor som heter Aagot/Agathe.

 

Jeg finner nemlig en slik Ingeborg på Nygård i Fana (Fana Bygdebok b.4 s. 108).

Hun var datter av Krispinus Ivarsen Befring, f. 1698 og Agata Jakobsdtr. Veiteberg, f. 1705, begge i Jølster.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk Sigmund.

Det kan absolutt være verdet å sjå nærare på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.